Høgskulen i Volda

Forskar for mindre synsing om digitale verktøy i skulen

Del

Korleis påverkar skriving på tastatur når seksåringar skal skrive sine første tekstar? Ein ny studie frå Volda-forskarar blir lesen med stor interesse over heile verda.

Peikefingeren til eit skulebarn skriv på eit tastatur. I bakgrunnen ser vi ei kuleramme, og i framgrunnen ligg skrivesaker.
Illustrasjonsbilde av skulebarn som skriv på tastatur. Kittyfly, Shutterstock.com. Illustrasjonsfoto: Kittyfly, Shutterstock.com. Brukt med lisens.

Vil du engasjere foreldre i dag, kan du seie «digitale verktøy» og «førsteklassing» i same setning. Meiningane er mange, men kva effekt har eigentleg tastaturbruk på skriveutviklinga til dei yngste i skulen?

Dette har forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO) og Universitetet i Stavanger (UiS) sett nærmare på gjennom DigiHand-prosjektet, som hovudstudien nyleg er publisert ut frå.

Skreiv to forteljingar til ein teddybjørn

I hovudstudien av 577 førsteklassingar undersøkte forskarane kva innverknad graden av digitalisering har på skrivinga til elevane. Elevane skreiv tekstar for hand og digitalt, og forskarane analyserte korleis barna presterte ut frå kva skriveopplæring dei ulike skulane hadde lagt opp til frå før av.

Alle dei 33 klassane fekk i oppdrag å skrive to forteljingar til den historieglade teddybjørnen Elling - éin tekst på tastatur og éin på papir. Skrivinga gjorde dei ved starten av første klasse og igjen i andre klasse, for å kunne sjå korleis skrivinga til elevane hadde utvikla seg gjennom det første skuleåret.

Lengre med tastatur, meir funksjonelt med blyant

Kva fann så forskarane ut?

Studien viste at elevar i klassar som skriv meir digitalt i skulen, skreiv lengre og meir korrekt stava tekstar når dei tasta digitalt etter første klasse, enn dei som skriv meir for hand. «Dei digitale» har derimot meir problem når dei skal skrive med blyant på papir, for bokstavane deira blei meir ujamne, mangla fleire mellomrom og var meir spegelvende, samanlikna med elevane som skriv meir for hand.

Elevar som skriv meir for hand, skreiv derimot jamnare og meir leselege bokstavar med blyant enn dei som var vande med å skrive digitalt. Såleis viser resultata at det å både skrive for hand og digitalt med tastatur har sine fordelar.

  • Les meir om forsking ved Høgskulen i Volda her.

Beviser at variert øving gjer meister

– Det vi har bevist i studien, er at øving gjer meister i skriveopplæringa, uansett skrivereiskap, seier HVO-professor Wenke Mork Rogne.

Men er ikkje dette litt … sjølvsagt?

– Det blir fort mykje synsing om digitalisering i skulen. Debatten handlar så ofte om kva foreldra, lærarane og andre trur og meiner om å bruke digitale verktøy i skriveopplæringa. Derfor er det viktig at vi forskarar faktisk undersøkjer problemstillingane på ein vitskapleg og kvalitetssikra måte.

Noko enten-eller-svar om bruk av digitale verktøy i skriveopplæringa kjem ikkje forskarane med i denne studien, snarare tvert imot.

– Vi ser at det er viktig at elevane i dag får opplæring i, og tilgang til, å skrive både for hand og digitalt. Lærarar bør leggje til rette for at elevane må ha ulike skrivereiskapar og øve både på handskrift og med tastatur heilt frå første klasse, for begge delar fører til viktig læring på kvar sin måte.

Dei yngste bør få meiningsfulle skriveoppgåver

Studien frå HVO og UiS dreg fram at vidare forsking må til for å gi klarare råd til lærarane om variert bruk av verktøy i skriveopplæringa. HVO-professor Wenke Mork Rogne vil likevel understreke eit av resultata: Handskrift kjem ikkje av seg sjølv.

– I prosjektet ser vi kor viktig det er at elevane får opplæring i å utvikle handskrift heilt frå første klasse – og at dei får meiningsfulle skriveoppgåver tidleg. Det held ikkje å dele ut eit nettbrett og la elevane skrive A-ar på skjermen med ein finger i ein time. Både blyant på papir og tastatur på nettbrett kan gi førsteklassingar god øving i å skrive forteljingar. Det er ikkje skrivereiskapen som har størst betydning, men heller korleis læraren legg til rette for god skriveopplæring, seier Rogne.

Forskarane fekk seg også ei overrasking: Førsteklassingane skriv betre og lengre tekstar tidlegare i skuleløpet enn forskarane i utgangspunktet trudde.

– Allereie tidleg i første klasse har vi studiar som viser at mange av elevane kan kjenne att fleire bokstavar og kan skrive ganske mykje, men det er stor variasjon internt i klassane. Den innsikta er viktig for korleis ein legg opp undervisninga, fortel Rogne.

Sjølv om ferdigheitsnivået i ein klasse kan sprike mykje, oppmodar HVO-professoren lærarane om å ikkje vere redde for å gi morosame skriveoppdrag tidleg, gjerne ved å skrive utifrå eit fargerikt bilete av noko dramatisk eller kjekt – eller til dømes som eit brev til ein bamse, slik ein gjorde i dette prosjektet.

 – Det vil gjere det mykje meir motiverande å skrive. Mange elevar klarer meir enn vi trur, seier Rogne.

Publisert med prestisje og internasjonal merksemd

Artikkelen til hovudstudien er publisert i det prestisjefylte tidsskriftet Learning and Instruction. For å kome på trykk her må forskinga først gjennom eit svært trongt nålauge. Studien blir gått etter i saumane i ein omfattande prosess, og det er sjeldan vare at eit norsk bidrag blir antatt.

– Dette viser at forskinga vår har robuste funn og er solid gjennomført. Det er ein lang og tøff prosess å få innpass i tidsskriftet, så dette er verkeleg krona på verket for oss, smiler Rogne.

Ho vil også løfte fram eit godt og tett teamarbeid med Vibeke Rønneberg (UIS) og dei andre medforfattarane i publikasjonen og dessutan andre solide, kvalitetssikra studiar, til dømes frå DigiHand-doktorgradsstipendiatane Eivor Finset SpillingCamilla Fitjar og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Forfattarane har også fått akademisk løn for strevet i form av merksemd verda over.

– Det har vore spennande å sjå at hovudartikkelen i DigiHand er veldig mykje lesen der ute. Det har faktisk vore stor interesse for artikkelen, og han er lesen i både Japan og Kina, i tillegg til Europa, USA og Australia.

Eit suksessprosjekt med mange ringverknader

Hovudartikkelen som nyleg er publisert, er ein del av det store, HVO-leia forskingsprosjektet DigiHand, som starta i 2018 og no er sluttført, der Rogne var prosjektleiar og Lesesenteret ved UiS var ein fruktbar samarbeidspartnar.

– Gjennom DigiHand-prosjektet har vi både lykkast med å få ut forskinga nasjonalt og internasjonalt og bygd opp solid kompetanse på skriveutvikling. For HVO og UiS har prosjektet tilført både tre doktorgradsprosjekt, to opprykk til professor og dosent, kvalifiseringar til professorløp og førstekompetanse i gruppa. I tillegg har vi fått fleire fullførte masteroppgåver, fortel Rogne.

HVO-professoren fortel at innsiktene frå prosjektet også vil kome HVOs nye ph.d.-tilbod Utdanning, språk og kultur til gode. I tillegg sit DigiHand-forskingsleiar og HVO-professor Siv M. Gamlem no i Skjermbrukutvalet, der forskingsresultata frå Volda allereie har vore viktige utgangspunkt i kunnskapsgrunnlag departementet har fått.

– Vi ser altså mange positive ringverknader av denne forskinga, også for utarbeiding av nye forskingsprosjekt i Volda – vi fekk rett og slett til meir enn vi tenkte då vi først starta DigiHand. Eg håpar erfaringane i prosjektet vårt kan inspirere til meir samarbeid på tvers for å få tilslag med større forskingsprosjekt, oppmodar HVO-professor Wenke Mork Rogne.

Kontakter

Bilder

HVO-professor Wenke Mork Rogne sit ved eit kontorbord.
HVO-professor Wenke Mork Rogne.
HVO / Steinarr Sommerset.
Last ned bilde
DigiHand-forskarane står saman utandørs i 2018.
DigiHand-forskarane ved oppstarten av prosjektet i 2018. F.v.: Vibeke Rønneberg (UiS), Kjersti Lundetræ (UiS), Siv M. Gamlem (HVO), Liv Ingrid Aske Håberg (HVO), Pernille Fiskerstrand (HVO), Marit Wadsten (tidl. HVO), Per Henning Uppstad (UiS), Gudrun Kløve Juuhl (HVO), Liv Kristin Bjørlykke Øvereng (HVO), Birgitte Fondevik (HVO), Camilla Fitjar (UiS) og Wenke Mork Rogne (HVO). Eivor F. Spilling (HVO), Lina R. Kobberstad (HVO) og Randi L. Ottesen (tidl. HVO) var ikkje til stades under fotograferinga.
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye