Ozonholet har oppført seg uvanleg fjerde året på rad

Del

Ozonholet over Antarktis utvikla seg uvanleg tidleg i 2023, og vart eit av dei lengst varige hola som nokon gong har vorte observert.

Bilde av jordkloden, fotografert frå verdsrommet.
Kompleks kopling mellom ozonlaget og klimaendringar. Foto: Andrey Armyagov, Mostphotos

– Gjennom mange år med overvaking har vi fått mykje kunnskap om ozonlaget og har estimat på når det vil byggjast opp att. Likevel treng vi auka forståing av koplinga mellom ozonlaget og klimaendringar, og i kva grad skogbrannar, vulkanutbrot og andre forhold kan påverke ozonlaget, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Ozonholet over Antarktis pleier som regel å utvikle seg frå midten av august, for så å bli lukka igjen mot slutten av november. Men i 2023 starta utvidinga av ozonholet fleire dagar tidlegare enn forventa, og holet lukka seg også seinare enn normalt.

Ozonholet 2023 vart ein av dei største som nokon gong har vorte observert i midten av september, og også eit av dei lengst varige hola nokon gong har vorte registrert.

Det viser data frå Copernicus Atmosphere Monitoring Service (CAMS).

Lenkje: Monitoring of the ozone layer
Copernicus Atmosphere Monitoring Service (CAMS)

Spesiell utvikling dei siste fire åra

Sidan 2020 har ozonholet over Antarktis lukka seg seinare enn normalt, og holet har vore stort og vart lenge.

Når vi seier at ozonholet "blir lukka", meiner vi ikkje at det er eit hol som blir lukka bokstaveleg talt, men at mengda av gassen ozon over Antarktis overstig den kritiske grensa på 220 Dobson Units (sjå faktaboks). Når ozonverdiane er under 220 Dobson Units, blir det kalla eit ozonhol.

Når ozonholet finn stad over Antarktis, er UV-strålinga meir intens. For mykje UV-stråling kan gjere oss solbrent, auke risikoen for hudkreft og infeksjonssjukdommar, svekkje immunsystemet og føre til skade på plantar og dyr.

Viktig å følgje med på utviklinga i ozonlaget

Montrealprotokollen er ein internasjonal avtale som har bidrege stort til at ozonlaget no er i ferd med å friskne til gjennom å forby produksjon og bruk av ozonøydeleggjande stoff.

Likevel finst det andre faktorar som potensielt kan påverke evna ozonlaget har til å verne oss mot UV-stråling. Skogbrannar, vulkanutbrot og klimaendringar, er alle faktorar som verda ikkje kan kontrollere gjennom Montrealprotollen, men som likevel kan påverke ozonlaget og som det er viktig at vi følgjer med på.

– Klimaendringar og andre ytre faktorar kan påverke ozonlaget. Så sjølv om ozonlaget er i ferd med å friskne til, må vi framleis følgje med på kva som skjer med klimaendringane og i atmosfæren, seier miljødirektør Ellen Hambro.  

Faktaboks: Ozonlaget og ozonholet

Ozonlaget er eit lag av gassen ozon (O3) som omkransar jorda omtrent 15 til 35 km opp i atmosfæren. Ozonlaget vernar alt liv på jorda mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola. Jo tynnare ozonlaget er, desto større dosar skadeleg UV-stråling når jordoverflata, og oss menneske. Det går ein kontinuerleg naturleg produksjon og nedbryting av gassen ozon i stratosfæren (eit lag i atmosfæren), slik at tjukna på ozonlaget blir halden i balanse. Men årlege variasjonar i meteorologiske forhold påverkar ozonlagets år-til-år tjukn.

Ozonholet er eit område med tap av stratosfærisk ozongass over Antarktis, og blir definert som eit område med ozonverdiar lågare enn 220 Dobson Units (blir DU forkorta). Ein kan tenkje på ozonholet som eit ekstra tynt område i ozonlaget. DU er eit mål på tjukna av ozonlaget i ein vertikal kolonne frå jordoverflata til toppen av atmosfæren. Før 1970 felte ozonverdiane over Antarktis sjeldan under 220 DU, men det endra seg etter at menneske byrja å sleppe ut ozonøydeleggjande stoff.

Ozonholet utviklar seg frå midten av august over Sørpolen. Kombinasjonen av ozonøydeleggjande stoff, ekstremt låge temperaturar (som forårsakar perlemorskyer), ein sterk polarvirvel og sollys, fører til eit kraftig fall i konsentrasjonen av ozon i stratosfæren. Mot slutten av november, når temperaturen i stratosfæren aukar og vindane endrar seg, lukkar ozonholet seg igjen. Ozonholet i Antarktis blir brukt som eit mål på grad av tilfriskning av ozonlaget.

Klimaendringar og vulkanutbrot kan vere årsaker

Ifølgje ein ny rapport frå det norske klima- og miljøinstituttet Nilu, peikar forskarar på at vulkanutbrot og kraftige skogbrannar kan vere medverkande årsak til dei store ozonhola over Antarktis dei siste fire åra. Frå både skogbrannar og vulkanutbrot kan store mengder partiklar verte transportert opp i stratosfæren, noko som kan bidra til nedbryting av ozon.

I tillegg peikar forskarar på forhold relatert til endring i polarvirvelen, vindmønster på den sørlege halvkule og klimaendringar, som moglege årsaker til utviklinga i ozonholet dei siste åra. 

Det er behov for meir forsking for å forstå årsaka bak utviklinga av ozonholet dei siste åra.

– Målingar av ozon og ultrafiolett stråling (UV-stråling) frå dei siste fire åra demonstrerer at utviklinga av ozonholet over Antarktis framleis er eit aktuelt tema heile 40 år etter at menneske oppdaga "holet", og trass i den globale innsatsen med å forby produksjon og bruk av ozonøydeleggjande stoff, seier Tove Svendby, seniorforskar i Nilu.

Lenkje: Klima, ozon, UV og atmosfærisk forureining
Les ny rapport frå NILU

Faktaboks: Ozonlaget over Noreg

  • På oppdrag frå Miljødirektoratet overvaker Nilu statusen og utviklinga til ozonlaget over Noreg.
  • Ozonlaget har vorte målt direkte med ulike instrument ved tre stasjonar i Noreg sidan 1979: Oslo/Kjeller, Tromsø/Andøya og Ny-Ålesund. Noregs målingar av ozonlaget er ein del av ein internasjonal dugnad for overvaking av jordas ozonlag, der også satellittar bidreg stort til forståinga vår av statusen til ozonlaget.
  • I perioden 1979-1997 vart det registrert ein stor ozonreduksjon over Noreg. Deretter stabiliserte ozonverdiane seg på eit nivå på omtrent 2 prosent lågare enn verdiane før 1980.
  • I 2023 var ozonverdiane litt under langtidsgjennomsnittet, med låge ozonverdiar tidleg på vinteren og høge verdiar på våren.

Likevel positive nyheiter for ozonlaget

Ein studie nyleg publisert i tidsskriftet Nature, slår fast at mengda av dei ozonøydeleggjande gassane hydroklorfluorkarbon (HKFK-er) i atmosfæren for første gong har gått mykje ned. Mengda HKFK-er var på topp i 2021, og har sidan vorte redusert. Konsentrasjonen er no på eit nivå som er fem år tidlegare enn forventa. Dermed kan holet i ozonlaget truleg bli tetta raskare enn opphavleg estimert.

HKFK-er er kraftige klimagassar. Ein nedgang i konsentrasjonen av HKFK-er i atmosfæren er dermed viktig også for å redusere global oppvarming.

Det er også andre gode nyheiter. Den mest oppdaterte og omfattande vitskaplege rapporten om ozonlaget, Scientific Assessment of the Ozone Layer Depletion 2022, reknar med at nedgangen i ozonøydeleggjande stoff har spart menneskeslekta for millionar ekstra tilfelle av hudkreft. Det er takka vere det internasjonale arbeidet gjennom Wienkonvensjonen og  tilhøyrande arbeid gjennom Montrealprotokollen.

Rapporten melder også at verda vil spare 0,5-1,0 grader global oppvarming innan midten av  det 21. århundret, som følgje av etterleving av føresegnene i Montrealprotokollen.

Lenkje: A decrease in radiative forcing and equivalent effective chlorine from hydrochlorofluorocarbons

Lenkje: Scientific Assessment Ozone 2022

Faktaboks: Ozonlaget vernar alt liv på jorda

  • På 1980-og 1990-talet vart ozonlaget brote ned, hovudsakleg som eit resultat av menneskeskapte utslepp av ozonøydeleggjande stoff. Deretter følgde ein periode med stabilisering på 2000-talet, og ozonlaget har sidan vist teikn til restituering.
  • Ozonlaget var med andre ord i dårleg fatning for 30-40 år sidan, men er no i ferd med å friskne til. Det er takka vere godt internasjonalt samarbeid.
  • Wienkonvensjonen for vern av ozonlaget vart underteikna i 1985 og ratifisert av alle FN-land i 2009. Den la grunnlag for Montrealprotokollen, ein internasjonal avtale som i 1987 forbaud bruk og produksjon av ozonøydeleggjande stoff. Den har vore avgjerande for ei sakte og sikker gjenoppbygging av ozonlaget.
  • Montrealprotokollen blir ofte trekt fram som ein av dei mest suksessfulle internasjonale miljøavtalane i historia.

Nøkkelord

Lenker

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye