Ny unik studie på NIH: Skal gje testosterontilskot til eldre menn
Kan musklane hugse at dei har fått testosteron eller har trena tidlegare i livet? NIH-forskarar håpar svar frå ein heilt spesiell studie vil kunne vere med på å betre alderdomen.

I 2013 viste forsking frå Universitetet i Oslo at mus som tidlegare har mottatt testosterontilskot kan oppnå betydeleg raskare muskelvekst ved seinare trening.
Sjølv om det var opphald på fleire månadar utan trening og testosteron.
Dette tyder på at kortvarig bruk av testosteron kan ha langvarige effektar i muskel lenge etter at testosteronet er ute av kroppen.
For fyrste gong på menneske
Muskelen kan dermed hugse tidlegare testosteronbruk og dette blir omtalt som “muskelhukommelse”.
Om musklane våre har ein slik hukommelsesmekanisme kan kortvarig bruk av doping ha langvarige prestasjonsfremjande effektar lenge etter dopingmiddelet er ute av kroppen.
Desse funna blei gjort på mus, og har ikkje blitt undersøkt hos menneske.
Før nå.
Kan treningseffekten bli betre av tidlegare testosteronbruk?
Tidlegare har forskingsgruppa dokumentert at tidlegare trente menneskelege musklar veks og auka styrken meir etter ein treningsperiode, enn ikkje-trente musklar.
Dei relaterte denne “muskelhukommelsen” til informasjon som blir lagra på DNA-nivå
– Formålet med prosjektet er å undersøke om det eksisterer ein muskelhukommelse på DNA-nivå i samband med tidlegare styrketrening og/eller kortvarig testosteronbruk, og om dette kan føre til betre treningseffekt seinare i livet, seier Daniel Tømmerbakke som er stipendiat på prosjektet.
Opnar for at testosterontilskot kan vere positivt i korte periodar
– Mange tenkjer på testosteron som doping, men for mange menneske med ulike sjukdommar er det medisin. Me treng meir kunnskap om korleis desse mekanismane verkar og dei positive og negative sidene av testosterontilskot, forklarer Tømmerbakke.
Han trur resultata kan ha mykje å seie for spesielt eldre menn.
– Me veit at tap av muskelmasse og lågare testosteronnivå, påverkar livskvaliteten til eldre menn. Forhåpentlegvis kan resultata me får her bidra til at me veit meir om korleis denne gruppa kan oppretthalde funksjonsevne, fungere betre kognitivt og ikkje minst ha eit godt liv.
Dei vil også sjå på psykologiske mål i studien som livskvalitet og søvn, for å finne ut om auka testosteronnivå kan ha noko å seie for korleis deltakarane har det.
Hypotesen til forskarane er at også den muskelmassen du opparbeider deg over ein kort periode kan ha livslange positive effektar.
I tillegg vil resultata kunne påverke antidopingreglane i idretten og avgjere konsekvensane av misbruk av testosteron når det gjeld utestenging av idrettsutøvarar.
Tre fasar i prosjektet
Alt av etisk godkjenning er sjølvsagt på plass, og behandlinga kjem til å skje i trygge rammer.
– Ein blir fylgd opp av legespesialistar som er ekspertar på dette. Deltakarane vil få låge dosar av testosterontilskot i kontrollerte former, som også vil føre til langt færre biverknadar enn det ein kanskje har lest om, fortel Tømmerbakke.
Dei 40 forsøkspersonane skal gjennom tre fasar i prosjektet.
- Fase 1: Ei behandlingsfase (ti veker) der ei av gruppene får testosterontilskot og den andre eit placebo-tilskot med eller utan styrketrening.
- Fase 2: Ei fase utan behandling og trening (tolv veker) der deltakarane held fram sitt vanlege liv som vanleg.
- Fase 3: Til slutt ei fase (ti veker) med styrketrening med to-tre økter i veka, utan behandling.
Studien er ein dobbeltblinda, randomisert, placebo-kontrollert undersøking som vil seie at deltakarane blir tilfeldig trekt ut til deltaking anten i ein av testosterontilskot-gruppene eller ei kontrollgruppe, og verken deltakarane eller forskarane veit kven som får testosteron og ikkje.
Forskingsprosjektet er eit samarbeid med Oslo universitetssykehus. Vil du vite meir om kva det inneber å delta i studien?
Kontakter
Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgjevar/innhaldsprodusentNorges idrettshøgskole
Tel:97095329gjermunde@nih.noOm oss
Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.
Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Ny rapport: Halvparten av deltagerne har opplevd krenkelser i barne- og ungdomsidretten3.12.2025 11:38:12 CET | Pressemelding
– Vi bør justere innholdet i trenerutdanningen og ha inn flere tiltak på forebygging av psykiske krenkelser, mener forsker Kari Fasting etter å ha undersøkt omfanget av krenkelser i barne- og ungdomsidretten.
Lansering av rapporten «Krenkende opplevelser i barne- og ungdomsidretten»26.11.2025 12:33:02 CET | Presseinvitasjon
Hvilke krenkende opplevelser opplever barn og ungdom i idretten? En ny rapport gir innsikt knyttet til psykisk og fysisk vold, og seksuell trakassering i barne- og ungdomsidretten.
Jorunn Sundgot-Borgen tildeles Kongens fortjenstmedalje16.10.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding
Professor Jorunn Sundgot-Borgen ved Norges idrettshøgskole (NIH) er tildelt Kongens fortjenstmedalje for sitt livslange og banebrytende arbeid innen kvinnehelse, spiseforstyrrelser og idrettsmedisin. Medaljen vil bli overrakt i en høytidelig seremoni mandag 20. oktober.
Frukostseminar: Kva seier forskinga om trening og ernæring for eldre?17.9.2025 07:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Korleis bør eldre over 70 år trene og ete for å bevare ei sterk helse lengst mogleg? På frukostseminaret: "Sterk helse for ein trygg alderdom", får du presentert ny forsking og praktiske anbefalingar.
Nytt NIH-senter for kvinnehelse inviterer til seminar16.9.2025 15:10:00 CEST | Presseinvitasjon
Senter for kvinnehelseforskning i idrett og fysisk aktivitet ved Norges idrettshøgskole (NIH) inviterer til dagsseminar om kvinnehelse og trygg trening. Vi hedrer også professor Kari Bø for sitt viktige arbeid innen kvinnehelse.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom