John-Eivind Velure blir ny direktør i Nkom
John-Eivind Velure blir ny direktør i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Han vart utnemd i statsråd 25.oktober 2024

Velure har vore fungerande i rolla som direktør sidan mars 2024, og no er det klart at han overtek jobben fast.
Velure er utdanna sivilingeniør frå NTNU, og har også bakgrunn frå Forsvaret. Han har arbeidd i Nkom sidan 2004, og har dei siste åra vore avdelingsdirektør for spektrumsavdelinga.
–Eg er stolt og glad for den tilliten eg har fått. Gode og sikre mobil- og breibandsnett har aldri vore viktigare for oss som innbyggjarar og samfunn enn no. Med avhengigheita kjem også sårbarheita, og derfor er det så viktig at vi held fram arbeidet med å trygge vår digitale infrastruktur.
I ei pressemelding seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung at regjeringa er svært nøgd med at Velure tek på seg ansvaret med å leie Nkom framover.
– Nkom står framfor store oppgåver framover mellom anna med å sikre den digitale grunnmuren. Velure er ein fagleg sterk og utviklingsorientert leiar som er svært godt kvalifisert til å leie dette viktige arbeidet, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Velure er utnemnd for ein periode på seks år, og tiltrer stillinga frå det tidspunkt departementet landar på.
Les heile pressemeldinga frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/john-eivind-velure-ny-nkom-direktor/id3066513/
Nøkkelord
Kontakter
Rita Lund ThuneKommunikasjonsdirektørNasjonal Kommunikasjonsmyndighet
Tel:+47 922 06 466rlt@nkom.noBilder


Lenker
Om Nkom
Nkom skal vere ein pådrivar for sikker, effektiv og berekraftig kommunikasjon for menneske og samfunn. Etaten er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (Dfd). Nkom har som overordna mål å leggje til rette for eit likeverdig og sikkert tilbod av post- og ekomtenester over heile landet. Tilbodet skal vere robust, med tilstrekkeleg kapasitet og funksjonalitet, framtidsretta, av høg kvalitet og til rimelege prisar. Nkom har om lag 160 tilsette og har hovedkontor i Lillesand i tillegg til kontor på Ski, Bergen. Lødingen og Trondheim.
Følg pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Har avdekket nye alvorlige GPS-forstyrrelser i Øst-Finnmark13.6.2025 12:22:10 CEST | Pressemelding
Nye målinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) viser manipulasjon av GPS-signaler i lavere høyder i Sør-Varanger.
Denne veggen kuttar telefonsamtalen din13.6.2025 09:17:36 CEST | Pressemelding
Nye bygg er så godt isolerte at mobildekninga blir stengt ute. No etterlyser Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) betre samarbeid mellom byggjebransjen og mobiloperatørane.
.no er tryggast i verda!12.6.2025 14:30:23 CEST | Pressemelding
Trykkjer du på ei lenkje til ei nettside som sluttar på .no, kan du etter all sannsyn leggje til grunn at ho er til å stole på. Det norske domenet er faktisk det tryggaste i verda.
Registreringsfristen for datasenteroperatører nærmer seg11.6.2025 12:59:32 CEST | Pressemelding
Fristen for å registrere seg som datasenteroperatør er rett rundt hjørnet. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) oppfordrer nå alle som driver datasenter i Norge til å registrere seg innen 1. juli.
Ikke la svindlere tømme feriekontoen3.6.2025 08:25:43 CEST | Pressemelding
Snart tikker feriepenger inn på millioner av norske bankkontoer. Her er noen tips for å unngå at pengene flyr like raskt ut igjen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom