Nå kan du bruke Trall, heile Noregs songbok-app, på samisk, nynorsk og engelsk
24.9.2024 09:32:55 CEST | OsloMet | Pressemelding
Songbok-appen Trall er nå tilgjengeleg på samisk, for dei som vil bruke samisk i kvardagen og formidle samisk kultur.

Den samiske kulturarven er viktig for heile Noreg. Men det finst få appar på samisk som familiar, skolar og barnehagar kan bruke.
Trall er ein innovativ og prisvinnande app som spring ut av barnehagelærarutdanninga ved OsloMet. Trall vart lansert for to år sidan, og så langt har appen berre vore tilgjengeleg med norsk bokmål som språk.
Nå blir det mogleg å velje nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk, nynorsk eller engelsk som språk for å navigere i appen – uavhengig av kva språk telefonen eller nettbrettet er stilt inn på.
Løftar fram samisk kultur
– Intensjonen bak Trall har heile tida vore å bevare og formidle, og i tillegg vidareutvikle den rike songkulturen vi finn i Noreg, seier leiar for Trall Pia Lang-Holmen.
– Ved å gjere Trall tilgjengeleg på samiske språk, ønsker vi å løfte fram den samiske kulturen og gjere den meir tilgjengeleg både for den samiske befolkninga og for den norsktalande befolkninga.
Høyr to eksempel på musikk på samisk i Trall:
- Njåemele - harens joik, med ÅVLA (youtube.com)
- Duna Duna - skoltesamisk leu'dd med Anna Lumikivi og Espen Wensaas (youtube.com)
Mangel på samiske læringsressursar
Det er mangel på samiske læringsressursar i Noreg. Omsetjinga av Trall til dei tre offisielle samiske språka betyr at barnehagebarna og skoleelevane som har samisk som språk, nå kan få tilgang til eit digitalt musikkverktøy på sitt eige språk.
Også familiar som ønsker å bruke meir samisk heime, kan få god nytte av Trall.
Mange samiske songar
Trall har gitt ut nyinnspelingar av fleire samiske songar, blant desse “Bjørnen sover” og fleire folketonar på det utryddingstrua språket skoltesamisk. Det er den finske artisten Anna Lumikivi som synger på dei skoltesamiske songane.
Trall har også innspelingar av Samefolkets song – den samiske nasjonalsongen - på nordsamisk, sørsamisk og bokmål. Den sørsamiske versjonen av nasjonalsongen har det til no vore vanskeleg å finne innspelingar av.
Sjå liste over alle songane og artistane som finst i Trall (trallapp.no)
Kjærkomme for nynorskbrukarar
Omsetjinga til nynorsk betyr at Trall nå kan vere eit fullverdig læringsverktøy for Noregs mange nynorskkommunar. Trall har allereie songar på fleire dialektar.
– Undersøkingar vi har gjort i Trall-prosjektet viser at mange barnehagar og skolar bruker tenester som Spotify og YouTube som støtte til song- og musikkaktivitetar. Vi ønsker å tilby eit kvalitetssikra alternativ. Trall er som songbøkene som ble brukt før, men snakkar rett til sansane og inspirerer til leik, dans og song, seier Lang-Holmen.
Den engelskspråklege versjonen av Trall vil også gjere appen meir tilgjengeleg for brukarar som manglar norskkunnskapar.
– Vi ønsker at song skal bli ein meir naturleg del av kvardagen, og at Trall gjer det enklare å bygge fellesskap ved å synge saman.
Fakta om Trall
- Trall er ein digital songbok-app lansert i 2022. Den er utvikla av forskarar og musikkpedagogar ved barnehagelærarutdanninga ved OsloMet.
- Appen inneheld rundt 200 songar spelt inn med over 260 musikarar på 25 språk.
- Den kunstnariske redaksjonen består av Elisabeth Anvik, Ingrid Danbolt, Nina Engesnes, Liv Anna Hagen og Siri Haukenes. Pia Lang-Holmen leiar arbeidet.
- Trall har per september 2024 meir enn 8500 brukarar totalt, og nesten 1500 daglege brukarar.
- Trall fekk økonomisk støtte frå Sametinget og UNESCO for å utvikle samisk versjon av appen, og spele inn fleire songar på samisk.
- Trall har vunne fleire prisar, mellom anna Scandinavian Business Award 2024 for Best children's music app og Gull i Grafills visuelt-konkurranse i 2023 for intuitivt design.
- Les meir om Trall - heile Noregs songbok-app (trallapp.no)
Kontakt
Leiar for Trall: Pia Kristine Lang-Holmen. piakris@oslomet.no, tlf. +47 915 55 029.
Nøkkelord
Kontakter
Siv Tonje Sperati HåkensenKommunikasjonsrådgiver
Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier
Bilder







Om oss
OsloMet – storbyuniversitetet har cirka 22.000 studenter og 2.600 ansatte, og har studier i Pilestredet og på Kjeller.
OsloMet tilbyr et bredt spekter av høyere utdanning innen profesjonsrettede studier i Norge.
OsloMet er også en ledende leverandør av forskningsbasert kunnskap for velferdssamfunnet.
Følg pressemeldinger fra OsloMet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra OsloMet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra OsloMet
Presseinvitasjon: Lansering av Ung i Oslo 20263.6.2026 14:07:58 CEST | Pressemelding
Oslo kommune inviterer til lansering av Ung i Oslo-undersøkelsen 2026. 44 000 elever fra 5. trinn til Vg3 i Oslo har deltatt i undersøkelsen.
Barn bekymrer seg for hvordan KI påvirker voksne8.5.2026 10:54:17 CEST | Pressemelding
Forskere har snakket med barn og unge mellom 13-18 år om KI-generert innhold. Noe av det de bekymret seg for var hvor bevisste de voksne var på hva som var ekte.
Gjeldsregisteret hjelper bankene, men øker presset på låntakere8.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
De nye gjeldsregistrene skal hjelpe banker og privatpersoner med større kontroll, men brukes også kommersielt. Et dilemma for myndighetene, mener forsker.
Velkommen til produktdesignstudentenes avgangsutstilling6.5.2026 16:14:43 CEST | Pressemelding
Interessert i framtidens design? Kom til Lillestrøm! I samarbeid med Nitja senter for samtidskunst ønsker Institutt for produktdesign velkommen til Every Thing Design, årets avgangsutstilling for studentene på produktdesign ved OsloMet.
Dette tenker barn og unge om «retusjert person»-merkingen4.5.2026 14:45:31 CEST | Pressemelding
Både barn og unge – og markedsførere – er skeptiske til merkingen av reklame, men av ulike grunner.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom