Innovasjon Noreg får nye styremedlemar
Liv Dingsør og Arvid Gusland er nye medlemar i styret for Innovasjon Noreg. Det blei klart då føretaksmøtet presenterte det nye styret for verksemda i dag.

Styreleiar i Innovasjon Noreg er Ola H. Strand. Han tiltredde i slutten av februar. Innovasjon Noregs styre har medlemar med ulik kompetanse og bakgrunn, frå forskjellige deler av landet. Arvid Andenæs og Anita Hager går ut av styret.
Valkomiteen legg vekt på at dei nye styremedlemane styrkjer styret med erfaring frå og engasjement for digitalisering og kunstig intelligens, utvikling av næringsmiljø og kompetanse innan jus og kredittvurdering. Dei nye medlemane styrkjer også kunnskapen i styret om utfordringar og moglegheiter for små og mellomstore bedrifter.
- Det er viktig for oss å ha eit styre med inngåande kunnskap om mange område, og dei nye styremedlemane tilfører styret erfaring som har stor betydning for oss, seier styreleiar Ola H. Strand. – Samstundes som eg ynskjer dei nye velkommen, vil eg nytte høvet til å takke dei avtroppande styremedlemane for innsatsen og for viktige bidrag i utviklinga av Innovasjon Noreg.
Om dei nye medlemane
Liv Dingsør bur i Bærum og er administrerande direktør i Digital Norway. Ho har blant anna erfaring frå bank, retail og industri i selskap som DNB og Aker, og har arbeidd mykje med finans, omstilling og digital transformasjon i ulike verksemder. Ho har også vore leiar i gründerselskap i vekstfasen. Liv er også styreleiar i Inventas.
Arvid Gusland frå Larvik er jurist og siviløkonom med eigen advokatpraksis. Han har tidlegare vore byråsjef i Olje- og energidepartementet, konsernsjef i Treschow-Fritzøe og direktør for næringspolitikk i Norges Rederiforbund. Han sit i dag som styreleiar i fleire selskap.
Styret i Innovasjon Noreg etter endringane:
Ola H. Strand, styreleiar
Kristin Misund, nestleiar, forskingsdirektør i Borregaard
Merete Nygaard Kristiansen, administrerande direktør i Akvaplan-niva AS
Heine Østby, administrerande direktør i Fiberglass Norway AS
Kristine Falkgård, direktør for berekraft i Fremtind Forsikring
Kristine Nore, dagleg leiar i Omtre AS
Arne Ingebrigtsen, kommunedirektør i Kristiansund kommune
Liv Dingsør, administrerande direktør i DigitalNorway
Arvid Gusland, advokat og siviløkonom
Tilsette sine representantar i styret er:
Tim Genge, seniorrådgjevar – Bergen
Mari Dorte J. Michaelsen, seniorrådgjevar – Ålesund
Kontakter
Kjetil Svorkmo BergmannKommunikasjonsrådgiver
Tel:908 20 918kjber@innovasjonnorge.noBilder


Innovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Rekordmange milliardar til innovasjon i 202414.4.2025 14:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Noreg sitt bidrag til næringslivet auka med 40 prosent i 2024. Samstundes auka dei private investeringane som matcha bidraget frå Innovasjon Noreg.
Vianode får lån på 400 millioner fra Innovasjon Norge14.4.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge har gitt tilsagn om lån på 400 millioner kroner til Vianode. Pengene vil bli investert i Norge, for å styrke selskapets forsknings- og utviklingskapasitet og plattform for etablering av regionale verdikjeder for batterier med høy ytelse og lave utslipp. Vianode utvikler og produserer grafitt til anoder og har kontrakt med en av verdens største bilprodusenter.
Milliondryss over rekordmange studentprosjekter11.4.2025 13:40:24 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge opplever større pågang på ordningen for støtte til bedrifter etablert av nyutdannede ved høyskolene og universitetene, enn noen gang tidligere. I alt får 32 prosjekter inntil en million kroner hver i tilskudd.
Verdensutstillingen i Japan åpner11.4.2025 09:46:10 CEST | Pressemelding
Expo Osaka åpner søndag 13. april. Norge deltar i fellesnordisk paviljong, som viser nordiske verdier og innovasjoner. Paviljongen serverer også nordisk mat med spennende japansk vri.
I Bodø selges Norge til verden – neste år står Lofoten for tur2.4.2025 13:13:20 CEST | Pressemelding
Denne uken pågår Norwegian Travel Workshop (NTW) 2025 i Bodø. Her møtes nesten 800 personer fra 36 ulike land for å selge og kjøpe Norge som reisemål.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom