Norges idrettshøgskole

NIH har ekspertane til saker om EM, OL og trening i sommar

Del

Noregs idrettshøgskole har ekspertar på dei fleste område innanfor idrett, trening, helse og friluftsliv. Her er forskingsområda deira som kan vere aktuelle for deg som journalist i sommar. 

Bilde av hovudinngangen til NIH
Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.

Kontaktinfo til dei enkelte forskarane finn du ved å klikke på namnet deira. Det er også mogleg å kontakte NIHs pressekontaktar om du treng hjelp til å få kontakt. 

Fotball

Geir Jordet, professor i idrettspsykologi ved Institutt for idrett og samfunn. «Straffesparkeksperten». Forskar på psykologiske mekanismar knytta til å prestere under ekstremt høgt press.

Mark O`Sullivan, førsteamanuensis i fotball ved Institutt for idrett og samfunnsvitenskap. Forskar på pedagogikk, innflytinga av sosio-kulturelle faktorar på kvifor me gjer det me gjer (kvifor me trenar på ein viss måte, kvifor trenarar oppfører seg på ein viss måte, kvifor spelarane spelar på ein viss måte og kvifor trenarutdanning blir gjort på ein viss måte).

Ingrid Lian, stipendiat ved Institutt for idrett og samfunnsvitenskap. Forskar på kroppsspråk hos elitefotballspelarar. Har sjølv spelt fotball på collegenivå i USA.

Handball

Live Luteberget, førsteamanuensis ved Institutt for fysisk prestasjonsevne innanfor kamp- og treningsanalyser i lagidrettar. Forskar på lagidrett og spesielt handball med fokus på belastning, prestasjon og teknologi. Har bakgrunn som handballspelar.

Christian Thue Bjørndal,  førsteamanuensis ved Institutt for idrett og samfunn. Forskar på ferdigheitslæring, talentutvikling, trenarrollen, barne- og ungdomsidrett og handball.

Løping og uthaldenheitstrening

Jostein Hallén, professor i fysiologi ved Institutt for fysisk prestasjonsevne og tidlegare friidrettsutøvar og trenar (mellom- og langdistanse).

Thomas Losnegard, professor i skiidrett og langrennsforskar ved Institutt for fysisk prestasjonsevne. Leiar også uthaldenheitsavdelinga på Olympiatoppen. Tidlegare langrennsløpar.

Hannah Rice, førsteamanuensis i biomekanikk ved Institutt for fysisk prestasjonsevne. Forskar mellom anna på sko og løpesko (supersko/moderne løpesko), overbelastningsskadar og biomekanikk.

Helse og livsstil

Christina Gjestvang, førsteamanuensis ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Forskar på treningssenterbransjen. Oppstart og vedlikehald av fysisk aktivitet og trening, motivasjon, treningstrendar og personleg trening. Forskar også på kvinnehelse og trening på resept.

Ulf Ekelund, professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Forskar på fysisk aktivitet og folkehelse.

Jorunn Sundgot-Borgen, professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Forskar på kvinnehelse, låg energitilgjengelegheit (REDs), eteforstyrringar, unge utøvarar og kvinnehelse.

Kraft- og styrkeidrett

Gøran Paulsen, professor i idrettsfysiologi ved Institutt for fysisk prestasjonsevne. Forskar på styrketrening, ernæring og testing og trening av elite-utøvarar og har ansvar for friidrett på NIH.

Truls Raastad, professor i idrettsfysiologi ved Institutt for fysisk prestasjonsevne. Leiar av «Muskelgruppa». Forskar på idrettsfysiologi, idrettsernæring, styrketrening, fysisk trening og restitusjon.

Friluftsliv

Jannicke Høyem, førstelektor i friluftsliv ved Institutt for lærarutdanning og friluftslivsstudier. Forskar på friluftsliv og miljø, livskvalitet og relasjonar menneske-natur.

Ernæring


Truls Raastad, professor i idrettsfysiologi ved Institutt for fysisk prestasjonsevne. Leiar av «Muskelgruppa». Forskar på idrettsfysiologi, idrettsernæring, styrketrening, fysisk trening og restitusjon.

Idrettsskader

Grethe Myklebust, professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Forskar mellom anna på idrettsskadar, førekomst, førebygging og risikofaktorar, spesielt i handball..

Thor Einar Andersen, professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Forskar på fotballskadar. Tidlegare landslagslege og fotballspelar.

Christine Moseid, forskar ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Lege. Forskar på ungdom og førebygging av idrettsskadar.

Roald Bahr, professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Leiar senter for idrettsskadeforskning. Lege og sjef for Olympiatoppens helseavdeling. 

Lars Engebretsen, professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Forskar på idrettsskader og idrettsrelatert sykdom. Ortoped. Leiar for IOC sin medisinske forskningseining.

Idrett og etikk

Sigmund Loland, professor ved Institutt for idrett og samfunnsvitskapenskapelege fag. Forskar mellom anna på på idrett og etikk, den olympiske rørsla og antidoping.

Paraidrett 

Linn Risvang, stipendiat ved Institutt for fysisk prestasjonsevne. Forskar på helseeffektar av trening og ernæring hos rullestolbrukarar.

Adelheide Riise Bergsaker, rådgiver på prosjektet ParaFrisk, der målet er å få innsikt i parautøvarars skadar og sjukdom, og på sikt bidra til betre helse.

Kvinnehelse

Lene Anette Haakstad, professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Forskar mellom anna på kvinnehelse, trening og aktivitet under graviditet og etter fødsel og helseaspekt og trening blant gravide eliteutøvarar. 

Kari Bøprofessor ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Forskar mellom anna på kvinnehelse, trening og bekkenbunnsproblematikk. Turn, RG og estetiske idrettar.

Jorunn Sundgot-Borgenprofessor ved Institutt for idrettsmedisinske fag. Forskar på kvinnehelse, låg energitilgjengelegheit (REDs), eteforstyrringar, unge utøvarar og kvinnehelse.

Antidoping

Sara Solheim, postdoktor ved Institutt for fysisk prestasjonsevne. Forskar i delt stilling på NIH og Norges laboratorium for dopinganalyse. Forskar på idrettsfysiologi, antidoping og dopinganalyse.

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.

Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye