Høge karakterkrav på mange studium og få ledige plassar ved NTNU
NTNU fyller dei aller fleste studieplassane med godt kvalifiserte søkjarar innanfor eit svært omfattande studietilbod.
NTNU har sendt ut i alt 17 149 tilbod om studieplass i år. 14 157 av desse gjeld studiar i Trondheim. Ålesund gir 1372 tilbod, medan Gjøvik gir 1887.
– Det er generelt svært attraktivt å studere ved NTNU. I all hovudsak fyller vi studieplassane våre med godt kvalifiserte studentar innanfor breidda av våre utdanningar. Mange studium har svært høge inntakskrav og lange ventelister, seier Marit Reitan, prorektor for utdanning ved NTNU.
Dette gjeld mellom anna medisin, psykologi, mange masterprogram i teknologi og økonomiutdanningar.
Innan teknologistudia er det spesielt høge karakterkrav for førstegangssøkjarar for å kome inn på industriell økonomi og teknologileiing, nanoteknologi, kybernetikk og robotikk, samt flyingeniør.
– Vi bekreftar vår dominerande posisjon i Noreg innan teknologiutdanningar og økonomistudiar med teknologisk profil, seier Reitan.
Ledige studieplassar vert raskt fylt opp
Også NTNU er påverka av den nasjonale trenden der færre vil bli lærarar og lektorar. Det var 140 ledige studieplassar ved grunnskolelærarutdanningane ved årets opptak.
– Då var det svært positivt at dei ledige studieplassane som vart lagt ut i grunnskulelærarutdanningane, raskt vart fylt opp, seier Reitan.
Samstundes presiserer ho at NTNU enno ikkje veit om alle dei som har søkt desse plassane, er kvalifiserte. NTNU tok valet å oppretthalde karakterkrava både på sjukepleiar- og lærarutdanningane sjølv om Kunnskapsdepartementet har opna for å søkje om dispensasjon.
– Vi meiner at det bør vere høge krav for å ha dei naudsynte forkunnskapane til å gjennomføre slike krevjande studium, seier Reitan.
Lang venteliste for sjukepleiestudiet i Trondheim
Det er høge karakterkrav og lang venteliste for å studere sjukepleie i Trondheim. I Gjøvik og Ålesund vart det lagt ut ledige studieplassar innan sjukepleie. Desse plassene er no fylt opp, også her med atterhald om at søkjarane er kvalifiserte.
Elles er det venteliste på alle helse- og sosialfagutdanningane ved NTNU. Nytt av året er medisinutdanning med delt studiestad mellom Trondheim og Gjøvik.
– Det er svært mange kvalifiserte søkjarar til alle våre studiestadar innan medisin. Vi er særlig fornøgde med stor interesse for medisinstudiet med studiestad i Gjøvik, seier Reitan.
Stor interesse for nytt flyingeniørstudie
Det nyoppretta flyingeniørstudiet med 25 studieplassar er svært populært, og her står 603 på venteliste.
– Studiet vart oppretta på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet for å fylle eit viktig samfunnsbehov, og vi er glade for å sjå stor interesse for dette programmet, seier Reitan.
Bekymra for bortfall av kjønnspoeng
Opptakstala viser eit kjønnsdelt utdanningsmønster. 35 prosent av dei som har fått tilbod om plass innafor teknologi er kvinner. For lærar- og helseutdanningar er det 66 og 82 prosent kvinner.
Kunnskapsdepartementet har vedteke at NTNU ikkje får bruke kjønnspoeng på nokre av dei femårige teknologistudia. Det er også langt færre av dei treårige ingeniørstudia som har fått kjønnspoeng. Dette har gjennomgåande ført til lavare kvinneandel.
– NTNU er bekymra for dette. Vi ønskjer at det framleis skal være mogleg å bruke treffsikre verkemedel for å få økt kvinneandelen innanfor teknologiområdet. Vi ser fram til å diskutere dette med Kunnskapsdepartementet i prosessen med utforming av det nye opptakssystemet som kjem til hausten, seier Reitan.
Kontaktinformasjon: Marit Reitan, prorektor for utdanning. Mobil 918 97 881 https://www.ntnu.no/ansatte/marit.reitan
Kontaktinformasjon: Tor Grande, rektor ved NTNU. Mobil 976 16 918 https://www.ntnu.no/ansatte/tor.grande
Nøkkelord
Kontakter
SamfunnskontaktNTNU
samfunnskontakt@komm.ntnu.noBilder
Følg pressemeldinger fra NTNU
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NTNU på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NTNU
Tor Grande ansatt som ny rektor ved NTNU15.5.2024 12:18:16 CEST | Pressemelding
Tor Grande (60) blir tilbudt stillingen som ny rektor ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) frem til 2029. Han er professor i materialkjemi.
Anne Borg slutter som rektor ved NTNU, Tor Grande overtar15.12.2023 11:07:03 CET | Pressemelding
Anne Borg har trukket seg som rektor ved Norges største universitet, NTNU. Hun fratrer med umiddelbar virkning. Styret har konstituert Tor Grande som ny rektor. Grande har vært prorektor for forskning og formidling ved universitetet siden 2021.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom