Norges idrettshøgskole

Meiner toppidrettsskular må prioritere tid til måltid: – Må bli meir enn komponentar på tallerkenen

Del

Den hektiske kvardagen til unge topputøvarar påverkar korleis ungdomane ser på kosttilskot, viser ny NIH-studie. – Ta noko ut av timeplanen og legg inn tid til måltid på toppidrettsgymnas, foreslår stipendiat Anette Skilbred.

Stipendiat Anette Skilbred ville finne ut kva som påverkar toppidrettselevars syn på mellom anna kosttilskot. Studien er finansiert av Antidoping Norge og Norges idrettsforbund. Foto: Daniel Kivle.
Stipendiat Anette Skilbred ville finne ut kva som påverkar toppidrettselevars syn på mellom anna kosttilskot. Studien er finansiert av Antidoping Norge og Norges idrettsforbund. Foto: Daniel Kivle. Daniel Kivle NIH

Anette Skilbred har gjort djubdeintervju (kvalitative intervju) med 24 ungdomar.

Alle gjekk på private toppidrettsgymnas og dreiv med handball, fotball, skiskyting, ishockey, friidrett, svømming, langrenn og motocross.

Mange av dei skildrar ein hektisk kvardag der tida til å lage eit skikkeleg måltid ikkje strekk til. 

«Også kommer jeg hjem dusjer også spiser jeg. Egentlig burde jeg ha spist før jeg dusjer fordi man må jo ha i næring så fort som mulig for å få så mye som mulig ut av økta, men hvis jeg er litt svett og sånn så blir jeg fort kald og da er det jo fort gjort å bli syk, så ofte så kan jeg ta med meg en brødskive i dusjen da [... ].

Toppidrettselev og deltakar i studien.

Målet med studien var å finne ut kva slags forståing desse ambisiøse idrettsungdomane har av prestasjonsfremjande midlar, som for eksempel kosttilskot. 

Har mykje kunnskap om kosttilskot 

– Eg har ikkje spurd dei direkte om dei brukar eller ikkje. Fokus har vore på korleis dei gir meining til for eksempel kosttilskot, og kven dei skapar denne meininga saman med, fortel Skilbred. 

I samtalane kjem det fram at dei får mykje undervisning og har nok kunnskap. Dei har også mange dei kan spørje om det er noko dei er usikre på rundt kosttilskot. 

«Jeg tror jeg kanskje spør mamma først, hun er på en måte den andre treneren min på en måte, så jeg spør kanskje hun. Også spør jeg vel treneren min også, men så har vi jo kostholdsveileder, så vi vet jo at det bare er å sende melding til hun eller ta kontakt med hun, eller ta et møte med hun for eksempel.»

Toppidrettselev og deltakar i studien.

I intervjua har forskaren spurd elevane om kven dei snakkar med, kva dei snakkar om og kven dei spør om dei har spørsmål.

– Utfordringa slik eg ser det er at dei har ein hektisk kvardag, og det praktiske rundt matlaging er noko som påverkar korleis dei ser på kosttilskot. Da kan ein forstå at det blir ein praktisk løysing. 

Anette Skilbred har mastergrad i idrettspsykologi frå University of Roehampton. 

Studien viser korleis unge og ambisiøse utøvarar heile tida jobbar for å forbetre prestasjonane sine, og etter kvart som dei blir eldre, blir fleire personar involvert i prosessen. 

Skilbred fortel at nettverket dei er ein del av har stor innverknad på korleis dei ser på vala dei tek for å prestere betre. Anten om det omfattar trening, ernæring eller bruk av kosttilskot. 

Det er mange val som blir vurdert opp mot korleis dei kan bli best i framtida, beskriv stipendiaten.

Anette Skilbred disputerer 21.juni på NIH.

Har nok informasjon om konsekvensar

Skilbred vil få fram at det ikkje er mangel på kunnskap og informasjon blant desse ungdomane. 

– Viss målet er at dei ikkje skal bruke kosttilskot, så er det ikkje meir informasjon dei treng. Dei sit på kunnskapen og veit om moglege konsekvensar om kosttilskot er forureina og at det kan føre til positiv dopingprøve. Dei er nesten litt mette av å høyre om det, fortel stipendiaten. 

Elevane fortel at dei har fått god kunnskap om konsekvensane gjennom foredrag og e-læring frå Antidoping Norge både gjennom idrettslag og skulen.

Sjølv er ho oppteken av at foreldre og trenarar ikkje treng å bli uroa sjølv om ungdomane skulle bruke kosttilskot.

Ho anerkjenner at det er ein risiko for at kosttilskotet er forureina, men å bruke enkelte kosttilskot må ikkje nødvendigvis leie til ukritisk tankegang og bruk av andre forbodne midlar.

Mange ser ikkje på kosttilskot som noko dei tar for å bli betre i idretten sin. 

– Ungdomane verkar ikkje til å tru på «quick fixes», og slik sett framstår ikkje kosttilskot som noko som kan vere ein snarveg for å raskt bli best. Dei er ikkje naive og veit kva som må bli lagt ned for å bli skikkeleg god. 

Tre forslag til tiltak på toppidrettsgymnas

Kva skal da toppidrettsgymnasa gjere for å legge betre til rette for utøvarane? Skilbred har tre konkrete forslag. 

  • Ver tilgjengeleg for å diskutere alternativ. Ein trenar/lærar treng ikkje å seie at kosttilskot er unødvendig. Ver nysgjerrig på korleis dei reflekterer.
  • Legg inn matlaging i timeplanen og ta noko anna ut , kanskje til og med trening? Gje dei tid og hjelp til å lage mat. Mange av desse ungdomane flyttar aleine på hybel som 15/16-åring for å satse på idretten. Kanskje treng dei støtte og tid til å prioritere matlaging. 
  • Snakk om mat og måltid som sosialt og hyggeleg, og ikkje berre som komponentar på ein tallerken.

Mat ein del av prestasjonslogikken

Skilbred understrekar at ho ikkje har hatt fokus på ernæring og eteforstyrringar i sitt prosjekt. Likevel trur ho at funna hennar kan relaterast til nettopp desse problema.

– Mat blir behandla som ein del av prestasjonslogikken til desse utøvarane. Derfor trur eg det er viktig at mat og måltida ikkje berre blir protein og karbohydratar, men ein middag og sosial aktivitet som ungdomane samlar seg rundt.

Gjennom dei lange intervjua får Skilbred inntrykk av at elevane har mykje kunnskap også om ernæring.

Dei kjenner tallerkenmodellen og veit kva dei bør ha med for eit næringsrikt måltid.

Det er berre tida som ikkje strekk til.

Da trengs det kanskje større endringar og tiltak rundt skulekvardagen til elevane som dei skildrar som svært hektisk.

– Vi snakkar om at utøvarane må få betre haldningar, men kanskje det heller er strukturane som skal endrast? Kanskje ein må gjere ting litt annleis for desse ungdomane som satsar så hardt på idretten sin. Kan ein gje større rom for å sette seg ned og ha eit hyggeleg sosialt måltid saman?, spør stipendiaten.

Referanser

Skilbred, A., Loland, S., & Strandbu, A. (2024). Young networked athletes and performance-enhancing substances: who are the actors in their network, and how do the actors shape athletes’ meaning-making? European Journal for Sport and Society, 1–20. https://doi.org/10.1080/16138171.2024.2335578

Kontakter

Bilder

Portrettbilde Anette
Anette Skilbred har mastergrad i idrettspsykologi frå University of Roehampton.
NIH
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.

Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye