Avinor

Passasjertala vaks kraftig utanlands, men gjekk tilbake innanlands i mars

Del

5 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i mars. Dette er ein auke på 1 prosent samanlikna med mars i fjor. Det er utanlandstrafikken som aukar, med heile 12 prosent. Innlandstrafikken gjekk derimot tilbake med 5 prosent samanlikna med mars i fjor.

Øystein Løwer Avinor

-Årets tidlege påske har prega trafikktala for mars. Dette er spegla i den kraftige veksten i utanlandstrafikken og negativ utvikling i innlandstrafikken, sett opp mot fjoråret der påska var i april, fortel Gate Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Riise fortel at om ein måler passasjertala for påska isolert sett mot påska i fjor, hadde Avinor ei betring på 3,8 prosent utanlands og 1,7 prosent innanlands. Det er ei god utvikling med tanke på at påska låg i flyselskapa sine vinterprogram.

-Sommarprogramma til flyselskapa går mellom 31. mars og 26. oktober. I denne perioden har flyselskapa meir kapasitet i marknaden, og frå 31. mars startar ein brattare auke i trafikken framover mot sommarferien.

Utlandstilbodet nærmar seg 2019-nivå i sommar - om prognosen stemmer

Riise fortel vidare at flytilbodet til utlandet er venta å liggje 8 prosent høgare enn i sommarperioden i fjor. - Dette kan ta oss til 98 prosent av nivået før pandemien på tilbodssida, altså det som er av tilgjengeleg setekapasitet. Utviklinga er likevel svakare enn det vi ser Danmark, som har ein tilbodsvekst på 10 prosent mot fjoråret. Dei ser ut til å nå 102 prosent i sommar, samanlikna med sommaren før pandemien. Det er ei uro knytt til at utviklinga er svakare hos oss enn vi ser i fleire andre europeiske land. Ei slik utvikling vil være negativ for Noreg si tilgjengelegheit internasjonalt, som særleg store deler av næringslivet er avhengig av.

Passasjertal og flyrørsler i mars

2 378 516 passasjerar reiste innanlands i mars. Talet på reisande utanlands var 1 579 346. 

Det var 56 894 flyrørsler i mars. Dette er 7 prosent lågare enn i mars i fjor.

Droneflyging aukar når det blir varmare i veret

I mars vart det meldt inn 1734 flygingar med drone i Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar.  -Det er ei stor auke i talet på droneflygingar i mars samanlikna med mars i fjor, seier Mats Gjertsen, leiar for droneprogrammet til Avinor. 

- Nå som vi går inn i våren er det venta enda fleire droneflygingar. Ninox Drone syter for at Avinor kan leggje til rette for denne auka på ein sikker måte, seier Gjertsen.

 

Kontakter

PressetelefonKun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Øystein Løwer Avinor
Last ned bilde
Avinor
Last ned bilde
Øystein Løwer Avinor
Last ned bilde

Dokumenter

Om Avinor

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av elfly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye