Stengjer Låga gangbru i Suldal
Statens vegvesen stengjer Låga gangbru i Suldal fordi det ikkje lenger blir vurdert som forsvarleg å ferdast på den meir enn 200 år gamle trebrua.

Låga bru ligg ved riksveg 13 i Suldal, men blir i dag berre brukte av turgåarar og fiskarar som kryssar elva. Fordi brua er verna er ho framleis i Statens vegvesens eige.
– Utviklinga av tilstanden til dei berande elementa gjer det nødvendig å stengje brua inntil vidare. Risikonivået blir rekna som for høgt til at brua kan halde fram med å vere open for ferdsel, seier bruforvaltar Bengt Olav Skogland i Statens vegvesen.
Det er ikkje avklart kor lenge brua vil vere stengt eller kva slags utbetringar som vil vere nødvendige.
– Målet er å ta vare på brua, både som ein del av ein turveg og som kulturminne, seier Skogland.
Det er grunn til å tru at brua er bygd ein gong mellom 1780 og dei første tiåra av 1800-talet.
Kontakter
Bengt Olav SkoglandBruforvaltarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:91395051bengt.olav.skogland@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Nå skal det sprenges i Fløyfjelltunnelen5.12.2025 14:12:12 CET | Pressemelding
De neste ukene frem mot jul blir det ekstra stenging av begge løp på Fløyfjelltunnelen midt på natten, på grunn av sprenging.
App hjelper deg i kolonne over Saltfjellet5.12.2025 08:30:00 CET | Pressemelding
Denne vinteren tar Statens vegvesen i bruk en app som skal gjøre det enda tryggere å kjøre kolonne over Saltfjellet.
Nye Sotrabru er klar for kabelarbeid4.12.2025 14:45:20 CET | Pressemelding
Seint 3. desember vart den siste støypen fullført, og brutårna som ruvar over innseglinga til Bergen har offisielt nådd si fulle høgde på 145 meter. På nyåret blir det for første gong fysisk kontakt mellom tårna når arbeidet med hovudkablane startar.
Arbeid i Strindheimtunnelen4.12.2025 12:36:40 CET | Pressemelding
Statens vegvesen må utføre nødvendig arbeid på de elektriske installasjonene i Strindheimtunnelen i uke 50 og 51.
Tar i bruk bilskilt av resirkulert aluminium4.12.2025 11:56:37 CET | Pressemelding
I desember ruller de første bilene med skilt av resirkulert aluminium ut på norske veier. Dette bidrar til lavere utslipp og mer bærekraftig ressursbruk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom