Nye tal for opptak og utslepp frå areal i kommunar

Del

Skogens opptak og lagring av klimagassar i Noreg er redusert. Samtidig aukar klimagassutsleppa frå andre areal.

Bilete av hytter på nedbygd skog.
Hyttebygging er ei viktig årsak til nedbygginga av norsk natur, som igjen gir meir utslepp av klimagassar frå endra arealbruk. Foto: Sigve Reiso, Naturarkivet

– Når vi ser at areala våre tek opp mindre klimagassar og samtidig slepper ut meir, betyr det at vi går i heilt feil retning, seier  Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har oppdatert klimagassrekneskapen for kommunar og fylke for skog- og arealbrukssektoren, i samarbeid med Nibio. Rekneskapen viser korleis vi menneske bruker og byggjer ned areal, og korleis dette har påverka utslepp og opptak av klimagassar i periodane 2011-2015 og 2016-2020.

Lenkje: Utslepp og opptak frå skog og arealbruk

Bygging på karbonrike areal gir meir utslepp

Skog og arealbruk har eit høgt årleg opptak av klimagassar på nasjonalt nivå, men trenden er går likevel nedover. Opptaket har auka fram til 2009, hovudsakleg på grunn av storstilt skogplanting og aktiv skogforvaltning etter andre verdskrig. Skogen tek no opp mindre klimagassar enn før, særleg på grunn av auka hogst og tre som døyr naturleg.

Dei andre arealbrukskategoriane, som dyrka mark og utbygd areal, har klimagassutslepp som har auka over tid. Dei største utsleppa er særleg knytt til dyrking på tidlegare myrar og nedbygging av skog og myr.

Bygging i skogareal, det vil seie avskoging, stod for eit årleg utslepp på over 2,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2016-2020, og utgjorde med dette den største kjelda til klimagassutslepp frå areala våre. Avskoging reduserer samtidig framtidig opptak av klimagassar i skog.

Kommunen har ei nøkkelrolle i å kutte utslepp frå arealbruksendring

Som forvaltar av plan- og bygningslova, legg kommunane føringar for arealbruken for 83 prosent av Noregs areal. Arealplanlegginga i kommunen er dermed avgjerande for at Noreg skal kunne redusere utsleppa i skog- og arealbrukssektoren mot 2030.

I dei Nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging for perioden 2023-2027, er det også gitt ei tydeleg forventning om at ein skal unngå å omdisponere og byggje ned karbonrike areal så langt som mogleg, slik at evna areala har til lagring og opptak av karbon blir halden oppe.

–  Klimagassrekneskapen er difor eit viktig verktøy for kommunane i deira arbeid med å prioritere arealbruk. Redusert nedbygging av karbonrike areal kan gi store utsleppskutt og samtidig vere positivt for naturmangfald og landbruk, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Miljødirektoratet har også på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet levert eit forslag om lov og forskriftsendring om forbod mot nedbygging av myr.

Lenkje: Foreslår forbod mot nedbygging av myr - miljodirektoratet.no

Faktaboks 1: Oppdaterte tal for opptak og utslepp frå areal i kommunar

  • Miljødirektoratet har oppdatert klimagassrekneskapen for kommunar og fylke for skog- og arealbrukssektoren, i samarbeid med Nibio. 
  • Klimagassrekneskapen viser utslepp og opptak frå arealbruk og -endringar i periodane 2011-2015 og 2016-2020, inkludert eit arealbruksrekneskap som viser korleis arealbruk har endra seg over periodane.
  • Klimagassrekneskapen vart fyrste gong publisert i 2019, og dekka åra 2010 og 2015.

Faktaboks 2: Kontinuerleg forbetring av utsleppsrekneskapen

  • Det er mange faktorar som bestemmer utslepp eller opptak på arealbrukskategoriane i dei ulike kommunane. Berekningane i klimagassrekneskapen for kommunar tek utgangspunkt i FNs klimapanels metodikk for klimagassrekneskap. Metodane er dei same som blir nytta i den nasjonale klimagassrekneskapen frå Miljødirektoratet, men datagrunnlaget er ulikt.
  • Det blir jobba kontinuerleg med å forbetre datagrunnlaget og metodikken, og ved forbetringar vert heile tidsserien revidert.
  • Det er difor store endringar i dei nye tala i klimagassrekneskapen for kommunar, samanlikna med førre versjon. Det betyr at tala i denne publiseringa ikkje kan brukast saman med tala i førre publisering.

Faktaboks 3: Utslepp og opptak frå skog og arealbruk i kommunar: Større datagrunnlag enn før

  • Arealbruksrekneskapen bruker informasjon frå ulike kart og består av eit mykje større datagrunnlag samanlikna med førre versjon frå 2019. Karta vert samanlikna kvart femte år, og det er kartversjonar frå 2010, 2015 og 2020 som er brukt som grunnlag.
  • Neste oppdatering av klimagassrekneskapen for kommunar for skog- og arealbrukssektoren er planlagd i 2027, med oppdaterte tal for 2011-2015, 2016-2020 og nye tal for 2021-2025.
  • Kvaliteten på kartgrunnlaga varierer mellom kommunar og over tid. Kvaliteten er i stor grad avhengig av om karta hos kvar enkelt kommune er oppdaterte. Dette betyr at trenden (utvikling over tid) må brukast med stor varsemd. For nokre kommunar reflekterer trenden ikkje tidspunktet for arealbruksendringa, men tidspunktet då kommunen oppdaterte karta sine.

Faktaboks 4: Nasjonalt klimagassrekneskap for skog og arealbruk 

  • Den nasjonale klimagassrekneskapen for skog og arealbruk dekkjer alle landareal i Noreg fordelte på arealbrukskategoriane skog, dyrka mark, beite, vatn og myr, utbygd areal og anna utmark, og dessutan arealbruksendringar mellom arealbrukskategoriane. Det blir rekna ut utslepp og opptak berre frå forvalta areal. Det betyr at det ikkje blir rekna ut utslepp frå urørt myr fordi ho blir rekna for å vere i likevekt når ho ikkje er påverka av menneskeleg aktivitet. Ved arealbruksendring på desse areala, vil dei likevel bli inkludert i klimagassrekneskapen.
  • Miljødirektoratet er ansvarleg for den nasjonale klimagassrekneskapen. Rekneskapen blir rapportert årleg under FNs klimakonvensjon og klimaavtalen vi har med EU.
  • Data frå landsskogtakseringa dannar grunnlaget for den nasjonale klimagassrekneskapen. Data viser trendane på nasjonalt nivå når det gjeld utslepp og opptak. Detaljeringsgrada tillèt likevel ikkje analyse på kommunalt nivå.

 

Relaterte lenkjer

Lenkje: Klimagassrekneskap for Noreg

Lenkje: Klimatiltak i Noreg

Lenkje: Greenhouse Gas Emissions 1990 -2020: National Inventory Report - miljodirektoratet.no

Lenkje: IPCC (2006)

Lenkje: Landsskog-takseringa - NIBIO

Nøkkelord

Bilder

Figur 1: Opptak og utslepp i Noreg frå dei ulike arealbrukskategoriane, for perioden 2011-2015 og 2016-2020. Negative tal viser opptak av klimagassar i skog, medan dei positive tala viser utslepp av klimagassar i arealbrukkategoriane dyrka mark, beite, vatn og myr, og utbygd areal.
Figur 1: Opptak og utslepp i Noreg frå dei ulike arealbrukskategoriane, for perioden 2011-2015 og 2016-2020. Negative tal viser opptak av klimagassar i skog, medan dei positive tala viser utslepp av klimagassar i arealbrukkategoriane dyrka mark, beite, vatn og myr, og utbygd areal.
Figur: Miljødirektoratet
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye