Ny føre var-strategi til neste års laksefiske
Miljødirektoratet vil leggje opp til at laksefisket blir ytterlegare avgrensa frå sesongstart i elvar der det har vore lite laks dei siste åra.
Som følgje av rekordlågt innsig og fangstar av laks innleiingsvis i fiskesesongen i år, så Miljødirektoratet seg nøydde til å stanse fisket i 33 vassdrag og tilgrensande sjøområde i Sør-Noreg. Etter ei ny vurdering i byrjinga av juli vart dei ekstraordinære tiltaka i dei opphavlege elvane og fjordregionane noko justert. Samtidig vart det, som følgje av svake fangstar, vedteke ekstraordinære tiltak også i Varangerfjorden, Karlebotn, Kjøfjord/Bøkfjord, Jarfjorden og i elvane rundt desse fjordane. I desse områda har innsiget i fleire etterfølgjande år vore vesentleg svakare enn det som ligg til grunn for reguleringane.
– Behov for å leggje om
Etter sesongen i år er mange elveeigarar og laksefiskarar usikre på korleis neste års laksesesong blir.
– For å skape størst mogleg føreseielegheit for elveeigarar og laksefiskarar ønskjer vi å vere tidleg ute med våre førebelse vurderingar av korleis vi vil regulere laksefisket neste sesong, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Til no har laksefisket kvar sommar starta med ei forventning om at det kjem omtrent like mykje laks inn til elvane som tidlegare år. Om det har komme mindre laks enn forventa har fisket vorte stramma inn. Frå neste år skal direktoratet leggje opp til ein meir forsiktig start på laksefisket, der det heller kan opnast for meir fiske seinare dersom det kjem nok laks til elvane.
– Basert på erfaringane med mange års nedgang i mengda laks som kjem til elvane for å gyte og årets rekordlåge innsig av stor laks i delar av landet, meiner vi det er behov for å leggje om til ein føre var-strategi for reguleringa av laksefisket. Det betyr eit meir avgrensa fiske i starten av sesongen, og at det heller kan opnast for å fiske meir seinare dersom innsiget av laks viser seg å vere godt nok, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Ei slik omlegging vil også få konsekvensar for korleis sjølaksefiske må regulerast.
– Endringar i reguleringane av sjølaksefiske vil vi komme tilbake til når vi veit meir om i kva elvar og sjøområde det er nødvendig å vere ekstra forsiktig neste sommar, seier Ellen Hambro.
– Vil be elveeigarlaga gi innspel til avgrensing av fisket
Det har dei seinare åra komme svært lite laks opp i mange norske elvar.
– Vi er bekymra for om laksestammane klarer å produsere nok lakseungar til at det skal vere forsvarleg å fiske laks også i framtida, seier Hambro.
Miljødirektoratet har ansvar for å leggje til rette for at gytebestandsmåla i elvane blir nådde. Slik sikrar vi at det blir nok lakseungar i elvane.
I dei 33 elvane i Sør-Noreg der laksefisket vart stansa i sommar, og andre elvar med urovekkjande låg oppgang av laks, kan det vere behov for å vere ekstra varsam med kor mykje laks som blir hausta neste år. Norsk institutt for naturforsking (NINA) har derfor fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å berekne kor mykje laks som kom opp i dei elvane som vart stengde eller vurderte stengde i sommar. Rapporten deira vil truleg liggje føre i oktober.
Der det viser seg at det var spesielt lite laks i år vil elveeigarlaga bli bedne om å leggje fram planar for korleis dei sjølv meiner fisket skal regulerast slik at det ikkje blir for fiska mykje laks. Basert på kunnskapsgrunnlag frå NINA og innspel frå elveeigarlaga vil Miljødirektoratet fastsetje nye reglar for fiske i desse elvane, og samtidig innføre nye rutinar for korleis fiske kan regulerast lokalt gjennom sesongen.
– For å få lov til å fiske laks tidleg i sesongen, må elveeigarlaga i elvar der det var spesielt lite laks i år leggje fram ein realistisk plan for korleis dei skal halde uttaket av laks på eit minimum inntil ein ser at det kjem nok laks opp i elvane, og fisket eventuelt kan aukast. Alternativet er å utsetje starten på fiskesesongen, seier Ellen Hambro.
Skal innføre nye rutinar
Miljødirektoratet vil også utarbeide nye rutinar og verktøy, som elveeigarlaga skal bruke for å regulere laksefisket lokalt undervegs i sesongen frå neste år. Rutinane skal mellom anna inkludere fleire og tidlegare vurderingar av kor mange og kor store laks som kjem opp i elvane, og leggje opp til forsiktig fiske tidleg i sesongen.
Må leve med uvisse
Laksen er raudlista hos Artsdatabanken, noko som inneber at han har risiko for å døy ut frå Noreg. Derfor må Miljødirektoratet og andre involverte aktørar tenkje langsiktig i forvaltninga av laksen, og det kan opplevast krevjande for alle som er involverte i forvaltning av laksen og i laksefiske.
Sjølv om dei nye og strengare rutinane for laksefiske skal redusere sjansane for at fisket må stengjast slik som i år, må alle vere førebudde på at det også i framtida kan bli særskilde forhold som medfører behov for å stanse fisket heilt i enkelte elvar og regionar.
– Klimaendringar og andre menneskeskapte påverkingar gjer at vi må rekne med større uvisse om kor mykje laks som kjem til elvane kvart enkelt år, og dermed også kor mykje fiske som kan tillatast, seier Hambro.
- Les meir om den atlantiske villaksen på Miljødirektoratets nettside
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Foreslår forbud mot 97 fremmede skadelige planter25.9.2024 14:11:51 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår forbud mot innførsel, omsetting og utsetting av 97 fremmede planter som skader norsk natur.
Foreslår forbod mot 97 framande skadelege plantar25.9.2024 14:11:37 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår forbod mot innførsel, omsetjing og utsetjing av 97 framande plantar som skader norsk natur.
Kommunane kuttar utslepp med Klimasats-støtte25.9.2024 11:08:58 CEST | Pressemelding
Kommunar i heile landet får Klimasats-støtte til lokalt tilpassa løysingar som kuttar klimagassutslepp. Sjå kven som får støtte i 2024.
Kommunene kutter utslipp med Klimasats-støtte25.9.2024 11:08:44 CEST | Pressemelding
Kommuner i hele landet får Klimasats-støtte til lokalt tilpassede løsninger som kutter klimagassutslipp. Se hvem som får støtte i 2024.
Friluftslivets år 2025: Tildelinga er klar23.9.2024 09:11:30 CEST | Pressemelding
25 landsdekkjande organisasjonar får 25 millionar kroner som skal bidra til friluftslivsaktivitet for alle i heile landet under Friluftslivets år 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom