Statens vegvesen

Stengjer Låga gangbru i Suldal

Del

Statens vegvesen stengjer Låga gangbru i Suldal fordi det ikkje lenger blir vurdert som forsvarleg å ferdast på den meir enn 200 år gamle trebrua.

Låga bru
Låga gangbru i Suldal er over 200 år. Bengt Olav Skogland, Statens vegvesen Statens vegvesen

Låga bru ligg ved riksveg 13 i Suldal, men blir i dag berre brukte av turgåarar og fiskarar som kryssar elva. Fordi brua er verna er ho framleis i Statens vegvesens eige.

– Utviklinga av tilstanden til dei berande elementa gjer det nødvendig å stengje brua inntil vidare. Risikonivået blir rekna som for høgt til at brua kan halde fram med å vere open for ferdsel, seier bruforvaltar Bengt Olav Skogland i Statens vegvesen.

Det er ikkje avklart kor lenge brua vil vere stengt eller kva slags utbetringar som vil vere nødvendige.

– Målet er å ta vare på brua, både som ein del av ein turveg og som kulturminne, seier Skogland.

Det er grunn til å tru at brua er bygd ein gong mellom 1780 og dei første tiåra av 1800-talet.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye