Universal Music Norge

To nye songar frå Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga.

31.10.2024 10:00:00 CET | Universal Music Norge | Pressemelding

Del
Fotokreditering: Martin Kvamme

«OK, me sjåast i 2024 då» sa me til kvarandre. Noreg blei stengd ned enno ein gong. Me stod på bakscena i Drammen teater ein desemberkveld i 2021 og var nedslåtte. Det var meg og Det Norske Kammerorkester. Resten av årets turné hadde akkurat blitt avlyst. 

No skriv me endeleg 2024 og det er endeleg snart tid for ei ny reise med kammerorkesteret og med jul på reportuaret. Skulle me berre ta opp tråden der me slutta sist, eller skulle me finne på noko ekstra? Kva med å spørje Ingebjørg Bratland om å bli med? Ingebjørg sa ja – eller rettare, ho sa «JA!», og no er det berre ein dryg månad til det brakar laus. Det blir Ingebjørg Bratland, Odd Nordstoga, Det Norske Kammerorkester og jul! 

Innimellom heftig turnéring med «Langt heimafrå» prosjektet vårt har Ingebjørg og eg funne fram to julesongar som me har øvd litt på i ledige stunder. Den fyrste og opplagte er «Joleklokker over jorda». Det er ein julesong som kanskje ikkje er like kjend over heile landet, men mykje brukt i våre heimtrakter. Ingebjørg nynna litt på den på nokon lydprøver, og eg tenkte at der har me ein nydeleg låt som passar oss! Den andre er ein liten song om å gå rundt juletreet som eg laga før jula i fjor. Det var Ingebjørg som syns den var så fin at me også burde bruke denne. Dermed blei den også med. 

Me fann ein dag i mai, tok med gitarane våre og spelte dei inn med vår eminente produsent Kåre Vestrheim i Propeller studio i Oslo. Kåre blei også med på piano og trøorgel. Slik blei musikken til. Resultatet kan du høyre på vår splitter nye doble julesingle som me har kalla «Joleklokker». Den fyrste dagen i november er songane dykkar. - Odd Nordstoga   

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Universal Music AS er verdens, og Norges, største musikkselskap og representerer blant annet artister som Astrid S, The Weeknd, Alessandra, Ramón, Olivia Rodrigo, Post Malone, Ariana Grande, Dagny, Marstein, Shawn Mendes, The Beatles, Odd Nordstoga, Taylor Swift, The Rolling Stones m.fl.

Følg pressemeldinger fra Universal Music Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universal Music Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universal Music Norge

Marcus og Martinus slipper sin nye låt How you know!12.6.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding

12. juni slipper Marcus & Martinus singelen «How you know» - en fresh vri av Nico & Vinz-superhiten «That’s How You Know You Fucked Up». Etter deltakelsen i årets sesong av Hver gang vi møtes har Marcus & Martinus fortsatt å markere sitt tilbakevendende fokus på norskspråklig musikk. Duoen har siden spilt to heftige arenakonserter på Unity Arena på Fornebu og Avicii Arena i Stockholm, der «How you know» ble debutert live for et ellevilt publikum. Hør låten HER! På låten synger Marcus & Martinus: Se hva vi har blitt til nå Leve livet vi drømte om Reise rundt og spille store shows Høre skrikene fra første rad Men savne ropet hjemmefra Vi var gutta da vi reiste vækk Vi kom hjæm igjen som voksne menn Når verden rope stjerna men her er det stopp That’s how you know you fucked up Etter stor etterspørsel fra fansen slippes låten nå endelig på alle strømmetjenester - og den lover stor hitfaktor! I morgen, lørdag 13. juni opptrer Marcus & Martinus på VG-lista i Oslo. Mer om Marcus & Martinus: M

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye