Kulturdirektoratet

Ny rapport: Kultursektoren er oppteken av miljø, men tiltaka manglar

Del

Trass i høgt klima- og miljøengasjement i kultursektoren, har halvparten av norske kulturverksemder få eller ingen tiltak for å tilpasse seg eit endra klima. No får Kulturdirektoratet i oppdrag å hjelpe kultursektoren med grøn omstilling.

Nysirkus-artist danser i et grønt tre
Kulturlivet har framleis ein veg å gå i den grøne omstillinga. Nysirkus-kompaniet Acting for Climate bruker kunst til å inspirere til ei berekraftig framtid. Foto: Foto: Cosmin Cirstea

Ei ny undersøking frå Kulturdirektoratet viser at 80 prosent av kulturverksemder i Noreg er opptekne av klima og miljø. Samtidig har halvparten av verksemdene ikkje innført nokon aktivitetar eller program for å tilpasse seg eit endra klima. Nærare 70 prosent seier at dei bør gjere meir for å redusere klimaavtrykket sitt. Like mange meiner at staten bør ta ei pådrivarrolle.

– Det er eit godt utgangspunkt at kultursektoren er engasjert i klimautfordringane og har dette med i strategiar og planar. Samtidig ser vi at relativt få kulturaktørar tek grep for å redusere utsleppa sine. Kartlegginga vår viser at det hastar å komme i gang med meir forpliktande klima- og miljøtiltak, seier Nina Kulås, avdelingsdirektør for innovasjon og partnarskap i Kulturdirektoratet.

Les rapporten: Klima og miljøarbeid i sektoren

Kulturdirektoratet skal hjelpe sektoren med grøn omstilling

Noreg har gjennom Paris-avtalen forplikta seg til å halvere klimagassutsleppa sine innan år 2030. Kultur- og likestillingsdepartementet gir no Kulturdirektoratet i oppdrag å hjelpe kultursektoren med grøn omstilling. Det skal skje gjennom å dele kunnskap og setje i verk tiltak.

– Skal vi nå klimamåla må alle sektorar bidra - også kultursektoren! Sjølv om rapporten viser at vi framleis har ein veg å gå, er eg glad for å sjå at sektoren har eit stort engasjement for klima og miljø. Vi vil byggje vidare på dette engasjementet! Derfor løyver vi no éin million kroner til kvar av Kulturdirektoratet og Norsk filminstitutt, slik at dei kan setje i verk gode og målretta tiltak for å hjelpe sektoren med grøn omstilling, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

– Kultursektoren møter forventningar og krav frå samfunnet og har også sjølv ambisjonar om å redusere utslepp. Det endrar vilkåra for produksjon og formidling av kunst og kultur, og for dagleg drift av verksemder. Men i dette ligg det også nye moglegheiter. Kultursektoren har kreativiteten og innovasjonskrafta som skal til for å kombinere miljøomsyn med nyskapande kunst, seier Kulås.

– Kulturdirektoratet er klare for å samarbeide med sektoren og sentrale aktørar nasjonalt og internasjonalt om kunnskap og tiltak for at kulturlivet skal ta miljømedvitne val og redusere eige klimaavtrykk, seier ho.

Nødvendig med ulike tiltak

Det er dei største verksemdene som gjennomfører flest ressurskrevjande tiltak. Dei har mellom anna eigne handlingsplanar for klima og miljø og fører rekneskap for utslepp av klimagassar. Det kjem frami undersøkinga. Verksemder med fleire enn 50 tilsette deltek også i mykje større grad på kurs og opplæring. Både store og små verksemder oppgir at dei største hindera for å få redusert klimaavtrykket sitt, er mangel på tid og personell og høge kostnader.

– Vi ser at det kan vere nødvendig med tiltak på ulike nivå som sikrar både at dei største verksemdene held fram med å gå i front, og at små og mellomstore verksemder kan komme i gang. Dette er noko av det vi vil sjå på når vi no skal følgje opp undersøkinga, avsluttar Kulås.

Fakta om undersøkinga

  • Kartlegginga av klima- og miljøarbeid i kultursektoren vart gjennomført med eit digitalt spørjeskjema utarbeidd av Kulturdirektoratet i samarbeid med Verian (tidlegare TNS Kantar) i perioden 19. januar til 1. februar 2024.
  • Målgruppa er verksemder innanfor kultursektoren som får støtte over Budsjettet til kultur- og likestillingsdepartementet. Dette gjeld både aktørar som får støtte direkte over statsbudsjettet og utvalde aktørar som får støtte gjennom Kulturrådet og Fond for lyd og bilete.
  • 590 verksemder fekk tilsendt undersøkinga. 248 (42,2 prosent) svarte på ho.

Kontakter

Bilder

Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister
Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister
Last ned bilde
Nina Kulås, avdelingsdirektør innovasjon og partnerskap Kulturdirektoratet
Nina Kulås, avdelingsdirektør innovasjon og partnerskap Kulturdirektoratet
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye