Høg vasstand i Drammen og indre Oslofjord 23. august
Mange følgde spent med på vasstanden i Drammen fredag 23. august. Nokre hadde ein Elvefestival og eit tivoli å passe på, andre følgde med på båtar og brygger. Om femti år kan denne vasstanden vere ei årleg hending.

– Det skal berre omlag 25 cm havnivåstigning til for at hendinga den 23. august blir ei årleg hending. Ifølgje ein havnivårapport frå Norsk klimaservicesenter vil dette med dagens klimapolitikk kunne skje rundt år 2070–2080, seier seksjonssjef og oseanograf Aksel Voldsund i Kartverket sin sjødivisjon.
Sesongen for stormflod i Noreg startar vanlegvis først i oktober. Den høge vasstanden som ramma indre Oslofjord og Drammen var ei kraftig hending som skjedde tidleg, men var det ny rekord?
Hos Kartverket og Meteorologisk institutt var spenninga difor knytt til kva den nye vasstandsmålaren i Solumstrand ville vise.
Rekordtidleg stormflod
Kartverket har sett på statistikken over innsamla vasstandsdata. Både Oscarsborg, Oslo og Solumstrand nådde alle 5-års høgvatn. Solumstrand nådde opp til 10-års høgvatn, men ettersom tidsserien her framleis er kort, er desse nivåa delvis basert på statistikk frå Viker. I Oslo og Oscarsborg kom vasstanden eit par centimeter over 5-års høgvatn.
Basert på grenseverdien 5 års høgvatn, var dette ei rekordtidleg hending. Det er ingen av Kartverket sine permanente vasstandsmålarar som har kome over 5-års høgvatn i august. (Dei aller nyaste permanente vasstandsmålarane er ikkje med i statistikken då desse har for korte tidsseriar.)
Eit 5-års høgvatn er et nivå som i gjennomsnitt blir overstige éin gong kvart femte år. Ein annan måte å seie dette på er at det er 20 prosent sannsynleg at dette nivået vil overstigast kva år som helst.
Gult farevarsel
Det vart sendt ut gult farevarsel for høg vasstand i Oslofjorden og Drammensfjorden 23. august:
Eit lågtrykk vest for Noreg gav kraftig sønnavind i Skagerrak og Oslofjorden. Dette førte til at vatn blei «dytta» inn i Oslofjorden og gav høgare vasstand enn normalt. I ytre Oslofjord blei det målt opp til liten storm (Færder fyr, 21.6 m/s) denne fredagen. I tillegg til lågt lufttrykk, resulterte dette i eit vêrbidrag til vasstanden på over 1 meter; 117 cm fredag klokka 19.20 for Drammen og 120 cm for Oslo.
Ny vasstandsmålar gir betre varsel
Vasstandsinformasjon i Drammensfjorden har tidlegare vore basert på målestasjonar utanfor fjorden. I november i fjor installerte Kartverket ein permanent vasstandsmålar ved Solumstrand, i samarbeid med Drammen kommune og Drammen hamn.
Ettersom vasstanden i Drammensfjorden kan vere påverka av både Drammenselva og at innløpet til fjorden ved Svelvik er veldig smalt, har vi no mykje meir nøyaktig informasjon om vasstanden i fjorden.
Da farevarselet om høg vasstand kom, måtte beredskapssjefen i Drammen kommune ta kontakt med arrangøren av Elvefestivalen og førebu dei på den høge vasstanden. Fagmiljø i Kartverket og hos Meteorologisk institutt vart også kontakta i førebuingane. Samstundes vart det ein dialog med flaumvarslinga i NVE om vasstand og vassføring i elva.
– Med ny vasstandsmålar kan vi no jobbe kunnskapsbasert, slik at vi veit på centimeteren kor langt vatnet vil gå. Vatnet i Drammen steig raskt 23. august, opp mot 30 cm i timen. Det er ganske heftig her hos oss. Vatnet trakk seg relativt fort tilbake. Det såg ut som ein bølge som kom og gjekk. Dette var ikkje ei typisk stormflod som står gjennom timar og døgn. Denne gjekk fort opp til maks og tilbake igjen, seier beredskapssjef Sten Petter Aamodt i Drammen kommune.
Den høge vasstanden i Drammen førte til at Lunds Tivoli stod under vatn og måtte stenge kvelden fredag 23. august, men var opent som normalt laurdag. Uteserveringa på Skutebrygga restaurant måtte stenge da vatnet kom opp gjennom golvet. Også Drammen stasjon som er under ombygging fekk utfordringar med tilkomsten til toga.
Etter kvart vil målingar frå den nye vasstandsmålaren ved Solumstrand også forbetre vasstandsvarsla frå Meteorologisk institutt. Drammen er eit område der det finst mykje infrastruktur ved sjøen og utløpet av Drammenselva. Derfor er betre varslingsmodellar svært nyttig. Betre vasstandsdata styrker både i beredskapsarbeid og kunnskapsgrunnlaget for klimatilpassing for m.a. kommunar.
Framtidig havnivå
Havnivåstigning i framtida kan føre til at areal, bygningar og infrastruktur som i dag ligg på land, kan fløyme over – enten permanent eller ved høge vasstandar. Det er klimaendringar som gjer at havet stig. Nye berekningar i havnivårapporten frå Norsk klimaservicesenter viser at det meste av norskekysten vil oppleve havnivåstigning.
I ein ny havnivårettleiar frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) gis det konkrete råd og anbefalingar om korleis kommunane skal bruke tala for havnivåstigning i sitt planarbeid. Kommunane er anbefalt å bruke ein eller fleire ulike strategiar i dette arbeidet.
Høgaste målte vasstand
Tabell 1: Oscarsborg, Oslo og Solumstrand nådde alle 5 års høgvatn. Solumstrand nådde opp til 10 års høgvatn, men ettersom tidsserien her framleis er kort, er desse returnivåa delvis basert på statistikk frå Viker. Dermed er det større uvisse på dei tala.
|
Stasjon |
Høgaste målte vasstand (cm over NN2000) |
Tidspunkt 23. august |
5 års høgvatn |
|
Viker |
107,6 |
18:00 |
117 |
|
Oscarsborg |
124,4 |
18:40 |
123 |
|
Oslo |
131,1 |
19:10 |
129 |
|
Solumstrand |
129,6 |
19:19 |
123 |
Vasstandsvarsel og farevarsel
Meteorologisk institutt lager vasstandsvarsel og sendar ut farevarsel for høg vasstand. Observasjonar av vasstand i sanntid blir brukt til å korrigere varsla frå modellane, samt av vakthavande meteorolog, for å verifisere varsla som blir sendt ut. I ettertid kan vi samanlikne varsla vasstand med fasiten, som vist i figuren under.
Informasjon om observert og varsla vasstand, tidvatn, framtidig havnivå og landheving er tilgjengeleg for alle i Kartverket sin teneste Se havnivå. Kartverket har nasjonalt ansvar for å måle havnivået. Dette omfattar vasstandsmåling og geodetiske målingar.
Nøkkelord
Kontakter
Aksel Voldsundseksjonssjef og oseanograf i Kartverkets sjødivisjon
For intervju:
Åsgeir Størdalkommunikasjonsrådgivar i Kartverket
Tel:32 11 83 23Tel:40 06 76 20asgeir.stordal@kartverket.noBilder



Lenker
Om oss
Kartverket blei etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg som framleis er i drift. Oppgåvene våre har endra seg i takt med digitaliseringa av samfunnet. Vi er ei morderne og innovativ verksemd med blikk for framtida.
Følg pressemeldinger fra Kartverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kartverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kartverket
Vil ha utvikler-dialog om kartdata24.10.2025 14:20:04 CEST | Pressemelding
Kartløsningene som Kartverket forvalter, opplever kapasitetsproblemer parallelt med et teknologisk skifte. For å skape dialog rundt plattformen Geonorge, inviterer Kartverket nå utviklermiljøene til brukerkonferanse.
Første godkjente utdanning for eiendomslandmålere21.10.2025 13:22:04 CEST | Pressemelding
– Dette er en viktig milepæl for både utdanningssektoren og eiendomsforvaltningen i Norge, sier avdelingsdirektør Lars Elsrud i Kartverket. Norges miljø- og biovitenskapelige universitet blir den første utdanningsinstitusjonen i landet som får godkjent sitt studieprogram som kvalifiserende for autorisasjon av eiendomslandmålere.
Regjeringen vil oppgradere kartløsningene for en halv milliard15.10.2025 14:11:16 CEST | Pressemelding
– Dette vil sikre og forbedre samfunnskritiske kart og kartdata for fremtiden, som er viktige for søk- og redning, Forsvaret og en rekke andre samfunnsområder, sier fungerende kartverkssjef Knut Bjørgaas.
Nye sjøkart gir sikrere seilas i Hammerfest havn26.9.2025 15:26:45 CEST | Pressemelding
Innseilingen til Hammerfest havn blir enda tryggere etter at Kartverket denne uken ga ut nye elektroniske sjøkart. Kartene gir en bedre og mer detaljert oversikt over dybdeforholdene i havna.
Hva skjer når satellittsignaler forsvinner?15.9.2025 13:12:06 CEST | Pressemelding
Norge settes på prøve. Denne uken tester Kartverket sårbarheter i den kritiske infrastrukturen for posisjonsdata under Jammertest 2025 på Andøya.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom