Oppmodar til lokale tiltak for å avgrense laksefiske
Lokale elveeigarlag for laksefiske bør vurdere å innføre eigne tiltak som reduserer mengda laks som blir fanga.

Miljødirektoratet førebur seg på å gjennomføre ei ny vurdering av laksefisket i elv og sjø. 5. juli startar den årlege midtveisevalueringen av laksefisket, og konklusjonane om det vidare fisket i sommar vil vere klare rundt 9. juli. Evalueringa vil inkludere laksefiske både i dei 33 elvane og sjøområda som Miljødirektoratet stengde 23. juni, og elvar og sjøområde i Nordland, Troms og Finnmark.
Vurderinga vil i stor grad basere seg på tilgjengeleg informasjon om førebels innsig av laks frå sjøen og opp i elvane. Dette inkluderer mellom anna fangstrapportering frå opne vassdrag, overvåkningsnøter og kameraovervaking.
Lokal forvaltning har eit viktig ansvar
Elvane som vart stengde 23. juni var elvar som normalt har ein vesentleg del storlaks, og som hadde oppnådd mindre enn 200 prosent av gytebestandsmålet i 2023.
Viss innsiget av laks til elvane framleis ser ut til å vere kritisk lågt 5. juli, må Miljødirektoratet vurdere å innføre meir inngripande tiltak. Dette kan både gjelde store elvar, og i mindre elvar i heile eller delar av landet. Som Miljødirektoratet også opplyste om i pressemelding 21. juni, kan lokale elveeigarlag kanskje unngå dette ved å innføre eigne tiltak som reduserer fangsten av laks tilstrekkeleg. Miljødirektoratet oppmodar derfor lokal forvaltning på nytt om å vurdere situasjonen i vassdraget sitt, og innføre nødvendige avgrensingar i laksefisket.
Lokal forvaltning har eit viktig ansvar for at gytebestandsmålet blir oppnådd. Det vil seie at det er nok laks igjen til gyting til hausten. Viss målet for ein bestand ikkje blir nådd, må Miljødirektoratet vurdere å redusere fisket ved å korte ned fisketid eller ikkje opne for fiske også på lengre sikt.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ulovlig laksefiske fortsatt like utbredt18.10.2025 11:02:08 CEST | Pressemelding
Fortsatt foregår det omfattende tyvfiske, særlig i nord.
Ulovleg laksefiske framleis like utbreidd18.10.2025 11:02:08 CEST | Pressemelding
Framleis går det føre seg omfattande tjuvfiske, særleg i nord.
Kommuner kan få støtte til å redusere utslipp av klimagasser16.10.2025 09:58:20 CEST | Pressemelding
Kommuner og fylkeskommuner kan søke penger til klimatiltak gjennom Klimasats. I statsbudsjettet for 2026 er det foreslått 108,1 millioner kroner til ordningen.
Skagerrakkysten rammes stadig hardere av klimaendringer14.10.2025 15:06:01 CEST | Pressemelding
Økt nedbør og varmere klima rammer Skagerrakkysten hardt. Tang og tare vokser vesentlig dårligere enn for få år siden, og fiskens matfat har krympet.
Skagerrakkysten blir stadig ramma hardare av klimaendringar14.10.2025 15:06:01 CEST | Pressemelding
Auka nedbør og varmare klima rammar Skagerrakkysten hardt. Tang og tare veks vesentleg dårlegare enn for få år sidan, og matfatet til fisken har krympa.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom