Genetisk verdifull ulv har etablert seg (nynorsk)
Ulven som Miljødirektoratet merka og flytta sist vinter har no etablert seg i vestre Dalarna i Sverige.

– Det er gledeleg at den innvandrande ulven framleis er i live og no ser ut til å ha etablert seg. Det vil vere svært positivt for den sterkt innavla bestanden vår viss han no også får avkom og dermed klarer å spreie gena sine, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Ein genetisk verdifull ulv (V1157) vart forvaltningsmerket av Statens naturoppsyn med GPS-sendar 18. desember 2023. I april vart han bedøvd på nytt og flytta inn i ulvesona for å redusere risikoen for at han skulle bli felt under lisens- og skadefelling, og for at han ikkje skulle hindre lisensfelling. Det var i tillegg eit ønske om å få ulven til å etablere seg innanfor ulvesona.
Data frå dei siste månadene viser at han har etablert seg i vestre Dalarna i eit revir som har fått namnet Ryssflon. Den er observert saman med ein annan ulv, noko som gir håp om reprodusering.
Avhengig av innvandrarar
Vi har svært god oversikt over ulvebestanden med DNA-profilar på stort sett alle ulvar frå dei siste tiåra. Forsking viser at ulvane i Noreg og Sverige i dag stammar frå seks innvandrande ulvar. I tillegg har den såkalla Setten-hannen fått tre ungekull. Denne ulven innvandra til Noreg i 2019 og vart merka og flytta av same årsak som Ryssflon-hannen.
Når ein innvandrande ulvs avkom igjen får eit avkom reknar vi at det er sikra at gena blir spreidde i bestanden.
Setten-hannen og Ryssflon-hannen kan dermed potensielt bli sjuande og åttande stamfar for ulvane våre.
– Viss vi skal ha ein levedyktig ulvebestand i Skandinavia som ikkje er større enn dagens bestand er vi avhengig av at vi får inn innvandrande ulvar frå den større austlege bestanden i Finland og Russland som får spreidd gena sine i norske og svenske ulveflokkar, seier Hambro.
Les meir om merkinga her: Gir større sjanse for at ulven overlever | Miljødirektoratet (ntb.no)
Les meir om flyttinga her: https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2024/april-2024/har-flyttet-genetisk-viktig-ulv/
Frigir data
Data frå GPS-sendaren har til no vorte skjerma for offentlegheita, for å unngå forstyrringar. Ulven oppheldt seg i ein periode etter flytting i Noreg, men har seinare vandra over til Sverige.
– Ulv blir forvalta litt ulikt i Sverige og Noreg, men vi har eit godt samarbeid og ein felles avtale om å ta vare på slike genetisk verdifulle individ, seier Hambro.
Etter ønske frå Länsstyrelsen i Dalarnas län om å gi noko innsyn data frå GPS-sendaren, har vi hatt dialog med svenske Naturvårdverket, Skandulv og Länsstyrelsen Dalarna. Vi har komme til semje om at data frå sendaren blir tilgjengeleggjorde på same måte som data frå forskingsmerka dyr gjennom Vargwebben.
På kartet vil ikkje nøyaktig posisjon markerast, men kva område han var i ved sist oppdatering ut frå eit rutenett på 10x10 km. Vargwebben er kartløysinga til Sveriges Landbruks universitet (SLU).
https://wram.slu.se/public/source/18-vargwebb?obj=Ryssflon
Les meir om korleis ulvar blir viste i kartet her: Microsoft Word - Vargwebb_Info_2010-11.doc (slu.se)
Les meir om ulv i Noreg her: Ulv i Norge - miljodirektoratet.no
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Klarte ikke å knekke havnespy med brent kalk12.7.2025 19:18:52 CEST | Pressemelding
Ny rapport viser at brent kalk ikke klarer å fjerne havnespy der det er mye av den uønskede fremmedarten.
Klarte ikkje å knekke hamnespy med brend kalk12.7.2025 19:18:52 CEST | Pressemelding
Ny rapport viser at brend kalk ikkje klarer å fjerne hamnespy der det er mykje av den uønskte framandarten.
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er nå klar. For to år siden kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er no klar. For to år sidan kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Klimasats-støtte til 99 prosjekter i kommuner og fylker4.7.2025 09:03:08 CEST | Pressemelding
Flere enn 45 kommuner og fylkeskommuner får til sammen 100 millioner kroner i støtte til klimatiltak. Se hvilke prosjekter som får støtte der du bor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom