31 prosjekt får bustadsosialt tilskot

Del

Husbanken deler ut 14,7 millionar kroner i tilskot til bustadsosiale tiltak i 2024. Tilskotet går til prosjekt som bidreg til å førebygge at folk blir vanskelegstilt på bustadmarknaden, og at fleire kan skaffe seg ein god bustad.

Et eldre par sitter i en stue, snakker sammen og ler. Foto.
Husbanken deler ut 17,7 millionar koroner i tilskot til bustadsosiale tiltak i 2024. Getty Images Redaksjonell, ikke kommersiell bruk.

Tilskota blir delte ut til frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar i heile landet.

Husbanken har teke imot 72 søknader om bustadsosialt tilskot i 2024. Av desse får 31 prosjekt tilskot.

– Det har vore stor interesse for årets tilskot og mange gode søknader. Vi har prioritert prosjekt som har stor overføringsverdi og som kan gi innspel til andre satsingar, seier administrerande direktør i Husbanken, Jan Hjelle.

Bustadkarriere for unge med nedsett funksjonsevne og startlån til tilpassing for eldre

Her er nokre eksempel på prosjekt som får tilskot:

Skaun kommune har fått 500 000 kroner for å redusere sårbare overgangar mellom foreldreheim/institusjon/folkehøgskule og eigen heim for unge med nedsett funksjonsevne. 

Universitet i Tromsø har fått 400 000 kroner til arbeid med aldersvennlege lokalsamfunn i eit vinterklima. Prosjektet skal samanlikne eksisterande kunnskap om klimatilpassing av fysiske omgivnader. Dei skal òg kartlegge klimatiltak i samband med handtering av snø i by- og bumiljø.

Askøy kommune har fått 670 000 kroner for å auke bruken av startlån til tilpassing av bustad for eldre. Dei skal bruke pensjonistar med byggeteknisk bakgrunn som «tiltakslosar» og lage ein informasjonskampanje retta mot eldre, om startlån og tilpassing av bustad.

Valdres næringshage har fått 800 000 kroner til eit pilotprosjekt om energirapport for bustader. Dei skal formidle informasjon om tilgjengelege støtteordningar og lage anbodspakkar med bustadtiltak, for å redusere energibruken i bustader.

Kriterium for å få tilskot

Husbanken har vurdert søknadene ut frå om prosjekta bidreg til:

  • å styrke arbeidet i kommunane med å busette flyktningar
  • at fleire personar med nedsett funksjonsevne på lik linje med andre, kan velje kor og korleis dei vil bu
  • å skaffe eigna bustader for eldre i heile landet
  • å trygge buforhold for leigetakarar og auke kunnskapen om leigemarknaden
  • å utvikle nye metodar, konsept og løysingar for bustadsosialt arbeid i heile landet
  • å utvikle nye bustadkonsept og måtar å jobbe på, som bidreg til at det blir enklare for barnefamiliar og låginntektsgrupper å etablere seg i eigna bustad
  • kunnskapsutvikling og -formidling, informasjon til målgrupper og bustadsosiale utgreiingar

– Vi har òg lagt vekt på at kunnskapen som blir utvikla i prosjekta blir dokumentert, formidla og blir delt på ein slik måte at andre kan ha nytte av erfaringane frå prosjektet, seier prosjektleiar Gry Kongsli i Husbanken.

Desse prosjekta får tilskot:

Namn på søkar

Namn på prosjekt 

Tilskotsbeløp

Askøy kommune

Føre var – Prosjekt for å betre informasjon om, og auke bruk av, startlån til tilpassing av eksisterande bustader til eldre i Askøy kommune

670 000

Balsfjord næringsutvikling

Bu- og blilyst i Balsfjord og Storfjord

500 000

Bodø kommune

Ny by Bodø – Ein bydel for alle

600 000

Flekkefjord kommune

Bupilot-kontor og utvikling av kurs for byggenæring og handverkarar

670 000

Flekkefjord kommune

Frå leigetakar til eigar – eit inkluderings-, normaliserings- og kunnskapsprosjekt

360 000

Halden kommune

Trygt i hamn

320 000

Halden kommune

Ein bustad for alle

275 000

Helseinn

Mobil visningsheim – Mobil læringsarena for tryggleiks- og meistringsteknologi

494 000

Inderøy kommune

Bustadsosialt utviklingsprosjekt fase 1

200 000

Indre Østfold kommune

Val av tilbod og overgang til varig bustad for ungdommar i ettervern – Sjølvstendig ung vaksen

650 000

Indre Østfold kommune

Kartlegging av auka kunnskap om leigemarknaden i Mysen sentrum

250 000

KBL

KBL – utvikle og spreie kunnskap og god praksis innan bustadpolitikk og bustadsosialt arbeid og vidareføre dette til kommunane i landet

250 000

Kongen sitt senter/ Boligsiftelsen eldres heim

Nye Kongens Senter – framtidas aktivitets- og bustadsenter for eldre og funksjonshemma i Kristiansand

500 000

Leieboligforeningen

Samtalar om bustadpolitikk

300 000

NBBL

Nettverk bustadkjøpsmodellar

150 000

Norce

Nye buformer i eit generasjonsperspektiv

450 000

NTNU Samfunns-forsking

Why/Not in my backyard: Utprøving av verktøy for dialog i to kommunar

800 000

Ny boligplan

Ny bustadplan #3

150 000

Oslo Kommune

Bumiljømodell i modulbygg

500 000

Oslo Met

Bustadkjøpsmodellane – tiltak i den heilskaplege bustadpolitikken i kommunane?

950 000

SAFO

Funksjonshemma sitt sjølvstende i eigen heim

160 000

Sarpsborg kommune

Bustadkoordinator – Bustadkontora i framtida

1 100 000

Skaun kommune

Kompetanseutvikling sårbare overgangar (Redusere sårbare overgangar til ungdom med nedsett funksjonsevne

500 000

Steinkjer kommune

Stodtunet

400 000

Stiftelsen CRUX

Prosjekt Mellom-rom

521 000

Stiftelsen Kirkens Bymisjon Vestfold

Tønsberg – Ung i Bolig (gode heilskaplege bustadløysingar for unge 18–25 år) Fase 2 Iverksetting

700 000

Tøyen Boligbyggelag

Prosjektmoglegheiter for ideell sektor som utviklar og tilbydar av bustader

260 000

Tøyen Boligbyggelag

Bok om ein ideell tredje bustadsektor

140 000

UIT – master i landskapsarkitektur

Aldersvennlege lokalsamfunn – i eit vinterklima

400 000

Valdres Næringshage

Folkets Kraftløft

880 000

Ørsta kommune

Fleksibelt budstadkonsept til flyktningar

600 000

Fakta om tilskotet

Tilskot til bustadsosiale tiltak er ein del av tilskotsordninga «Tilskot til bustadtiltak». I denne ordninga inngår òg tilskot til bustadtiltak i distrikta og driftstilskot til leigetakarorganisasjonar. Den totale tilskotsramma for ordninga er 37,5 millionar kroner i 2024. Dette er ein auke på 15,3 millionar frå 2023. Husbanken har i 2024 teke imot 146 søknader om til saman 133 millionar kroner.

Desse fekk tilskot til bustadtiltak i distrikta

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Følg pressemeldinger fra Husbanken

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Husbanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Husbanken

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye