Fem millioner kroner til forsking på medier og dataspill
Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.

Forskarar, journalistar, masterstudentar eller andre med gode forskingsprosjekt kan søke om midlar når Medietilsynet skal fordele om lag 5,2 millionar kroner til medieforsking. Forskinga skal vere praktisk orientert og skal kunne brukast i mediekvardagen.
Søknadsfristen i år er 18. oktober, og pengane blir fordelte på nyåret.
Forsking på mediemangfald og kritisk medieforståing er prioritert
Midlane går til forskings- og utviklingsarbeid knytt til media og mediebruk, og prosjekta skal ha både ein teoretisk og praktisk nytteverdi.
– Forsking innanfor mediemangfald, kritisk medieforståing og dataspel blir prioritert, seier avdelingsdirektør Hanne Sekkelsten i Medietilsynet.
Medietilsynet påpeikar at mediemangfald og kritisk medieforståing er viktig for eit velfungerande demokrati, og at det derfor er viktig med forsking på desse områda.
750 000 kroner er øyremerkt forsking på dataspeling
Av forskingsmidlane ein nå kan søke på, er 750 000 kroner øyremerkt forsking på dataspel. Det er nær ei dobling av potten siden forrige utlysing.
– Desse midla skal gi meir nyttig kunnskap om dataspill-feltet. Det kan blant anna gje grunnlag for å drive betre førebygging av spilleproblemer, sier Sekkelsten.
Eitt av måla i regjeringas handlingsplan mot speleproblem 2022-2025 er nettopp å finne ut korleis styrkane til dataspeling kan brukast til at færre får speleproblem.
Søkarane kan forvente svar mot slutten av januar 2025.
Les meir om medieforsking på Medietilsynets nettsider.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil RuudkommunikasjonsrådgiverKommunikasjon og rådgivning
Tel:+4790667828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noHanne Nistad Sekkelstendirektør for juridisk og regulatorisk avdeling
Tel:48076123hanne.sekkelsten@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Hard kamp om innovasjonsstøtte til media20.10.2025 13:47:25 CEST | Pressemelding
Medietilsynet skal fordele nær 24 millionar kroner i innovasjonsstøtte i år. Da søknadsfristen gjekk ut før helga, hadde 87 søknadar kome inn, med ønske om til saman meir enn det dobbelte – nær 60 millionar kroner.
Unge gamarar frå heile landet nominert til Ibelinprisen15.10.2025 14:53:33 CEST | Pressemelding
Femten ungdomar i alderen 12-18 år er med i kampen om Ibelinprisen, som om ein månad skal delast ut for første gong. Dei nominerte er frå fritidsklubbar i heile landet.
Kampen mot desinformasjon blir styrkt i statsbudsjettet15.10.2025 14:11:50 CEST | Pressemelding
Regjeringa vil styrke innsatsen på teknologisk motstandskraft og kritisk medieforståing. I statsbudsjettet blir det foreslått ei styrking av Medietilsynet med åtte millionar kroner i tillegg til fem millionar til skiping av eit nytt forskingssenter på det offentlege ordskiftet.
Sámi aviissat ožžot lagabui 44,4 miljovnna ruvnnudoarjaga10.10.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Mediabearráigeahčču lea juohkán doarjaga aviissaide mat oainnusmahttet sámi čállingiela. Dat vihtta aviissa Ávvir, Ságat, Snåsningen, Meråkerposten ja NordSalten Avis ožžot oktiibuot 44.385.000 ruvnnu doarjaga 2025:s.
Samiske aviser får nær 44,4 millionar kroner i støtte10.10.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet har fordelt støtte til aviser som gjer dei samiske skriftspråka synlege. Dei fem avisene Ávvir, Ságat, Snåsningen, Meråkerposten og NordSalten Avis får til saman 44 385 000 kroner i støtte i 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom