Mange ulovlege og miljøskadelege interiørprodukt blir selde i nettbutikkar

Del

Ein av tre interiørprodukt som blir selde på nettet, som Miljødirektoratet har kontrollert, er ulovlege og forbode å selje.

Biletet viser nokre av dei produkta laga av PVC som vi fann i kontrollen og som var forbode å selge var til dømes dusjforheng, teppeunderlag, bordbrikker, falske plantar og dukar.  PVC er mjukgjord plast vi veit kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff.
Nokre av dei produkta laga av PVC som vi fann i kontrollen og som var forbode å selge var til dømes dusjforheng, teppeunderlag, bordbrikker, falske plantar og dukar. PVC er mjukgjord plast vi veit kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff. Foto: Miljødirektoratet

Produkta inneheldt for mykje helse- og miljøskadelege stoff. Miljødirektoratet har kontrollert 44 interiørartiklar laga av PVC. PVC er mjukgjord plast vi veit kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff. Døme på produkt er dusjforheng, teppeunderlag, bordbrikker, falske plantar og dukar. Produkta vart handla inn frå norske (19 nettbutikkar), norskregistrerte utanlandske føretak (7), europeiske nettbutikkar (2) og utanomeuropeiske nettbutikkar  (2) som marknadsfører produkta for sal i Noreg.

-Det er oppsiktsvekkjande at vi avdekkjer så mange ulovlege produkt på nettet med for mykje helse- og miljøfarlege stoff. Sjølv om vi kjøper inn produkt der vi mistenkjer å finne feil er det for mange ulovlege produkt på nettet, seier  Gro Hagen, seksjonsleiar for varetilsyn i Miljødirektoratet.

Helse- og miljøskadelege stoff

Dei forbodne produkta, som no er trekt frå marknaden, inneheldt  ftalat, kortkjeda klorparafinar (SCCP) og tungmetalla bly og kadmium. Stoffa er kreftframkallande, kan verke hormonforstyrrande og gi fosterskadar og skade forplantningsevna.

Desse stoffa er strengt regulerte. Målet er å redusere bruken og eksponering av desse stoffa frå produksjon, til bruk og avfallsbehandling og materialgjenvinning. 

Må skjerpe seg

-Det er ansvaret for verksemda å sørgje for at produkta dei kjøper og seljar er lovlege. Dei må vite kva stoff som finst i materiale og i produkta dei sel og korleis stoffa er regulerte. Dei bør gå nøye gjennom innkjøpsrutinane sine for å unngå at ulovlege produkt blir sette på marknaden, seier Hagen.

Miljødirektoratets oppfølging

Miljødirektoratet påla dei norske verksemdene å fjerne dei forbodne produkta. Fleire verksemder blir i tillegg følgt opp med inspeksjonar. Miljødirektoratets styresmakt stansar ved norsk grense. Vi har derfor bede om hjelp frå dei europeiske kollegaene våre for oppfølging av dei europeiske nettbutikkane.

Resultata frå tilsynet er publiserte i den europeiske databasen over farlege produkt Safety Gate og i den norske databasen farligeprodukter.no

Verksemdene bør jamleg sjekke produkt som er publiserte i desse databasane og fjerne eventuelle ulovlege produkt dei eventuelt har i vareutvalet sitt.

Framleis innsats rundt kontroll av produkt

Miljødirektoratet har trappa opp kontrollar med netthandel. Funna våre over fleire år viser at gjennomsnittleg 25 prosent av produkta vi kontrollerer på nettet er ulovlege å selje.

Det er særleg dei forbodne stoffa ftalat og klorparafinar (SCCP) som finst i mjuk plast vi har hatt merksemd på i våre kontrollar. Dei nedslåande resultata understrekar behov for vedhaldande kontroll av produkt og rutinane i verksemdene for produkttryggleik.

Stoffa vi avdekte i produktkontrollen

Ftalat: Fleire ftalat er hormonforstyrrande og kan skade forplantningsevna. Ftalat blir hovudsakleg brukte som mjuknarar i plastprodukt. Menneske kan utsetjast for ftalat når vi bruker produkt og gjennom mat.

SCCP: kortkjeda klorparafinar er mistenkte å vere kreftframkallande. Stoffa blir først og fremst brukte som mjuknarar og brannhemmere i gummi og PVC. Klorparafinar er lite nedbrytbare, hopar seg opp i levande organismar, dei er giftige og har alvorlege langtidsverknader for helse- og miljøet.

Bly: Bly og blysamband er giftig og kan gi helseskadar i små mengder. Kronisk blyforgifting kan føre til skadar på nervesystemet, auka blodtrykk, hjarte-kar sjukdommar og nyreskadar. Bly og blysamband kan skade forplantningsevna og gi fosterskadar. Gravide og barn er spesielt sårbare for blyeksponering, og bly kan hemme barns intellektuelle utvikling.

Kadmium: Dei fleste kadmiumsamband er kreftframkallande og svært giftige og kan gi langtidseffektar i vasslevande organismar. Kadmium er mistenkt for å kunne skade forplantningsevna og for å kunne gi fosterskadar.

Rapporten frå tilsynet er publisert på miljodirektoratet.no Tilsynsaksjon 2024: Interiørartikler i PVC - miljodirektoratet.no

Sjå databasen farligeprodukter.no Farlige produkter

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye