Fekk pris for forsking på følelsar i NAVs digitale førstelinje
NAV-rettleiarane i undersøkinga fortel om ein risiko for at ein arbeider med ei sak framfor eit menneske, fortel forskar.
Løberg og Cathrine Egeland står bak den prisvinnanden artikkelen «You get a completely different feeling” – an empirical exploration of emotions and their functions in digital frontline work» som vant prisen “The doctoral annual award for outstanding publication in European social work research”.
– Vi undersøkjer korleis førstelinja opplever digital brukaroppfølging i NAV. Rettleiarane fortel at det digitale arbeidet gir ein «anna følelse» og me har prøvd å nøste opp i kva denne andre følelsen er, seier Løberg.
Prisen vart delt ut under European Conference for Social Work Research i Vilnius.
Følelsar i ei digital førstelinje?
I undersøkinga har forskarane intervjua NAV-rettleiarar som fortel om at dei er redde for å mista mennesket av syna når dei jobbar med saker digitalt.
– Vi argumenterer for at den digitale brukarrepresentasjonen er fragmentert. Dette inneber ein risiko for framandgjering og kan skapa ei følelse av meiningsløyse, seier Løberg.
Men forskarane meiner ikkje digitalt arbeid er følelsesløyst.
Ikkje ein kald maskin
Når brukarar kommuniserer med NAV er det lett å tenkja at ein anten snakkar med «kalde maskiner» eller «følelserike menneske» i NAV.
– Vi snakkar ofte om den digitale oppfølginga som ein motsats til den tradisjonelle oppfølginga ansikt-til-ansikt. NAV har ei hybrid oppfølgingsform som består av både «kalde» maskiner og «følelsesrike» menneske. Dette skaper ein heilt annan kompleksitet i interaksjonen, seier Løberg.
Korleis kjem emosjonar til syna i digital saksbehandling?
Rettleiarane fortel også at enkelte brukarar er meir komfortable på nett og deler meir i digitale kanalar, noko som kan skape nærleik
– Til dømes i referat er det nokon rettleiarar som refererer til emosjonelle situasjonar ordrett, medan andre utelèt dei emosjonelle situasjonane, sier ho.
Nokon NAV-tilsette vil formulerer seg rundare, som ei mellomløysing. Dei skriv at dei diskuterte ein «traumatisk hending» eller eit «helseforhold».
– Vi finn også døme på at digital kommunikasjon kan påverka det fysiske møtet mellom brukar og rettleier, seier Løberg.
Følelsar kan vera ein ressurs i det digitale arbeidet
– Vi ser også at følelsar kan brukast som ein ressurs i det digitale arbeidet. Eit døme er korleis hyppig dialog i digitale kanalar kan vere eit uttrykk for empati, seier ho.
Løberg påpeikar at fysiske møte er avgrensa i tid, men digitale møte kan trekkje ut og brukarane kan få raskt svar når dei tek kontakt.
– Rettleiarane fortel også at enkelte brukarar er meir komfortable på nett og deler meir i digitale kanalar, noko som kan skape nærleik.
Løberg meiner også at språket i dei digitale kanalane kan gi gode moglegheiter for å kommunisere følelsar.
– Ofte er det digitale språket munnleg og dermed enklare å forstå. Smilefjes og emojiar er også døme på følelsesuttrykk i den digitale dialogen, seier ho.
I denne forstand kan både språket og symboler i dei digitale kanalane litt overraskande bringe rettleiarane og brukarane nærare kvarandre og såleis minske risikoen for framandgjering.
Kort om "You get a completely different feeling"
- Artikkel skrive av Ida Løberg som del av doktorgradsavhandlinga hennar ved OsloMet, Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) og Cathrine Egeland
- Ida Løberg jobbar i dag som forskar i NAV
- Cathrine Egeland er forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI, OsloMet
Kontakter
Pål Arne KvalnesKommunikasjonsrådgiverOsloMet, kommunikasjon
Jobber med kommunikasjon for fakultet for samfunnsvitenskap, Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI), Forskningssenter for digitalisering av offentlige tjenester og sosialt medborgerskap (CEDIC), Diversity Studies Centre Oslo (DISCO) og Storbybarn ved OsloMet.
Om oss
OsloMet – storbyuniversitetet har cirka 22.000 studenter og 2.600 ansatte, og har studier i Pilestredet og på Kjeller.
OsloMet tilbyr et bredt spekter av høyere utdanning innen profesjonsrettede studier i Norge.
OsloMet er også en ledende leverandør av forskningsbasert kunnskap for velferdssamfunnet.
Følg pressemeldinger fra OsloMet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra OsloMet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra OsloMet
Hva slags foreldreskap tilbyr barnevernet foreldre som har blitt fratatt omsorg for barna sine?14.5.2024 13:08:42 CEST | Pressemelding
En ny studie undersøker samværsforeldres foreldreskap og deler den inn i tre hovedtyper, basert på lydopptak av samtaler mellom ansatte i barnevernet.
Mange får ikke dekket sine behov på sosialhjelp3.5.2024 06:00:00 CEST | Pressemelding
SIFO har utredet kunnskapsgrunnlaget for de veiledende sosialhjelpssatsene, og anbefaler å øke satsene.
SIFOs referansebudsjett er oppdatert med 2024-tall30.4.2024 08:45:33 CEST | Pressemelding
Månedlige kostnader i referansebudsjettet har økt med nesten 700 kroner for en eksempelfamilie siden februar i fjor. Årets oppdatering er lek, medier og fritid.
Flere vil bli sykepleiere – og stadig flere er menn26.4.2024 09:30:00 CEST | Pressemelding
Antall mannlige søkere øker med nesten femti prosent på sykepleierutdanningen i Oslo, viser årets søkertall for OsloMet.
Ny studie: Å jobbe i barnevernet påvirker den psykiske helsen22.4.2024 13:16:34 CEST | Pressemelding
49,5 prosent av ansatte i barnevernet opplevde emosjonelt stress på et nivå som indikerte at de kunne ha behov for profesjonell hjelp.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom