Statens vegvesen

Statens vegvesen held fram med å utbetra E134 frå Røldal og austover

Del

Forarbeida starta i mai. No er det klart for å etablera  nytt slitelag i vei og på fortau og gang- og sykkelstiar på strekninga Shell Røldal-Liamyrane.

Arbeidet er på E134 i dette området. Kart: Statens vegvesen
Arbeidet er på E134 i dette området. Kart: Statens vegvesen

Sist veke vart veibanen frest og klargjort for asfaltering, saman med sluttføringa av forarbeidet før asfaltering på fortau/gang/sykkelstier

Asfaltarbeidet vil føregå heile veke 37 (neste veke) , frå mandag morgon til torsdag ettermiddag/kveld, og kanskje deler av veke 38.

Etter at asfaltarbeidet er ferdig, skal det etablerast fresespor for vegoppmerking, før den avsluttande vegoppmerkinga finn stad.

– Respekter trafikkdirigeringa

Det vil vera manuell trafikkdirigering mens arbeidet pågår. Statens vegvesen ber trafikantane på det sterkaste om å respektera dette.

– Vi har forståing for at venting kan oppfattast krevjande for trafikantene, men oppmodar trafikantane om å hugsa på at trafikkdirigering er del av noko som er uendeleg mykje større enn ein sjølv og eins eige utolmod der og då. Det handlar om trafikktryggleiken for oss alle, både trafikantane og dei som jobbar på og langs vegen for at han skal vera sikker og framkomeleg ikkje berre i dag, men også i morgon. Og det er nettopp derfor vi gjer vedlikehald som dette, som ein del av vårt samfunnsoppdrag, seier prosjektleiar Bjørn I Andersen i Statens vegvesen.

Asfaltarbeida er avhengige av at det blir fint vér.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye