Framleis vekst i utanlandsreisande, nedgang innanlands og nok ein rekord i droneflyging

Del

4,8 millionar reisande nytta alle Avinor sine lufthamner i august. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med august i fjor.

Trygve E. Tømensen / Avinor

Ein stor del av veksten kjem av utanlandske turistar til Noreg. Det er persontrafikken utanlands som aukar, med heile 8 prosent. Innlands persontrafikk gjekk tilbake med 1 prosent samanlikna med august i fjor. 

Trenden held fram 

-Vi ventar at auka i utanlandske turistar vil halde fram i åra som kjem. Denne utviklinga har vi sett ein god stund nå, og våre prognosar viser at denne utviklinga vil vare ved. Sjølv om tala og inneheld norske reisande til utlandet, er veksten i hovudsak driven av utanlandske turistar, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.  

Passasjertal og flyrørsler 
2 470 278  passasjerar reiste innanlands i august. Dette er 1 prosent færre enn i august i fjor. Talet på reisande utanlands var 2 259 174, noko som er 8 prosent høgare enn august førre året.  

Det var 54 595 kommersielle flyrørsler i august, 3 prosent færre enn i august i fjor.  

Talet på bruk av Ninox Drone er dobla på eit år 

I august vart det meldt inn 2541 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar. – Vi ser eit stadig aukande tal droneflygingar, seier Mats Gjertsen, som leiar droneprogrammet til Avinor. - No har vi passert 12 000 registrerte brukarar i Ninox Drone, noko som er ein dobling på eit år. 

Dokumenter

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye