Eit skritt nærmare bygging av Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn 2 på Nye SUS
På styremøtet til Helse Vest RHF onsdag 28. august vart det bestemt at lånesøknadene til to store byggjeprosjekt på Vestlandet, Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn to i Stavanger, blir endra. Dermed kan sjukehusa låne meir pengar til byggjeprosjekta, som er godt nytt.
– Kortversjonen av denne styresaka er at vi får låne litt meir pengar til desse viktige byggjeprosjekta, og vi treng å spare opp litt mindre eigenkapital før vi kan få lån. Dette er bygg som trengst og er svært viktig for både medarbeidarar og pasientar at vi får bygd. Derfor vurderer vi dette som positivt, seier Per Karlsen, økonomidirektør i Helse Vest RHF.
I Nasjonal helse- og samhandlingsplan har regjeringa foreslått å auke lånet til byggjeprosjekt frå 70 prosent i den såkalla P85-kostnadskalkylen til 90 prosent i den såkalla P50-kalkylen. Viss forslaget blir vedteke av Stortinget, vil det kunne gjelde frå statsbudsjettet i 2025.
Les styresaka på helse-vest.no.
Les om Årstadhuset på helse-bergen.no
Les om byggetrinn 2 av Nye SUS på helse-stavanger.no
Kan auke lånet frå 70 prosent til 90 prosent
Per no er det søkt om lån tilsvarande 70 prosent av kostnadsramma basert på P85, men dette kan da endrast til 90 prosent av P50. Det vil i praksis seie at lånet til Årstadhuset går frå 574 millionar til 596 millionar kroner, og lånet for fase ein i byggetrinn 2 på nye SUS går frå 1200 millionar til 1335 millionar kroner.
– Dette vil gje auka tilgang på likviditet til å gjennomføre byggjeprosjekta. Det er framleis lån som vi må betale tilbake over tid. Sjølv om gjeldsbelastninga og rentekostnader blir høgare i framtida, vurderer vi det likevel samla sett som positivt å sikre likviditet til å gjennomføre investeringane. Dermed kan sjukehusa truleg starte bygginga av sjukehusbygga som vi verkeleg treng, litt tidlegare, seier Karlsen.
Den endelege avgjerda om låneopptaket blir teke når forprosjekta blir behandla i styremøte i Helse Vest RHF.
Fakta: Kva vil P50 og P85 seie?
Kostnaden på nye bygg er basert på kostnadskalkylar, som til dømes P50 og P85. Ein P50-kalkyle vil seie det sjukehusbygget normalt kjem til å koste, og ein P85-kalkyle vil seie ei øvre kostnadsramme som inkluderer uventa kostnader.
Nøkkelord
Kontakter
Mirjam KlingenbergSenior kommunikasjonsrådgiver
Tel:95876839klimir@helse-vest.noBilder
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Fekk ned ventetidene med telefonpoliklinikk21.6.2024 15:30:00 CEST | Pressemelding
Frå å ha lange og aukande ventelister, har no nevrokirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus så god kapasitet at dei kan avlaste andre sjukehus. Kva har dei gjort? Dei har brukt telefonen.
Felles innsats for å få ned ventetidene20.6.2024 10:50:27 CEST | Pressemelding
Ventetida er for lang for nokre behandlingar. Regjeringas Ventetidsløftet skal bidra til å få ned ventetidene i sjukehusa.
Slik ser investering og drift i sjukehusa i vest ut dei neste ti åra19.6.2024 15:56:09 CEST | Pressemelding
På styremøtet til Helse Vest RHF onsdag vart kanskje den viktigaste saka i året behandla; nemleg den økonomiske langtidsplanen. Den viser korleis drifta og investeringane i sjukehusa i Helse Vest kan bli dei neste ti åra.
Dette forska sjukehusa på i 202330.5.2024 13:34:52 CEST | Pressemelding
Hologram, virtuell verkelegheit og robotskannar. I 2023 blei det gjort mykje god og viktig forsking i sjukehusa, der fleire ulike verktøy blei tatt i bruk. Torsdag 30. mai blei rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt for ellevte gong.
Nye avtalar med rehabiliteringsinstitusjonar17.4.2024 13:38:31 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF har inngått nye avtalar med private rehabiliteringsinstitusjonar. Med dei nye avtalane er tilbodet til barn og unge styrkte.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom