Sysselsetjinga og inntektene i kulturnæringa har auka
Den kulturelle og kreative næringa har hatt ei positiv utvikling og komme seg heilskinna gjennom pandemien. Det viser ei ny evaluering frå Kulturdirektoratet.
– Det har vore spennande og nyttig å følgja utviklinga innan kulturell og kreativ næring over tid. Det har generelt vore ein positiv trend med vekst innan omsetning, verdiskaping og arbeidsplassar i næringa, seier Marcus Zackrisson, avdelingsdirektør for avdeling for kulturanalyse i Kulturdirektoratet.
I 2017 sette i verk Solberg-regjeringa ei ny satsing på kulturell og kreativ næring. Med ein auke på 70 millionar kroner i løyving over budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet, var målet å skapa vekst, verdiskaping og arbeidsplassar i næringa. Av desse midlane vart 50 millionar kroner fordelte til kortvarige tilskotsordningar og langsiktig kompetansebygging administrert av Kulturdirektoratet, Innovasjon Noreg og Norwegian Arts Abroad (NAA). Satsinga heldt fram med 40-50 millionar kroner årleg fram til 2022.
Positiv utvikling i næringa
Kulturdirektoratet starta ei følgjeevaluering av satsinga på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet i 2018. No er rapporten frå den tredje og siste delen av evalueringa klar. Dei viktigaste konklusjonane er:
- Det har vore ei positiv utvikling i økonomien til den kulturelle og kreative næringa i evalueringsperioden 2018-2023. Det var mange som sleit under pandemien, men næringa samla sett ser ut til å ha komme seg heilskinna igjennom pandemien.
- Sysselsetjinga i kulturell og kreativ næring hadde ein høgare vekst samanlikna med sysselsetjinga i resten av økonomien. Samtidig voks omsetninga litt mindre enn i anna næringsliv.
- Talet på verksemder i næringa var relativt stabilt i perioden, sjølv om det var store rørsler i den samla verksemdsmassen. Det var mange bedrifter som vart etablerte og lagde ned i næringa, men i alle bransjane var det ein fast kjerne av verksemder som hadde overlevd meir enn fem år. Denne kjernen av verksemder utgjorde 58 prosent av talet på verksemder. Samtidig stod dei for heile 86 prosent av verdiskapinga.
- Når det gjeld sjølve satsinga, hadde verksemdene som fekk støtte (det vil seia anten fekk tilskot eller deltok i eit kompetanseprogram) fram til og med 2019, generelt ei positiv økonomisk utvikling etter støtta. For verksemder som fekk støtte etter 2019, er det førebels ikkje mogleg å seia noko om den økonomiske utviklinga etter at støtta vart gitt. Fleirtalet av verksemdene som inngår i undersøkinga, melder at dei gjennom støtta har fått auka kompetanse om forretningsutvikling, og det er sannsynleg at dette har gitt dei auka økonomisk berekraft.
Ordningane har bygd bransjar
Tilskot frå Innovasjon Noreg har til dels hatt store effektar for tilskotsmottakarane, men det er uklart kva effekt tilskota har hatt når det gjeld å byggja kompetanse for andre delar av bransjane som er ramma. Kulturrådets ordningar har i stor grad treft mellomleddet. Det vil seia lenkja mellom den utøvande aktøren og marknaden. Dei har dermed bidrege til å «byggja bransjar».
Satsinga på kulturell og kreativ næring vart kraftig svekt i revidert nasjonalbudsjett i 2023. Ordningane som Kulturrådet forvalta, vart lagde ned. Oppdraget til Innovasjon Noreg held fram, om enn i avgrensa omfang, medan oppdraga til NAA-ene blir vidareførte som tidlegare år.
Fakta om evalueringa
Kulturdirektoratet starta ei følgjeevaluering av satsinga på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet i 2018. Formålet med følgjeevalueringa har vore å kvalitetssikra satsinga, leggja til rette for god måloppnåing og auka kunnskapen om kultur som næring.
Denne rapporten utgjer den tredje og siste delen av følgjeevalueringa. Sluttevalueringa set søkjelys på bidraget satsinga har til økonomisk vekst, auka kunnskap om kultur som næring og betre koordinering av verkemiddelapparatet. Sluttrapporten konkluderer med at det har vore positiv utvikling på alle desse områda. Den peikar også på uvisse rundt den framtidige utviklinga til næringa på grunn av store kutt i satsinga i 2023.
Kulturdirektoratet har vore oppdragsgivar for evalueringa. Austlandsforsking ved Høgskolen i Innlandet har i samarbeid med Samfunnsøkonomisk analyse og konsulentselskapet WSP gjennomført evalueringa uavhengig av Kulturdirektoratet.
Nøkkelord
Kontakter
Marcus ZackrissonAvdelingsdirektør for kulturanalyse i Kulturdirektoratet
Tel:941 70 557marcus.zackrisson@kulturdirektoratet.noAbdirahman HassanKommunikasjonsrådgiver
Tel:412 82 962abdirahman.hassan@kulturdirektoratet.noBilder
Dokumenter
Om Kulturdirektoratet
Kulturdirektoratet har som formål å stimulere samtidens mangfoldige kunst- og kulturuttrykk og skal bidra til å løfte fram kulturens rolle i samfunnet.
Kulturdirektoratet gir statlige tilskudd til kunst og kultur over hele landet, driver utviklingsarbeid og er rådgiver for staten i kulturspørsmål.
Direktoratet er også sekretariat for Kulturrådet, Statens kunstnerstipend og Fond for lyd og bilde, som alle gir tilskudd på armlengdes avstand fra myndighetene.
Gjennom støtte til profesjonelle kunstnere, arrangører, utgivere og ulike kulturvirksomheter bidrar Kulturdirektoratet og de tre armlengdesorganene til at kunst og kultur skapes, dokumenteres, bevares og gjøres tilgjengelig for flest mulig. Målet er at Norge skal ha et levende og mangfoldig kunst- og kulturliv.
Vi har omtrent 150 ansatte og har kontorer i Oslo, Bodø og Trondheim.
Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet
Alle musea i Akershus hadde ein auke i besøkstala i 202317.10.2024 14:01:44 CEST | Pressemelding
No er Kulturdirektoratets statistikk for musea i Akershus klar. I år kan du sjølv samanlikne tala for fylket ditt.
– Uutnyttet potensial i det frie feltet8.10.2024 08:06:58 CEST | Pressemelding
Regjeringen foreslår viktige økninger til Kulturrådets litteraturordninger, mens de andre kunst- og kulturfeltene står på stedet hvil. – Det er urovekkende at andelen av kulturbudsjettet som skal fordeles på armlengdes avstand går ned, sier rådsleder i Kulturrådet, Sigmund Løvåsen
– Forventet mer av statsbudsjettet7.10.2024 14:49:19 CEST | Pressemelding
– Vi er skuffa over at regjeringen heller ikke i år styrker Fond for lyd og bilde nok til at kunstnere og rettighetshavere får tilstrekkelig betalt for sitt arbeid, sier styreleder Susanne Næss Nielsen.
– Nødvendig med flere stipendhjemler7.10.2024 14:45:35 CEST | Pressemelding
– Vi er glade for at regjeringen øker årsbeløpet til kunstnerne som mottar Statens kunstnerstipend. Samtidig har vi et mål om å øke tildelingsprosenten og at flere skal få stipend. Da er det nødvendig med flere nye stipendhjemler, sier utvalgsleder Trude Gomnæs Ugelstad.
Hans Ragnar Mathisen / Elle-Hánsa får Kulturrådets ærespris for 202426.9.2024 15:15:37 CEST | Pressemelding
Med over 50 års virke som billedkunstner, aktivist og kulturformidler har Hans Ragnar Mathisen hatt en enorm betydning for kunst- og kulturfeltet. – Kulturrådet er veldig glade for å kunne gi årets pris til en kunstner med et så stort og bredt virke som Hans Ragnar Mathisen, sier Sigmund Løvåsen, leder i Kulturrådet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom