Miljødirektoratet

Mykje feil faremerking av kjemikaliar kjøpt på nett

Del

65 prosent av kjemikaliane Miljødirektoratet handla i 23 nettbutikkar hadde feil og manglar ved faremerkinga på etikettane og emballasje.

Bilde av nokre av produkta Miljødirektoratet kjøpte på nett med feil faremerking.
Her er nokre av produkta Miljødirektoratet kjøpte på nett med feil faremerking. Foto: Miljødirektoratet.

Den vanlegaste feilen var at merkinga på etiketten ikkje var på norsk.

– Dårleg eller manglande faremerking og emballering aukar risikoen for at forbrukarar ikkje er klare over farane desse kjemikaliane utgjer for dei – spesielt for barna. Dei som sel slike kjemikaliar har ansvar for å kontrollere faremerkinga og sørgje for lovlege kjemikaliar på marknaden, seier seksjonsleiar Gro Hagen i varetilsynsseksjonen i Miljødirektoratet.

Duftoljer, reingjeringsmiddel, lim, målingsfjernarar og hushaldskjemikaliar er døme på kjemikaliar vi kontrollerte i nettbutikkar som marknadsfører produkta sine på den norske marknaden. Vi kontrollerte 68 kjemikaliar frå 23 ulike nettbutikkar.

Faremerka kjemikaliar  kan vere farleg å svelgje eller få i auga, gi allergisk hudreaksjon og irritere luftvegane.

Mest feil på duftoljer

Om lag  halvparten av dei kontrollerte kjemikaliane var duftoljer. Dei fleste mangla norsk språk på etiketten.

Etiketten skal vere på sida av flaska slik at det skal kunne lesast når flaska står slik ho er tiltenkt. Fleire hadde etikett plassert under flaska. Nokre av duftoljene mangla også etikett på sjølve flaska. 

– Forbrukarar bør vere klare over risikoen dei tek når dei kjøper duftoljer utan rett faremerking, seier Gro Hagen i Miljødirektoratet.

To av duftoljene hadde ueigna emballasje. Det lak innhald ut av behaldaren via korken.

Nettbutikkane manglar fareinformasjon

21 av dei 23 kontrollerte nettbutikkane mangla informasjon i nettbutikken om dei farlege eigenskapane ved kjemikaliane dei sel.

Ein privatperson som kjøper faremerket kjemikaliar i nettbutikkar, skal sjå kva type farar som er angitt på etiketten. Formålet er at forbrukarane skal få tilstrekkeleg informasjon om dei farlege eigenskapane før eit eventuelt kjøp.

Vi halde fram med å kontrollere faremerka kjemikaliar . Det er viktig å understreke at verksemdene må ta ansvar for å kontrollere kjemikaliar og sørgje for at dei har rett faremerking, seier Gro Hagen.

Fakta: Krav til merking av kjemikaliar

  • Kjemikaliar inneheld stoff som har farlege eigenskapar for helse og miljø.
  • Kjemikaliar med farlege eigenskapar skal merkast med ein fareetikett som opplyser om dei farlege eigenskapane og korleis ein skal handtere kjemikalet på ein sikker måte.
  • Utforminga av fareetikken og emballasje hos kjemikaliar er bestemd av forskrift om klassifisering merking og emballering av stoff og stoffblandingar (CLP). CLP er eit felles europeisk regelverk.
  • Produsentar og importørar som sel produkt på den norske marknaden har ansvar for at alle farlege kjemikaliar er riktig merkte og emballerte. I Noreg skal merkinga vere på norsk.
  • CLP stiller også krav til emballasjen for farlege kjemikaliar, mellom anna krav om barnesikra lukking og/eller følbar åtvaringsmerking (åtvaringsmerking for blinde og svaksynte) for nokre kjemikaliar. Dette avheng av korleis dei er klassifiserte eller om dei inneheld bestemde stoff over ein viss konsentrasjon.

Kontakter

Bilder

Bilde av produkt med manglane etikett på indre emballasje. Foto: Miljødirektoratet.
Produkt med manglane etikett på indre emballasje. Foto: Miljødirektoratet.
Foto: Miljødirektoratet.
Last ned bilde
Bilde av produkt med mangelfull faremerking.
Produkt med mangelfull faremerking.
Foto: Miljødirektoratet.
Last ned bilde
Bilde av produkt med dårleg lesbarheit.
Produkt med dårleg lesbarheit.
Foto: Miljødirektoratet.
Last ned bilde
Bilder av puftoljer med helseskadelege kjemikaliar. Alle desse mangla merking på norsk, dei hadde berre tysk tekst.
Duftoljer med helseskadelege kjemikaliar. Alle desse mangla merking på norsk, dei hadde berre tysk tekst.
Foto: Miljødirektoratet.
Last ned bilde
Bilde av nokre av produkta Miljødirektoratet kjøpte på nett med feil faremerking.
Her er nokre av produkta Miljødirektoratet kjøpte på nett med feil faremerking.
Foto: Miljødirektoratet.
Last ned bilde

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye