Praktisk informasjon til media i samband med høgtideleg opning av Stortinget 2. oktober
Onsdag 2. oktober klokka 13 er det høgtideleg opning av det 169. storting. Presse som ønsker å dekke opninga må akkreditere seg innan måndag 30. september kl. 12.00.
Det er H.M. Kong Harald som føretek den høgtidelege opninga av Stortinget. Seremonien i Stortinget har tradisjonar tilbake til Grunnlova av 1814.
Kongen opnar Stortinget med trontalen. Trontalen gjer greie for hovudtrekka i regjeringa sitt arbeidsprogram og politikk for det kommande året. Etter trontalen blir meldinga om rikets tilstand lesen opp av ein medlem av regjeringa.
Det skal ikkje vera drøftingar i Stortinget så lenge kongen er til stades. Difor ventar stortingspresidenten med å føreslå korleis trontalen skal behandlast til etter at kongen har forlate stortingsbygningen.
I stortingssalen er både stortingsrepresentantar, regjeringa, representantar for embetsverket, det diplomatiske korpset og pressa til stades.
Praktisk informasjon til media
Tilgang
Alle journalistar og fotografar som ønsker å dekke den høgtidelege opninga av Stortinget må fylle ut og sende inn akkrediteringsskjema dersom dei ikkje er medlemmer av Stortingets presselosje.
Også journalistar og fotografar som er medlemmer av Stortingets presselosje må fylle inn skjemaet dersom dei ønsker å fotografere frå galleriet eller Løvebakken.
Akkrediteringsfristen er måndag 30.september kl. 12.00. Fristen er endeleg.
Alt av fotoutstyr som skal brukast under opninga i stortingssalen må også vere på plass i stortingssalen før klokka 09.00 onsdag 2. oktober.
Vi ber media, også medlemmer av presselosjen, om å bruke inngangen frå Akersgata. Alle som skal dekke opninga frå Løvebakken eller galleriet, og også dei som ikke er medlemmer av presselosjen, blir følgde inn.
Siste frist for oppmøte i Akersgata er kl. 12.20. Alle må ta med legitimasjon og pressekort ved oppmøte. Det er ønskeleg med fint antrekk.
Høve til foto
1. Løvebakken: Gi beskjed ved akkreditering dersom dette er ønskeleg. Tilgang innanfor tilviste plassar.
2. Galleriet: Gi beskjed ved akkreditering dersom dette er ønskeleg. Desse plassane er reserverte til fotografer. Det er ei avgrensa mengde plassar, førstemann til mølla-prinsippet gjeld. Alle som skal stå på galleriet blir følgde opp og får eigne kort som må berast synleg.
Videofotografar må bruke trådlaust utstyr.
I presselosjen er det vanleg tilgang for skrivande presse. For pressa blir det også mogleg å følgje opninga frå eit møterom like ved vandrehallen.
TV-signal
Stortinget sørger for TV-signal via Stortingets kommunikasjonsknutepunkt, til fri disposisjon for alle medium. Det blir filma frå Karl Johansgate, Løvebakken, resepsjonen og vandrehallen i tillegg til stortingssalen. TV-sendinga blir levert utan tekst og kommentarar.
Kontaktperson for TV-produksjonen: Thomas Andresen, 415 19 262.
TV-sendinga vil også vere tilgjengeleg på Stortingets nett-TV. Nett-TV kan videreformidlast av alle medium etter avtale om oppretting av publiseringspunkt.
Meir informasjon om vidareformidling av nett-TV.
Kontaktperson for nett-TV: Bjørn Holta, 971 58 040.
Under møtet i stortingssalen må det berre nyttast lydlaust utstyr. Det er ikkje mogleg å forlate salen under møtet.
Akkrediteringsskjema for Stortingets høgtidelige opning
Foto frå opninga av Stortinget
https://album.imageshop.no/1554693/?loadLanguageid=1
https://mediearkiv.stortinget.no/
Meir informasjon
Meir informasjon om Stortingets høgtidelige opning
Kontakter
Ingebjørg Aadlandseniorrådgiver
Tel:97735857ingebjorg.aadland@stortinget.noOm oss
Stortinget er Norges nasjonalforsamling. De viktigste oppgavene til Stortinget er å vedta lover, bestemme statens budsjett og kontrollere regjeringen.
Følg pressemeldinger fra Stortinget
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Stortinget på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Stortinget
Årets fredsprisvinner besøker Stortinget 11. desember5.12.2024 12:55:54 CET | Pressemelding
Representanter for japanske Nihon Hidankyo, som er tildelt Nobels fredspris 2024, blir tatt imot av stortingspresident Masud Gharahkhani på Løvebakken om morgenen onsdag 11. desember.
Egypts president besøker Stortinget4.12.2024 14:20:47 CET | Pressemelding
Stortingspresident Masud Gharahkhani tar imot Egypts president Abdel Fattah Al Sisi til offisielt besøk på Løvebakken mandag 9. desember.
Priv. til red.: Finlands parlamentspresident på offisielt besøk til Stortinget22.11.2024 09:31:10 CET | Pressemelding
Stortingspresident Masud Gharahkhani tar imot Finlands parlamentspresident Jussi Halla-aho på offisielt besøk til Stortinget tirsdag 26. november.
Stortinget setter opp lavvo på Eidsvolls plass8.11.2024 13:50:01 CET | Pressemelding
Tirsdag 12. november skal Stortinget behandle innstillingen om Sannhets- og forsoningskommisjonens rapport. I den anledning blir det satt opp en lavvo på Eidsvolls plass.
Latvias parlamentspresident på offisielt besøk til Norge31.10.2024 15:29:50 CET | Pressemelding
Presidenten i det latviske parlamentet Saeima, Daiga Mieriņa, kommer på offisielt besøk til Norge 4.-5. november.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom