Kvotepliktige klimagassutslepp gjekk ned i 2023
Kvotepliktige utslepp av klimagassar gjekk ned 5 prosent i 2023. Dette kjem mellom anna av lågare produksjon i industrien og elektrifisering offshore.

– Nedgangen i dei kvotepliktige klimagassutsleppa kjem av både redusert aktivitet og klimatiltak. Klimakvotesystemet gjer at det kostar å sleppe ut klimagassar, og bidreg dermed til utsleppskutt. Det er behov for kraftige og raske kutt i klimagassutsleppa framover for at vi skal klare den nødvendige omstillinga, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Utslepp av klimagassar rapportert til Miljødirektoratet, viser at utsleppa gjekk ned 1,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2023, samanlikna med året før.
Omtrent 150 norske verksemder rapporterte utslepp under EUs klimakvotesystem til Miljødirektoratet for 2023. Dette inkluderer fem luftfartsoperatørar.
Treng fleire verkemiddel enn klimakvotar
EUs system for klimakvotar set eit felles tak for den totale mengda CO2-utslepp frå verksemdene som er omfatta. Prisen på kvotane bidreg til reduserte utslepp i systemet samla.
– Sjølv om dei kvotepliktige klimagassutsleppa har gått noko ned, er det behov for ein betydeleg styrka klimapolitikk for at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Tiltak i industrien tek årevis å planleggje og byggje - og krev milliardinvesteringar. Verksemdene møter ei rekkje ulike barrierar og det vil vere behov for fleire verkemiddel enn kvotesystemet, seier miljødirektøren.
Behovet for fleire verkemiddel i ulike sektorar er omtalt i den nye rapporten til Miljødirektoratet, «Klimatiltak i Noreg – kunnskapsgrunnlag 2024».
– I rapporten om klimatiltak som vi la fram i vår, såg vi på reduksjonspotensialet og moglege verkemiddel som kan gi føreseielege rammevilkår og stimulere til lågare utslepp av klimagassar frå kvotepliktige bedrifter, seier Ellen Hambro.
Faktaboks: Om EUs klimakvotesystem for energiproduksjon, industri, luftfart og maritim transport
-
Formålet med EUs klimakvotesystem for energiproduksjon, industri, luftfart og maritim transport er å prise utsleppa frå sektorane.
-
EUs kvotesystem set eit tak på talet på tonn CO2-ekvivalentar som kan sleppast ut blant omfatta kvotepliktige operatørar.
-
Det blir ferda ut éin klimakvote for kvart tonn CO2-ekvivalentar som lovleg kan sleppast ut.
-
Alle operatørar som er omfatta av systemet og som har kvotepliktige utslepp, må kvart år levere inn éin klimakvote for kvart tonn CO2-ekvivalentar dei slepper ut.
-
I utvalde sektorar kan anleggs- og luftfartøyoperatørar søkje om å få kvotar gratis. Kvotar som ikkje blir tildelte gratis, må kjøpast i marknaden, slik at dei kan dekkje utsleppa sine.
-
Gjennomsnittprisen på éin klimakvote i 2023 var på omtrent 85 euro, som svarer til rundt 850 kroner.
Nedgang i utslepp av klimagassar frå petroleumsnæringa
Kvotepliktige utslepp frå petroleumsnæringa vart reduserte med 4 prosent i 2023, samanlikna med 2022.
Edvard Grieg-feltet vart elektrifisert med kraft frå land i slutten av 2022 og hadde ein reduksjon i klimagassutslepp på 82 prosent i 2023, samanlikna med året før. Felta Gullfaks og Snorre har sidan midten av 2023 fått kraft frå den flytande havvindparken Hywind Tampen.
Veslefrikk og Knarr stengde ned aktiviteten på feltet i 2022, og har dermed hatt lite eller ingen utslepp i 2023. Hammerfest LNG hadde første år med full produksjon etter brannen i 2020, og Njord-feltet hadde første året med produksjon etter ombygging av anlegget.
Lågare produksjonstal i landbasert industri
Dei kvotepliktige utsleppa frå landbasert industri er reduserte med 6,5 prosent, samanlikna med 2022.
Utsleppa frå metallurgisk industri vart reduserte med 10 prosent, noko som mellom anna kjem av høge straumprisar og lågare produksjon frå fleire av anlegga. Eramet Kvinesdal reduserte drifta på anlegget i fjor som følgje av varierande kraftpris.
Alcoa Lista stansa også delar av produksjonen sin hausten 2022 på grunn av høge straumprisar. Denne delen av anlegget har vore stengd i heile 2023.
Hydro Aluminium Karmøy hadde også lågare kvotepliktige utslepp enn året før. Anlegget reduserte produksjonen i slutten av 2022 og reduserte produksjonen yttrlegare i 2023.
Samtidig auka klimagassutsleppa frå mineralgjødsel og kjemisk industri med høvesvis 3 og 10 prosent. Fleire av anlegga hadde revisjonsstans i 2022, og produksjon og utslepp i 2023 er tilbake til same nivå som 2021.
Inga endring i utslepp frå luftfart
Klimagassutslepp frå kvotepliktig luftfart i 2023 var på omtrent same nivå som i 2022. Det vil seie 1,16 millionar tonn utslepp av CO2 i 2023 frå dei fem operatørane som rapporterer utslepp til Noreg i klimakvotesystemet. Flyr AS gjekk konkurs januar 2022 og rapporterte ikkje utslepp for 2023. SAS rapporterer utsleppa sine til Sverige.
Kvotepliktige klimagassutslepp frå luftfart omfattar både innanriksluftfart og alle flygingar i EØS-området, og frå EØS til Storbritannia og Sveits.
Større reduksjon i Europa
Utsleppa av klimagassar frå kvotepliktige utslepp i land som er ein del av EUs klimakvotesystem, viser at utsleppa er reduserte med 15 prosent for EU/EØS-landa samla, samanlikna med året før. Dette er den største utsleppsreduksjonen på eitt år sidan EUs klimakvotesystem vart oppretta for 19 år sidan. Samla er no kvotepliktige utslepp i Europa redusert med 47 prosent, samanlikna med utsleppa i 2005.
I kraftsektoren har det vore ein stor reduksjon i utsleppa i mange land i EU. Denne reduksjonen er primært basert på overgang frå bruk av kol og gass, til produksjon og bruk av elektrisitet frå sol og vind. Utsleppsreduksjonane i EU kjem også av lågare produksjonstal og effektivisering mellom anna innanfor sektorar for sement, jern og stål.
EU strammar inn: Frå neste år skal fleire sektorar rapportere
Som ein del av EUs klimapakke Klar for 55 eller Fit for 55, er det vedteke endringar i EUs klimakvotedirektiv. Endringane strammar mellom anna inn utsleppstaket i EUs klimakvotesystem for å bidra til å nå EUs mål om 55 prosent reduksjon av utslepp av klimagassar innan 2030, samanlikna med 1990. Dei kvotepliktige utsleppa skal reduserast med 62 prosent i 2030, samanlikna med 2005.
Frå og med 1. januar 2024 vart visse delar av maritim transport inkluderte i EUs klimakvotesystem. Skipsoperatørar skal derfor for første gong i 2025 rapportere utslepp og levere inn kvotar til oppgjer for den kvotepliktige delen av utsleppa.
– Det er bra at maritim transport har vorte inkludert i systemet og skal levere inn klimakvotar. I tillegg skal fleire skipstypar overvake og rapportere frå 2025, noko som vil gi oss ei betre oversikt over utsleppsdata også frå desse skipa, seier Hambro.
Avfallsforbrenningsanlegg vart også inkludert i kvotesystemet frå og med 1. januar 2024. Desse anlegga skal i første omgang berre overvake og rapportere utsleppa sine. I 2026 vil EU vurdere om det også skal innførast kvoteplikt for avfallsforbrenning med verknad frå 1. januar 2028.
Det blir også oppretta eit nytt klimakvotesystem for å omsetje brensel til vegtransport, bygg og andre sektorar, kalla ETS2. Brenseloperatørar omfatta av ETS2 skal rapportere og overvake utslepp frå 2025.
Endringane i klimakvoteregelverket betyr også ein vesentleg auke i talet på aktørar som skal administrerast av Miljødirektoratet, særleg som følgje av at maritim transport blir inkludert i systemet.
Faktaboks: Om førebelse tal for kvotepliktige klimagassutslepp i 2023
-
I 2023 rapporterte rundt 150 anleggs- og luftfartøyoperatørar som er omfatta av EUs klimakvotesystem klimagassutsleppa sine til Miljødirektoratet. Neste år skal også skipsoperatørar og avfallsforbrenningsanlegg rapportere utsleppa sine.
-
I 2023 var dei kvotepliktige utsleppa som blir rapporterte til Noreg på totalt 22,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dette er ein reduksjon på ca. 1,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar samanlikna med 2022.
-
Rapportane er verifiserte av ein uavhengig tredjepart, og må kontrollerast av Miljødirektoratet.
-
Miljødirektoratet har ikkje ferdigbehandla alle utsleppsrapportane og tala er derfor ikkje endelege.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Følg pukkellaks-fangsten fra dag til dag1.7.2025 14:57:26 CEST | Pressemelding
I sommer ventes storinvasjon av pukkellaks til norske elver. Du kan følge fangsten av den uønskede fremmedarten på Miljødirektoratets nettside.
Følg pukkellaks-fangsten frå dag til dag1.7.2025 14:57:26 CEST | Pressemelding
I sommar er storinvasjon venta av pukkellaks til norske elvar. Du kan følgje fangsten av den uønskte framandarten på Miljødirektoratets nettside.
Forbereder bjørnefelling i Jarfjord1.7.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet besluttet i forrige uke å iverksette felling av bjørnen som angrep en person i Jarfjord 23. juni. DNA-prøver viser nå mulig kjent individ og det jobbes videre med å identifisere riktig bjørn. Se oppdatert informasjon om status i saken under.
Fortsatt økt bruk av biodrivstoff i 202427.6.2025 10:44:24 CEST | Pressemelding
Mens salget av fossilt drivstoff faller, øker omsetningen av biodrivstoff. Det har aldri blitt brukt mer biodrivstoff i transportsektoren enn i 2024.
Framleis auka bruk av biodrivstoff i 202427.6.2025 10:44:24 CEST | Pressemelding
Medan salet av fossilt drivstoff fell, aukar omsetninga av biodrivstoff. Det har aldri vorte brukt meir biodrivstoff i transportsektoren enn i 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom