Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE held offentleg informasjonsmøte om ny kraftleidning i Eidfjord kommune

26.11.2026 10:40:06 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del

Indre Hordaland Kraftnett AS (IHK) har søkt om konsesjon for ein ny kraftleidning mellom Sima, Klyve og Bu transformatorstasjonar i Eidfjord kommune. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt saka på høyring, og vi inviterer no til eit offentleg informasjonsmøte på Vøringfoss Hotel den 8. desember 2026.

Foto: IHK
Foto: IHK

Høve for spørsmål

I samband med høyringa av søknaden inviterer NVE alle interesserte til eit offentleg informasjonsmøte torsdag 8. desember frå klokka 19:00 til 21:00 på Vøringfoss Hotel, Ostangvegen 20. Føremålet med møtet er å informere om planane og gje informasjon om korleis ein kan sende inn fråsegn til saka. Dei frammøtte vil få høve til å stille spørsmål om prosjektet til NVE og IHK. 

Dette søkjer IHK om

Indre Hordaland Kraftnett har søkt om ein rekke tiltak for å styrke kapasiteten i regionalnettet i området. Tiltaka vil lause utfordringar med forsyningstryggleiken, og gje moglegheiter for at større forbruk og ny produksjon kan knytte seg til straumnettet. 

IHK søkjer om å byggje ein ny 132 kV (kilovolt) forbindelse mellom Sima, Klyve og Bu transformatorstasjonar i Eidfjord kommune. På dei ulike strekningane, søkjer dei om følgande ulike alternativ:  

  • jordkabel mellom Sima transformatorstasjon og Stavanesodden 
  • luftleidning eller jordkabel mellom Stavanesodden og Leirvikane  
  • luftleidning mellom Leirvikane og Hæreid 
  • jordkabel eller to ulike alternativ for luftleidning mellom Hæreid og Insta-Horni  
  • luftleidning mellom Insta-Horni og Klyve transformatorstasjon 
  • jordkabel eller luftleidning mellom Klyve og Rossanes 
  • jordkabel eller luftleidning mellom Rossanes og Erdal  
  • luftleidning mellom Erdal og Ytre Brimnes  
  • luftleidning mellom Ytre Brimnes og Indre Bu 
  • jordkabel eller to ulike alternativ av luftleidning mellom Indre Bu og Bu transformatorstasjon 

IHK søkjer samstundes om følgande: 

  • Utviding av Klyve og Bu transformatorstasjonar 
  • Riving av dagens sjøkabel mellom Sima og Kalvanes og dagens 50 kV luftleidning mellom Kalvanes, Klyve og Bu 

Send ditt fråsegn til saka  

NVE har sendt saka på offentleg høyring, og alle som har meiningar om IHKs planar, kan uttale seg innan høyringsfristen 11. januar 2027.     

Høyringsinnspel kan du sende via skjema for høyringsfråsegn som du finn på saka si nettside, via e-post til nve@nve.no eller i brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo.   

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye