Gutar med høgare nivå av miljøgifter kom seinare i pubertet
Forskarar ved Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus og Folkehelseinstituttet har undersøkt samanhengar mellom nivå av miljøgifter i blodet og pubertetsutvikling hjå 300 gutar i Bergen. Resultata viste at dei med høgare nivå av miljøgifter kom seinare i pubertet.
Gruppa miljøgifter som blei analysert, kalla per- og poly- fluoralkyl stoff (PFAS), består av kjemikaliar som blir brukte i kvardagsprodukt som klede, kosmetikk og matemballasje. Mange av desse stoffa blir brotne ned svært sakte, og hopar seg opp i naturen og i menneske. Nesten alle menneske på jorda har PFAS i blodet, med mat og drikkevatn som dei største eksponeringskjeldene.
PFAS har hormonforstyrrande eigenskapar, men få studiar har sett på samanhengar mellom PFAS-nivå og pubertetsutvikling, særleg hjå gutar.
PFAS-nivå blei målt hjå born i alderen 6-16 år som ein del av Vekststudien i Bergen 2 frå 2016. I tillegg til miljøgifter, undersøkte forskarane ulike markørar for pubertet, inkludert ultralydmålt testikkelvolum, testosteronnivå og gradering av kjønnshår.
Resultata frå studien viste at dei med høgare PFAS-nivå hadde mindre testikkelvolum og lågare testosteronnivå samanlikna med sine jamnaldrande.
Sjølv om det er publisert få liknande studiar tidlegare, er funna i tråd med det ein har sett i dyrestudiar.
– Vi sit på unike data, og er dei første som har brukt ultralyd når ein undersøker samanhengen mellom PFAS-nivå og pubertet hjå menneske. Korleis PFAS kan forstyrre hormonbalansen og pubertetsutvikling er framleis uklårt.
– Vi treng meir forskning for å forklare desse mekanismane» seier Ingvild Halsør Forthun, doktorgradsstipendiat ved Klinisk institutt 2, UiB.
Vidare vil forskningsgruppa undersøke PFAS-nivå og pubertetsdata frå jentene i Vekststudien i Bergen 2.
Forskningsartikkelen er tilgjengeleg her: https://pubs.acs.org/doi/full/10.1021/acs.est.4c06062?fbclid=IwY2xjawFLf...
Nøkkelord
Kontakter
Ingvild Halsør ForthunPhD-kandidatKlinisk institutt 2, Universitetet i Bergen
Tel:91346635ingvild.halsor.forthun@helse-bergen.noFølg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Magnus Lagabøtes plass har endelig fått gateskilt4.10.2024 13:30:04 CEST | Pressemelding
Magnus Lagabøtes plass fikk sitt navn for 30 år siden, men skiltet kom først på plass under Landslovsjubileet.
Ny forskning: Et betydelig løft i karbonfangst og -lagring er avgjørende for å nå 2 °C klimamålet3.10.2024 15:20:46 CEST | Pressemelding
– Den gode nyheten er at hvis CCS kan vokse like raskt som andre lavkarbonteknologier har gjort, vil 2 °C-målet være innen rekkevidde. Den dårlige nyheten er at 1,5 °C sannsynligvis fortsatt vil være utenfor rekkevidde, sier forsker ved Universitetet i Bergen, Jessica Jewell.
Bergensforskere avdekker lynets hemmeligheter3.10.2024 10:35:39 CEST | Pressemelding
I siste nummer av det prestisjetunge tidsskriftet Nature presenteres banebrytende forskning på jordisk gammastråling som oppstår i forbindelse med tordenstormer.
Åpner nytt senter for sammensatte sykdommer og aldring30.9.2024 09:00:00 CEST | Pressemelding
UiB inviterer til den offisielle åpningen av CC.AGE (Complex Conditions and Ageing) - for at eldre skal kunne leve trygt og selvstendig hjemme med god livskvalitet.
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet (UiB) endrer navn26.9.2024 11:00:00 CEST | Pressemelding
Nytt navn fra 1. oktober er Fakultet for naturvitenskap og teknologi.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom