Regjeringa har vald konsept for E134 arm til Bergen: No skal det lagast ein utviklingsstrategi for strekninga
Konseptvalgutgreiinga for E134 arm til Bergen er klar. No ber Samferdselsdepartementet Statens vegvesen om å gå vidare med alternativet konsept 1, som Konseptet følger i grove trekk følgjer dagens Fv. 49 frå Trengereid til Jondal, videre til Odda og langs Rv. 13 til Jøsendal.
– E134 er ein viktig vegforbindelse mellom aust og vest, men manglar ein god kopling til Bergen. Med denne avgjersla legg regjeringa til rette for å kunne lage ein utviklingsstrategi for forbindelsen. Dette er viktig fordi vi veit at strekninga har lang reisetid med dårleg vegstandard enkelte stader, i tillegg er deler av strekninga rasutsett, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
Statens vegvesen har utarbeida konseptvalgutgreiing for E134 arm til Bergen. Den har vore på høyring, og det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS1). Utgreiinga tar for seg ulike alternativ for tilknyting av Bergensområdet til E134 ved Jøsendal, og det vidare arbeidet skal no ta utgangspunkt i konsept 1.
– Konsept 1 er eit framtidsretta val for utviklinga i Hardanger. Dette har ein kjempa for lokalt i lang tid. At ein kan byggje stegvis gjer det mogleg med viktige utbetringar på dagens veg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Konsept 1 legg godt til rette for trinnvis utbygging og gjenbruk av eksisterande veg. No får Statens vegvesen i oppgåve av departementet å lage ein utviklingsstrategi saman med Vestland fylkeskommune.
– Med utviklingsstrategien ønskjer vi å få betre kunnskap om utfordringane, mogleg trinnvis utbygging og kva strekningar som bør prioriterast i det vidare arbeidet, seier Nygård.
Om oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Klart for fase 2 av Bypakke Grenland i Telemark: – Det gode arbeidet for enklare og grønare reisekvardag held fram20.6.2025 11:58:13 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet la i dag, 20. juni 2025, fram forslag om delvis bompengefinansiering av Bypakke Grenland fase 2.
Regjeringa set ned eit lovutval for å greie ut ny veglov20.6.2025 11:57:22 CEST | Pressemelding
Det er i statsråd i dag, 20. juni 2025, satt ned eit offentleg utval som skal greie ut og foreslå ein ny veglov.
Ingrid Dahl Hovland fortsetter som vegdirektør20.6.2025 11:57:02 CEST | Pressemelding
I statsråd i dag, 20. juni 2025, ble det bestemt at Dahl Hovlands åremål som direktør for Statens vegvesen forlenges med en ny periode.
192 forskningsmillioner skal vise vei til lavutslippssamfunnet Norge19.6.2025 07:10:00 CEST | Pressemelding
Regjeringen oppretter tre nasjonale forskningssenter for transport, som de neste åtte årene skal gi Norge kunnskap vi trenger for å bygge framtidens transportsystem.
Skal fjerne to krevjande punkt på Rv. 5213.6.2025 16:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal lyse ut kontraktar for å fjerne to av dei mest krevjande punkta på Rv. 52. Storeskare bru skal skiftast ut og vegen mellom Tuv og Venås skal utbetrast.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom