Framleis auke i flytrafikken i mai og dronerekord
4,5 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i mai. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med mai i fjor.
Talet på innanlandsreisande har auka med 2 prosent, frå 2,49 millionar i 2023 til 2,55 millionar i 2024. Talet på utanlandsreisande auka også, med 9 prosent. Talet for utanlandsreisande var 1,75 millionar i 2023 medan vi har 1,91 millionar i 2024. Det samla talet på passasjerar er høgre enn forventningane vi hadde ved inngangen til året. Det er utanlandstrafikken som presterer over forventning.
– Utviklinga i marknaden er positiv, og vi ser at flya fyllast betre enn i same periode i fjor. Vi ser i inngangen til juni at sommartrafikken er komen godt i gang med mange reiseglade nordmenn på veg til utlandet, men også turistar inn til Noreg. Delen turistar inn er framleis på veg oppover etter pandemien og komande sommar er venta å ligge godt over fjoråret for denne kategorien reisande, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
– Sjølv om den norske marknaden utviklar seg positivt år for år, ser vi likevel ei svakare utvikling i Noreg til skilnad frå fleire av dei europeiske marknadene. Dette uroar oss, sidan det fører til svekka konkurransekraft for norsk næringsliv, fortel Riise.
Riise legg vidare til at utviklinga i den internasjonale fraktmarknaden held fram med styrke, og den positive trenden for Oslo lufthamn held fram med ein vekst i tonn for mai månad på heile 17 prosent.
– Det er i hovudsak snakk om sjømat, men vi ser at meir og meir netthandel finn vegen via Oslo lufthamn i staden for å bli frakta inn med lastebil frå andre knutepunkt i Europa, avsluttar Riise.
Passasjertal og flyrørsler i mai
Det var 64 419 flyrørsler i mai. Dette utgjer ei marginal endring samanlikna med mai i fjor, da talet var 64 480.
Flest reisande hadde Oslo lufthamn med 2 347 000 passasjerar, ei auke på 7 prosent frå i fjor. Nest flest hadde Bergen lufthamn, med 583 000 reisande, 1 prosent auke frå i fjor. Tredje flest hadde Trondheim lufthamn, med 360 000 reisande, 1 prosent auke frå i fjor.
Sjå fleire trafikktal i vedlegga.
Ny rekord i droneflyging – nesten 3000 flygingar i mai
I mai vart det meldt inn 2996 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar.
– Sol og sommar aukar bruken av dronar kraftig. Me ser meir enn ei dobling frå mai 2023, seier Mats Gjertsen som leiar Avinor sitt droneprogram.
– I tillegg har vi nå passert 10.000 registrerte brukarar i Ninox Drone, og vi oppmodar alle som skal ut å fly drone til å laste ned appen, seier Gjertsen.
Se alt av Avinors trafikkstatistikk her: Trafikkstatistikk - Avinor
Nøkkelord
Kontakter
Pressetelefon (ikke SMS)Kun til bruk for journalister.
Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Bilder
Dokumenter
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Luftfarten i 2024: 5 prosent vekst totalt, og store variasjonar mellom lufthamnene14.1.2025 13:36:08 CET | Pressemelding
I 2024 reiste 51 millionar passasjerar til og frå Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på fem prosent samanlikna med 2023. Talet på utanlands reisande auka med ni prosent, og innanlands auka med to prosent i fjor.
Luftfartstalen 20257.1.2025 15:49:03 CET | Aktuelt
Tirsdag 7. januar ble for første gang luftfartstalen i regi av Avinor avholdt på Trekanten i Oslo. Ca 50 bransjekollegaer og journalister trosset “snøværet” og møtte opp, og under kan du lese talen fra konsernsjef Abraham Foss i sin helhet.
Hainan Airlines gjenopptar direkteflyvninger mellom Beijing og Oslo2.1.2025 16:24:23 CET | Pressemelding
Hainan Airlines (HU) kunngjør at de gjenopptar sine direkteflyvninger mellom Beijing (PEK) og Oslo lufthavn (OSL) fra 22. mars 2025. Dette markerer en viktig milepæl for norsk reiseliv, sjømatnæring og forbindelsen mellom Norge og Kina.
Avinor og Frequentis inngår kontrakt for fremtidens tårnsystem17.12.2024 12:00:00 CET | Pressemelding
Avinor har signert en kontrakt på i overkant av 200 MNOK med Frequentis AG. Leverandøren skal sikre et moderne tårnsystem på Oslo lufthavn som møter både eksisterende og fremtidige behov.
Dette blir de travleste dagene på norske flyplasser16.12.2024 12:30:00 CET | Pressemelding
1,9 millioner passasjerer skal reise gjennom landets største flyplasser de neste to ukene. Slik kommer du deg smidigst gjennom juleutfarten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom