Seks entreprenørar ønsker å bygge ny Røldalstunnel på E134
9.7.2024 10:16:53 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Det er stor interesse i marknaden for bygging av ny Røldalstunnel på E134 mellom Røldal og Seljestad. No er lista over entreprenørar som vil delta i konkurransen klar.

Seks entreprenørar har bede om å verte prekvalifisert for å bygge Noregs fjerde lengste vegtunel, Røldalstunnelen. Dei seks er:
- AF Gruppen Norge AS
- Arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS
- Hæhre Entreprenør AS
- Arbeidsfellesskapet Impenia Norge AS og TT Anlegg AS
- Itinera S.P.A .
- Arbeidsfellesskapet Leonhard Nilsen & Sønner AS og Obrascón Huarte Lain, S.A
Prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen er svært nøgd med den store interessa som blir vist prosjektet, og gler seg til å sjå gjennom tilbydarane.
– Det er utruleg kjekt at så mange viser interesse for prosjektet. Det legg grunnlaget for ein spanande prosess fram mot tildeling av hovudentreprisen.
Prekvalifisering og forhandlingar
Prosjektet skal no gå gjennom dokumenta frå tilbydarane for å sjå om dei oppfyller kvalifikasjonskrava. Deretter blir det evaluering og rangering basert på dokumentasjonen dei har levert, før tre til fem av entreprenørane som er best kvalifisert går vidare til neste fase.
Prosjektet er lyst ut som totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel med tilknyting mellom Røldal og Seljestad. E134 er eit av hovudsambanda mellom aust og vest, og den nye tunnelen vil gi tryggare veg og kortare køyretid. Kontrakten har ein verdi på 2,5 milliardar ekskl. mva og omfattar:
- 1,7 km ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
- 1,2 km ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på ca. 0,7 km
- Ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på om lag 12,4 km.
- Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.
– Det blir spanande å etter kvart få starte opp konkurransen og forhandlingane til hausten. Spesielt spanande blir det å sjå korleis dei ulike tilbydarane stiller seg til kravet om bruk av elektriske maskinar i drifta, seier Lykkebø.
Etter overordna mål om å streve etter utsleppsfrie anleggsplassar er ei av føringane i prosjektbeskrivinga at entreprenøren skal ta i bruk ein betydeleg mengde elektriske maskinar i drifta. Med god tilgang på utbygd kraftnett i nærleiken er tilhøva gode for elektrisk anleggsdrift.
Kontrakten skal etter planen verte signert i løpet av våren 2025, med byggestart sommaren 2025. Vegopning skal etter planen skje i 2031.
Kontakter
Frode LykkebøProsjektleiarStatens vegvesen Utbygging
Tel:91595865frode.lykkebo@vegvesen.noGeir HolenKommunikasjonsrådgiverStatens vegvesen
Tel:95968286geir.holen@vegvesen.noLenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
AVLYST: Ny milepæl for elektrisk tungtransport – megawatt-lader åpner på Vinstra 1. september28.8.2026 16:04:21 CEST | Pressemelding
På grunn av Hans Majestet Kong Haralds bortgang er den planlagte markeringen på tirsdag avlyst inntil videre.
På måndag startar utbedringa av E1428.8.2026 07:55:00 CEST | Pressemelding
Trafikantane må rekne med mellombelse trafikkendringar og periodar med lysregulering gjennom anleggsområdet dei neste to månadene.
Har tildelt arbeid på E39 Betna-Stormyra27.8.2026 14:24:41 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen mottok 13 tilbud på kontrakten for fullføring av E39 Stormyra – Staurset. Laveste pris lå på 145 millioner kroner.
Medieinvitasjon: Ny milepæl for elektrisk tungtransport – megawatt-lader åpner på Vinstra 1. september27.8.2026 14:02:42 CEST | Pressemelding
Uno-X og Statens vegvesen inviterer mediene til åpningen av en ny ladestasjon for tungtransport på døgnhvileplassen i Vinstra vegpark ved E6 i Gudbrandsdalen.
I gang med bygging av ny gang- og sykkelveg langs rv. 2227.8.2026 13:37:25 CEST | Pressemelding
Arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen mellom Nygårdshaugen og Holmegil i Sarpsborg er i gang. Myke trafikanter skal få et tryggere og sammenhengende tilbud langs rv. 22.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom