TV 2 oppfylte alle krav som allmennkringkastar i 2023
TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i tråd med krava i fjor og får full kompensasjon på 135 millionar kroner. Det er konklusjonen i tilsynsrapporten frå Medietilsynet.

Som kommersiell allmennkringkastar skal TV 2 blant anna levere daglege, riksdekkande nyheitssendingar med base i den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen, norskspråklege program for barn og unge og førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama.
Over 400 millionar kroner er investert i norsk film og tv-drama siste fem år
TV 2 har totalt investert nær 430 millionar kroner i norsk film og tv-drama sidan avtalen starta i 2019, og har dermed med god margin oppfylt forpliktinga om å investere minst 250 millionar kroner i slike produksjonar i løpet av avtaleperioden. Kombinert med kravet om at TV 2 også skal sende førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama, har avtalen bidratt til premierar for nye, originalskrivne norske dramaproduksjonar på hovudkanalen til TV 2.
– At dei norske allmennkringkastarane fremmer norskprodusert innhald som reflekterer norsk historie, kultur og samfunnsforhold, blir stadig viktigare i ein globalisert film- og strøymemarknad, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Ho peiker på at TV 2 også bidrar til å styrke norsk språk og identitet gjennom ein betydeleg formidling av norskspråkleg innhald. I 2023 var 54 prosent av programma på hovudkanalen norskspråklege. TV 2 oppfylte dermed kravet om at slike program skal fylle minst 50 prosent av sendetida.
Eit solid redaksjonelt miljø utanfor hovudstaden
Hovudredaksjonen til TV 2 er i Bergen, og dei fleste som jobbar med nyheitssendingane på hovudkanalen, er tilsette der. 2023 var eit år med eit stort behov og høg interesse for nyheitsinnhald, både nasjonalt og internasjonalt. I tilsynsrapporten frå Medietilsynet går det fram at TV 2 hadde ei viktig rolle i dekninga av kommune- og fylkestingsvalet, og at utanriksjournalistane rapporterte frå krigssoner og viktige politiske hendingar ulike stader i verda. TV 2 rapporterer at det i 2023 blei jobba med å synleggjere korleis nyheitsredaksjonen jobbar med å vere ein tydeleg og trygg avsendar av nyheiter som folk kan ha tillit til.
– Redaktørstyrte journalistiske medium er viktige informasjonskjelder i ei tid der den teknologiske utviklinga gjer det stadig enklare å produsere og spreie desinformasjon. Gjennom lokaliseringa i Bergen, sørger TV 2 dessutan for eit solid redaksjonsmiljø utanfor Oslo, seier Velsand.
Ny femårsavtale frå i år
2023 var det siste året i den førre avtaleperioden TV 2 hadde med staten om å vere kommersiell allmennkringkastar. Sist haust inngjekk tv-kanalen ei ny avtale med Kultur- og likestillingsdepartementet for perioden 1. januar 2024 til 31. desember 2028. Hovudlinjene i den førre avtalen blir vidareførte, i tillegg er det tatt inn krav som styrkar både nyheitsdekninga frå heile Noreg og investeringane i norsk film og tv-drama.
Les heile allmennkringkastingsrapporten for TV 2 i 2023 her.
Hovudkonklusjonar frå tilsynet med TV 2 for 2023:
- TV 2 hadde daglege nyheitssendingar frå den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen. Med 154 redaksjonelle årsverk og over 300 millionar kroner i redaksjonelle kostnader til nyheitssendingane på hovudkanalen TV 2 Direkte oppfyller TV 2 forpliktingane med god margin.
- TV 2 oppfylte krava om tilbod til barn ved å vise norskspråkleg barne-tv kvar helg og ha 16 millionar kroner i kostnader til denne typen program.
- TV 2 oppfylte krava om tilbod til unge ved å sende jamlege norskspråklege program for unge i alderen frå 13 til 19 år og ha 6,3 millionar kroner i kostnader til denne typen program.
- TV 2 formidla førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama og innfridde med god margin kravet om årleg gjennomsnitt på 50 millionar kroner til innkjøp av produksjonar.
- TV 2 oppfylte krava om å formidle allmennkringkastingsinnhaldet lineært på hovudkanalen TV 2 Direkte og ikkje-lineært i TV 2 Play. TV 2 oppfylte også kravet om å vere tilgjengeleg i distribusjonsnett som kan bli tatt imot av minst 95 prosent av alle husstandane i Noreg (teknisk dekning).
- Med hovudredaksjon og sentral nyheitsredaksjon i Bergen tilfredsstiller TV 2 kravet om at desse redaksjonane skal vere lokaliserte minst 100 kilometer utanfor Oslo. TV 2 oppfylte krava om at Bergen er staden der både større og mindre avgjerder knytte til programsamansettinga og nyheitene blir tatt, og majoriteten av dei redaksjonelt tilsette i desse redaksjonane har arbeidsstaden sin der.
- Med 54 prosent norskspråklege program på hovudkanalen oppfylte TV 2 kravet om at norskspråklege program skal utgjere minst 50 prosent av sendetida. TV 2 hadde ei rekke nynorsktalande nyheitsanker og reporterar i 2023 og oppfylte kravet om å nytte begge dei offisielle målformene.
- TV 2 oppfylte krava om breidde i tema og sjangrar. I 2023 valde TV 2 å dekke dei fem kategoriane samfunns-/informasjonsprogram, sport, dokumentarprogram, underhaldning og natur og vitskap, og alle krava til hyppigheit og omfang er oppfylte.
- TV 2 har etterlevd retningslinjene for rekneskapsmessig skilje i 2023, og i tråd med resultatet får TV 2 full kompensasjon på 135 millionar kroner for å ha levert allmennkringkastingsoppdraget.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil RuudkommunikasjonsrådgiverKommunikasjon og rådgivning
Tel:+4790667828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noMari Velsanddirektør i Medietilsynet
Tel:+47 913 28 448mari.velsand@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet har fordelt støtten til lokalkringkasting12.6.2025 08:57:27 CEST | Pressemelding
Drøyt hundre lokale kringkastere har fått til sammen nær 24 millioner kroner når Medietilsynet nå har fordelt tilskuddet til lokale lyd- og bildemedier. Om lag halvparten går til å digitalisere lokalradio.
Medietilsynet: NRK nær å oppfylle nynorsk-kravet i 202411.6.2025 06:50:00 CEST | Pressemelding
NRK innfridde i 2024 kravet om 25 prosent nynorsk på radio og tv, og var nærmare kravet på nett enn nokon gong tidlegare. Tilsynsrapporten frå Medietilsynet viser elles at NRK i det store og heile oppfylte allmennkringkastingsoppdraget i fjor.
Medietilsynet: Positivt at det vurderes lovendringer for å beskytte barn og unge på nett10.6.2025 12:34:14 CEST | Pressemelding
Mulige lovendringer for å trygge barn og unge i digitale medier, gjennomgang av skadelighetsbegrepet, vurdering av elektronisk aldersverifisering i sosiale medier og strengere regulering av teknologiselskapene. Dette er punkter Medietilsynet trekker fram som viktige i stortingsmeldingen om trygg digital oppvekst, som regjeringen har lagt fram.
To kinofilmer fikk høyere aldergrense etter tilsyn6.6.2025 13:28:10 CEST | Pressemelding
To filmer med premiere denne helgen har fått endret aldergrense fra 9 til 12 år etter tilsyn. Distributørene har selv endret grensen for The Phoenician Scheme og Karate Kid: Legends etter tilbakemelding fra Medietilsynet.
Medietilsynet med oppdatert oversikt over norske medieaktører3.6.2025 06:50:00 CEST | Pressemelding
En ny versjon av Mediedatabasen gir oversikt over en rekke ulike data om norske medieaktører og medier.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom