Tre av fire norske 10-12 åringar trenar kvar veke
Ein ny rapport viser at svært mange norske barn trenar og er med i idretten. Likevel meiner professor at tala kan bli lest som eit varsko til idretten om at dei ikkje klarer å fange opp gruppa som hadde trengt idretten aller mest.

Norsk idrett er kjent for at svært mange er innom i løpet av barneåra. Nå har forskarar fått bekrefta dette gjennom tal og data ved å spørre barn i aldersgruppa frå 10-12 år.
Den ferske rapporten «Barn og idretten» frå Ungdatasenteret ved OsloMet og Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett på NIH har desse hovudfunna:
- Over 100.000 barn har svart på spørsmål om trening og deltaking i idretten gjennom Ungdata junior.
- 75 prosent svarar at dei trenar ein eller fleire gonger i løpet av veka.
- 66 prosent svarar at dei driv med idrett som fast fritidsaktivitet ein gong eller fleire i løpet av veka.
- 14 prosent svarar at dei aldri trenar.
– Desse tala seier oss at idrett har ein stor betydning i veldig mange folks liv, og at idrettens posisjon er sterk i Noreg. Det er veldig mange barn i dag som er opptatt av å trene og synest det er viktig å ha eit tilbod i idrettslag eller andre treningstilbod, seier ungdomsforskar Anders Bakken ved NOVA.
Oppnår ikkje idrettsglede for alle
Likevel viser rapporten at idretten har utfordringar med å nå sitt eige mål om idrettsglede for alle. Barna som deltok i rapporten blei delt inn i fem grupper etter kva slags sosioøkonomisk bakgrunn dei kom frå.
Åse Strandbu har skrive rapporten saman med Anders Bakken.
75 prosent av dei med flest ressursar i heimen hadde idrett som fritidsaktivitet, mot 53 prosent av dei med færrast ressursar.
– Denne studien viser det me har sett tidlegare i ungdomsidretten. Det er mange barn med lågare sosioøkonomisk status som er med, men den sosiale ulikskapen er tydeleg. Det er tydeleg sosial ulikskap i idrettsdeltaking blant barn i Norge, konkluderer professor og leiar for Forskingssenteret for barne- og ungdomsidrett, Åse Strandbu.
Mest aktive i byen
Kvar er det barn er mest aktive? På bygda eller i byen? Rapporten viser klare skilnadar.
– Me finn at det er meir aktivitet til meir sentralt kommunane ligg. Altså i Oslo og dei store byane, enn på landsbygda, seier Bakken og legg til:
Anders Bakken er sosiolog og har forska på ungdom sidan starten av 1990-talet. Foto: OsloMet.
– Samtidig ser me også at det er ein del variasjon mellom dei 16 største kommunane. Kommunane som hadde lågast deltaking, låg omtrent på nivå med kommunane i bygda.
Forskarane såg også at dei barna som veks opp i dei største byane, deltek oftare i idretten når dei fyrst er med.
Unge er ikkje mindre aktive enn før
Påverkar den stadig aukande skjermtida trening og idrettsdeltakinga til dei eldste barna på barneskulen?
Sjølv om ein ikkje har liknande tal å samanlikne med for denne aldersgruppa, tyder andre studiar at aktiviteten er stabil.
– Det er interessant, for det er jo mykje snakk om stor skjermbruk i dag. Ein skulle da kanskje tru at barn og ungdom i dag er mindre fysisk aktive. Me kan ikkje bruke vår studie til å kommentere der, men me gjer også ein gjennomgang av andre studiar som går bakover i tid. Det er faktisk er veldig liten endring i fysisk aktivitet, seier Strandbu.
Idrettsbarna har høg trivsel
Gjennom svara til dei over 100.000 5,6 og 7.klassingane ser ein også klare samanhengar mellom dei som er med i idretten og trivsel i livet.
– Når vi samanliknar dei barna som er aktive i idrett, og dei som ikkje er det, så er det fleire som svarar at livskvaliteten er høg blant dei som driv med idrett. Dei fortel mellom anna at dei har fleire vener, seier Bakken.
Han trur det er fleire årsaker til dette.
– Noko av dette kan nok også skuldast at dei som kanskje ikkje har det så bra, kan ha større sjanse for å slutte med idrett. Eller kanskje dei ikkje startar med idrett i det heile tatt.
Strandbu meiner dette er viktig for idretten å ta til seg.
– Desse funna kan også vere eit varsko til idretten om at den ikkje klarer å få med dei som kanskje hadde trengt idretten spesielt. Det er ikkje slik at ein skal tolke desse tala berre i retning av at idretten er ein stor suksess når det gjeld å betre livskvaliteten, seier Strandbu.
Les heile rapporten her og høyr forskarane fortelje meir om det som ligg bak tala i NIH-podden.


Nøkkelord
Kontakter
Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgjevar/innhaldsprodusentNorges idrettshøgskole
Tel:97095329gjermunde@nih.noKaren ChristensenKommunikasjonssjef
Tel:+47 23 26 20 44Tel:+47 950 79 107karenc@nih.noLenker
Om oss
Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.
Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Frukostseminar: Kva seier forskinga om trening og ernæring for eldre?17.9.2025 07:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Korleis bør eldre over 70 år trene og ete for å bevare ei sterk helse lengst mogleg? På frukostseminaret: "Sterk helse for ein trygg alderdom", får du presentert ny forsking og praktiske anbefalingar.
Nytt NIH-senter for kvinnehelse inviterer til seminar16.9.2025 15:10:00 CEST | Presseinvitasjon
Senter for kvinnehelseforskning i idrett og fysisk aktivitet ved Norges idrettshøgskole (NIH) inviterer til dagsseminar om kvinnehelse og trygg trening. Vi hedrer også professor Kari Bø for sitt viktige arbeid innen kvinnehelse.
Frokostseminar: Trygg trening under og etter kreftbehandling16.9.2025 13:16:04 CEST | Presseinvitasjon
Forsking viser at trening og fysisk aktivitet kan gi kreftpasienter stor gevinst både under og etter kreftbehandling. Hvordan kan vi tilpasse treninga til kreftpasienter best mulig og hvordan sikrer vi at alle får tilbud om persontilpasset trening?
Warholm, Iuel og Alnes svarer på spørsmål om løpesko-utvikling17.7.2025 06:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Karsten Warholm, Amalie Iuel og Leif Olav Alnes møter verdas leiande ekspertar og forskarar på løpesko torsdag 25.juli. Dei svarer på spørsmål og fortel om sitt engasjement for utviklinga på forskingskonferanse på NIH.
Unik studie om trening etter kreftbehandling13.5.2025 10:36:36 CEST | Pressemelding
Etter fem månader med trening opplevde kvinnene som hadde hatt brystkreft for 10-15 år sidan forbetra livskvalitet, kroppsbilde, søvn, funksjon og mindre fatigue. – Funna våre viser at trening bør bli inkludert som ein del av rehabiliteringa etter kreftbehandling, seier stipendiat Sara Hassing Johansen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom