NVE gjev løyve til å bygge vannkraftverk i Sirdal
Gjosa kraftverk AS har fått konsesjon til å bygge Gjosa kraftverk i Sirdal kommune i Agder. Vannkraftverket vil produsere 7,65 GWh, som svarer til straumbruken til om lag 380 husstandar. NVE har stilt vilkår til utbygginga for å redusere dei negative konsekvensane for naturmangfaldet i området.

Gjosa kraftverk vil utnytte eit fall på 204 meter i elva Gjosa. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på om lag 7,65 GWh. I behandlinga av saka har det vore klart at ei utbygging vil påverke naturmangfaldet rundt elva. Etter NVEs vurdering er det mogleg å redusere dei negative konsekvensane gjennom avbøtande tiltak.
– Med gode avbøtande tiltak kan dei negative verknadane for naturmangfald reduserast tilstrekkeleg. Det gjer at Gjosa kraftverk vil bidra til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar, seier Carsten Stig Jensen, seksjonssjef for vannkraft i NVE.
Desse vilkåra er satt for utbygginga
NVE har stilt ei rekke krav både under byggeperioden og etter at kraftverket er satt i drift. I byggeperioden er det stilt vilkår av omsyn til verdifullt naturmangfald. Høyringspartane er positive til kraftutbygginga, gitt avbøtande vilkår knytt til desse naturverdiane. Derfor er det mellom anna satt vilkår om å avgrensa støyande arbeid på grunn av sensitive fugleartar, og krav om reirkasser for fossekall. Det er og stilt krav om at trær som vert felt i rørgatetraseen leggas igjen som død ved i den gamle furuskogen.
Utbyggingsstrekninga har allereie redusert vassføring, som følgje av eit anna kraftverk i vassdraget. Høyringspartane meinte det var viktig at det nyleg pålagte vasslippet lengre oppe i Gjosa blir brukt for å betre miljøforholda. NVE har difor stilt vilkår om slepp av minstevassføring som tek omsyn til det.
NVE meiner desse vilkåra vil redusere dei negative verknadene for naturmangfald til eit akseptabelt nivå, slik at fordelane ved prosjektet er større enn ulempene. Det er bakgrunnen for at NVE gir Gjosa Kraftverk AS løyve til å bygge Gjosa kraftverk.
Sjå sakas nettside for meir informasjon.
Nøkkelord
Kontakter
Carsten Stig Jensen, seksjonssjef
E-post: csj@nve.no
Tlf: 90 85 02 06
Ylva Bencze Rørå, sakshandsamar
E-post: ybro@nve.no
Tlf: 22 95 94 09
Bilder

Lenker
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gjev BKK løyve til ny kraftleidning i Gulen16.1.2026 12:26:55 CET | Pressemelding
Nettselskapet BKK får konsesjon til å bygge ein ny kraftleidning og transformatorstasjon i Gulen kommune i Vestland fylke. Samstundes gjev NVE løyve til SkiGa AS for å etablere eigen transformatorstasjon og nettilknyting til Skipavika Næringspark.
NVE gir tillatelse til å bygge ny transformatorstasjon i Vennesla6.1.2026 12:31:23 CET | Pressemelding
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til å bygge nye Stemmen transformatorstasjon i Støleheia, som ligger i Vennesla kommune i Agder. Stasjonen vil øke tilgangen på strøm i Agder-regionen og dekke forbruksplanene til datasentervirksomhet på Støleheia.
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom