Ta studiepoeng i Jon Fosse
16.8.2024 15:19:48 CEST | Universitetet i Stavanger (UiS) | Pressemelding
No kan du ta eit djupdykk i forfattarskapen til Jon Fosse. Universitetet i Stavanger og Sølvberget samarbeider om ein seminarserie om Jon Fosse sin forfattarskap. Tre tema står sentralt; fjorden, heimen og melankolien. Seminara er opne for alle. Om du følgjer seminarserien og gjennomfører ein litterær samtale som eksamen, kan du også få studiepoeng i Fosse.

Det er andre gongen UiS og Sølvberget samarbeider om ei slik seminarrekkje. Interessa og oppslutnaden i fyrste runden var overveldande, fortel studiekoordinator Kristin Henanger Haugen ved Institutt for kultur og språkvitskap.
‒ Det er ingen tvil om at folk er nysgjerrige på, og har stor interesse for, Jon Fosse. Difor er det morosamt og inspirerande å sjå kva me kan få til når gode fagkrefter ved UiS og Sølvberget går saman og løftar kunnskap ut på denne måten. Seminarrekka er tilgjengelig for alle, og kan til og med gje studiepoeng for dei som er ute etter det, fortel Henanger Haugen.
Ho oppmodar om å kontakte universitetet raskt dersom ein er interessert i å ta mikroemnet i Jon Fosse. Sjå nedst i saka for meir informasjon.
Tre førelesingar
Kvart undervisningsmøte vil fungere som ein kombinasjon av tradisjonelle førelesingar og diskusjonar i mindre grupper. Kvart møte vil legge størst vekt på eitt verk, men vil óg hente fleire eksempel frå andre tekstar og sjangrar i forfattarskapen.
I det første møtet vil vi sjå på heimen som tematikk i forfattarskapen til Fosse. Heimen rommar óg tema som vern, relasjonar, familie og kommunikasjon. Forelesinga vil ta utgangspunkt i dramatikken til Fosse, og då særleg dramaet Namnet (1995), som skal lesast i forkant. Vi vil også kome inn på heimen som tema i fleire av Fosse sine teaterstykke, og i lyrikken hans.
I det andre møtet skal vi sjå nærare på sjøen, som speler ei sentral rolle i Fosse sin forfattarskap. Folk er ute i båt for å finne einsemd, for å kjenne kontakt med rytmen i bølgjene – og her kjem dei nokre gonger i kontakt med det verkeleg store som kvelvar seg over tilværet vårt, med døden og Gud. Dette møtet vil ha særleg fokus på romanen Morgon og kveld (2000), som skal lesast i forkant.
I den tredje forelesinga skal vi utforske melankoli som tematikk i Fosse sin forfattarskap. Melankolien kjem til uttrykk som uro, fortviling og galskap, men òg som skaparkraft, skriving og kunst. Forelesinga vil særleg ha fokus på romanen Naustet (1989), som ein skal lese i forkant, men vil også kome inn på melankoli som tema i andre av Fosse sine romanar og i lyrikken hans.
Litterær samtale som eksamen
Om du vel å følge seminarserien som eit studium, får du også vere med på ein litterær samtale med andre kursdeltakarar om Fosse sin forfattarskap og det de har lært og diskutert i seminara. Denne litterære samtalen er faktisk eksamen og gjer at du kan bli blant dei første i verda som får studiepoeng i Jon Fosse.
Les meir om seminara og korleis du melder deg opp for å ta dette som eit studium (mikroemne) her:
Jon Fosses forfatterskap | Universitetet i Stavanger (uis.no)
Er du interessert i å ta dette emnet? Send ein mail til mikroemne.iks@uis.no
Kontakter
Kristin Vestrheim CrannerUniversitetet i Stavanger
Tel:93243872kristin.v.cranner@uis.noOm oss
Universitetet i Stavanger har en innovativ og internasjonal profil og er en drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosesser i samfunnet. Samfunnsoppdraget vårt er å utfordre det velkjente, utforske det ukjente.
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Slår alarm i ny rapport: Barnehagelærere flykter fra yrket3.3.2026 09:02:36 CET | Pressemelding
Flere år med positiv utvikling i barnehagesektoren er brutt. En fersk rapport viser at for første gang på 20 år, jobber under halvparten av alle utdannede barnehagelærere faktisk i en barnehage.
Ny 3D-utstilling om ukrainsk kulturarv27.2.2026 07:33:00 CET | Pressemelding
Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger har bidratt til å lage et virtuelt museum for å bevare og dele Ukrainas truede kulturarv.
UiS-professor Elaine Munthe utnevnt som æresdoktor ved UiT Norges arktiske universitet18.2.2026 10:01:39 CET | Pressemelding
– Vi er stolte, og forstår godt at hun har blitt denne æren til del, sier rektor Klaus Mohn ved UiS.
Går mann av huse for å få med seg forelesning om dømmekraft9.2.2026 16:30:36 CET | Pressemelding
Tre dager før den tyske sosiologen Hartmut Rosa holder den årlige Henrik Steffens-forelesningen ved UiS er alle de 625 plassene i et av Norges største auditorier revet bort, og ventelisten bare vokser.
Tettere samarbeid om helseteknologi5.2.2026 13:01:47 CET | Pressemelding
Universitetet i Stavanger har forsterket samarbeidet med Laerdal Medical. Ett av prosjektene forskerne skal jobbe med, skal gjøre nødsamtaler hos 113 enklere å håndtere ved hjelp av kunstig intelligens.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom