Ein av verds fremste regnskogkonferanser i Oslo

Del

USAs klimautsending John Podesta og Colombias miljøminister Susana Muhamad er blant verdsleiarane som kjem til Oslo Tropical Forest Forum (OTFF) 25.-26. juni for å fremja kampen for regnskogane i verda. 

Foto: Andreas Bjelland Eriksen: NTB Kommunikasjon, Susana Muhamad: Rafiq Maqbool, John Podesta: Ron Adar / SOPA Images

Oslo Tropical Forest Forum (OTFF) er den største regnskogkonferansen i verda og blir arrangert annakvart år. På konferansen møtest 400 skogekspertar, miljø- og klimaministrar, avgjerdstakarar, multilaterale institusjonar, sivilt samfunn, urfolk og privat sektor frå heile verda for å diskutera tiltak og nye løysingar for å verna den livsviktige regnskogen.

Regnskogen er ein garantist for eit leveleg klima og naturmangfald, men blir øydelagt på grunn av stor etterspurnad etter råvarer som mat og dyrefôr, tømmer og papir, metall, olje og gass. I mange tilfelle er fattigdom ein stor drivar for avskoging. Bygging av vegar og vasskraftverk er også ei viktig årsak.

Deltakarane på konferansen skal klargjera utfordringar, dela sigrar og foreslå konkrete tiltak mot avskoging og naturkriminalitet. Betre overvaking av skogen, korleis sikre at urfolk og lokalsamfunn speler ei reell rolle i forvaltninga av regnskogen og korleis stoppa drivarane bak avskoging er blant temaa som skal diskuterast. 

Tid: Tysdag 25. juni frå kl. 09.00-16.45 og onsdag 26. juni frå kl. 08.30-17.00

Stad: Clarion Hotel The Hub, Oslo

Her er nokre av dei som kjem:

  • Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister, Noreg
  • John Podesta,   president Bidens spesialrådgivar for klimasaker, USA
  • Susana Muhamad, president for COP 16 og miljøminister i Colombia
  • Siti Nurbaya Bakar, miljø- og skogminister i Indonesia
  • Fiona Harvey, klimaredaktør i The Guardian
  • Wanjira Mathai, administrerande direktør i World Resources Institute (WRI) Africa
  • Huang Runqui, miljøminister i Kina (digital deltaking)
  • Silje Karine Muotka, president, Sametinget
  • Bård Vegar Solhjell, direktør, Norad

Sjå heile programmet i vedlegg. 

Her kan du følgje sesjonane som blir strøymde: Oslo Tropical Forest Forum 2024 (norad.no) 

Presseakkreditering

Konferansen er berre for inviterte. Pressa er velkommen til å delta. Meld deg på her innan 24. juni for presseakkreditering.

Ta kontakt med pressekontakt i Norad eller KLD dersom på du ønskjer intervjuavtalar med innleiarar eller har andre spørsmål.

Me lastar opp bilete frå konferansen fortløpande: Collect by WeTransfer 

Konferansen blir arrangert av Norad, direktoratet for utviklingssamarbeid på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og det norske klimaet og skoginitiativet.

Pressekontakt Klima- og miljødepartementet: 

Ragnhild Melbye Ragnhild.Melbye@kld.dep.no 451 25 156

Pressekontakt Norad:

Ida Wullum-Lindberg, ida.wullum-lindberg@norad.no 980 46 671

Dokumenter

Lenker

Norad er direktoratet for utviklingssamarbeid. Vi jobber for at verden skal nå FNs bærekraftsmål. Sammen med våre partnere og på vegne av Norge jobber Norad for en grønnere framtid i en verden uten fattigdom. Menneskerettighetene skal respekteres og ingen utelates. Gjennom kunnskap og samarbeid sørger vi for at norske bistandsmidler bidrar til global utvikling. Sammen beveger vi verden.

Følg pressemeldinger fra Norad

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norad på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norad

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye