Påskefeiring i kyrkja som planlagt
Den norske kyrkja har kontakt med politiet som melder at kyrkja sine arrangement i påska kan gå som planlagt, og at alle er oppmoda til å feire påske som normalt.
Politiet et innført nasjonal bevæpning av politiet i påskehøgtida, på bakgrunn av ei oppdatert trusselvurdering frå PST. I denne vurdeirnga framstår kyrkjer og kristne samlingsstader som aktualiserte terrormål, men PST understrekar at det ikkje ligg føre konkrete truslar. Trusselnivået i Noreg er uendra.
Den norske kyrkja på nasjonalt nivå har jamnleg kontant med Politiet og PST. Tilbakemeldinga er at kyrkja sine arrangement kan gå som planlagt, og ein er oppfordra til å feire påske som normalt.
– Påska er ei tid som samlar mange menneske til ulike arrangement i kyrkjene, seier kyrkjerådsdiretkør Ingrid Vad Nilsen.
På skjerikyrkja.no kan du velje kommune og finne programmet for kyrkja der du er.
– Vi har jamnleg kontakt med PST og er glade for at dei følgjer med på situasjonen. No har vi sendt ut informasjon til alle lokale arrangørar om at påskeprogrammet kan gå som planlagt, seier Vad Nilsen.
Politiet vil kontakte kyrkja dersom dei meiner det er grunn til at kyrkja må ta spesielle omsyn.
– Den viktigaste jobben til politiet er å trygge befolkninga. Sjølv om det ikkje ligg føre konkrete truslar, har politidirektøren etter ei samla vurdering innført midlertidig bevæpning for å sikre best mogeleg beredskap gjennom påska, seier beredskapsdirektør i Politidirektoratet, Tone Vangen. Les meir på politiet.no.
Nøkkelord
Kontakter
Jorunn Strand AskelandKommunikasjonsdirektør (konst.)
Tel:40405015ja329@kirken.noBilder
Om oss
65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane.
Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D
Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet.
Følg pressemeldinger fra Den norske kirke
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Den norske kirke
En av tre gifter seg i kirken6.5.2024 08:14:34 CEST | Pressemelding
Hvert år gifter rundt 20.000 par seg. I 2023 valgte 33,9 prosent av disse å gifte seg i Den norske kirke.
Rekordstor søkning til prestestudier2.5.2024 12:32:08 CEST | Pressemelding
Nær hundre personer har søkt studier for å bli prest. Det rekordhøye tallet er svært gledelig, og lover godt for kirkens framtid.
Desse vil bli direktør i Kyrkjerådet19.4.2024 12:30:00 CEST | Pressemelding
Det har kome inn ti søknadar til stillinga som kyrkjerådsdirektør. Kven som får stillinga vert avgjort på Kyrkjerådet sitt møte i mai.
May Bente Jønsson er ny leder av Samisk kirkeråd12.4.2024 18:30:59 CEST | Pressemelding
– Jeg vil ha samisk i alle kirker. Det er en viktig del av vår identitet og det er viktig å høre språket i hele landet, for å kjenne tilhørighet, sier den sørsamiske lederen.
Her er det nye Kirkerådet12.4.2024 15:43:12 CEST | Pressemelding
Kirkemøtet har i dag valgt hvem som skal sitte i Den norske kirkes nasjonale styre de neste fire årene. Se hvem de 17 medlemmene er her.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom