Det første rådgjevande Bionova-styret er klart
Då Bionova i fjor vart etablert som ein del av Innovasjon Noreg, vart det bestemt at det skulle opprettast eit rådgjevande porteføljestyre. No er tidenes første styre for Bionova oppnemnd.

- Vi er glade for at det første porteføljestyret for Bionova no er oppnemnd. Det vil gjere Bionovas arbeid meir effektivt og hjelpe oss gjere norsk skog-, hav-, og landbruk grønare, seier Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Noreg.
Bionova er eit sentralt oppdrag for Innovasjon Noreg, og skal vere eit verktøy som bidrar til å nå Noregs klimamål for 2030 og til å bli eit lavutsleppssamfunn i 2050. Bionova skal samtidig bidra til innovasjon og verdiskaping innan bioøkonomien knytta til jordbruk-, skogbruk- og havbruksnæringane.
- Det nye porteføljestyret vil hjelpe oss å få viktige signal rundt den vidare utviklinga av Bionovas ordningar for blå og grøne næringar, seier Haugli.
Ein prioritet for regjeringa
Mat- og landbruksminister Geir Pollestad er glad for at Bionova no har fått på plass eit rådgjevande styre:
- For regjeringa er Bionova er eit prioritert verktøy for klimatiltak i jordbruket og for auka verdiskaping gjennom ein meir sirkulær bioøkonomi. Innovasjon Norge har no fått på plass eit rådgjevande styre med ein variert og spennande bakgrunn som vil styrkje Bionova sitt arbeid framover, seier han.
Han får støtte frå næringsminister Jan Christian Vestre, som ser fram til å følgje den vidare utviklinga av Bionova:
- Det er eit stort potensial for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ein marknadsbasert, berekraftig og sirkulær utnytting av fornybare biologiske ressursar. Eg er oppteken av at Bionovas verkemiddel samverkar godt med andre virkemiddel i Innovasjon Noreg og resten av det næringsretta verkemiddelapparatet. Eg ser fram til å følgje arbeidet framover, seier han.
Variert bakgrunn og kompetanse
Representantane i det nyleg oppnemnde styret har ein variert bakgrunn, og kjem frå både grøn og blå sektor. Leiaren for porteføljestyret vil vere Kristine Falkgård, som er direktør for berekraft i Fremtind Forsikring AS, og som også er representant i Innovasjon Noregs styre. Ho gler seg til å ta fatt på vervet:
- Bionæringas rolle i å vere med å gjere Noreg til eit lavutsleppssamfunn er betydeleg. I utviklinga av grøne vekstnæringar, for karbonopptak og lagring og for etablering av ein sirkulær bioøkonomi er det viktig at verkemiddelaktørane og bionæringa har eit tett samarbeid, seier Falkegård.
- Etableringa av Bionova er nettopp eit slikt verktøy for samhandling, og gjennom etableringa av eit bredt samansatt porteføljestyre som ein strategisk referansegruppe skal nye verdikjedar innan land-, skog-, og havbruk bidra til at Noreg når sine klimamål, seier Falkegård.
Dei øvrige som sit i det nye porteføljestyret er:
Namn | Organisasjon | Type |
Sigrid Hjørnegård | Norges bondelag | Representant |
Anton Langeland | Norsk Bonde- og småbrukarlag | Representant |
Hans Asbjørn K. Sørlie | Norges Skogeierforbund | Representant |
Marit Bærøe | Sjømat Norge | Representant |
Anne Marit Post-Melbye | Miljøstiftelsen Zero | Representant |
Thomas Cottis | Naturvernforbundet | Representant |
Per Stålnacke | NIBIO | Representant |
Ana Karina Caravajal | SINTEF Ocean AS | Representant |
Renate Larsen | Oceanfood AS | Representant |
Kristin Orlund | Landbruks- og matdepartementet | Observatør |
Ole Martin Steien | Nærings- og fiskeridepartementet | Observatør |
Innovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Sparebanken Møre og Innovasjon Noreg sikrar 100 millionar til vekstbedrifter i fylket17.2.2025 06:03:00 CET | Pressemelding
Innovasjon Noreg har signert ein samarbeidsavtale med Sparebanken Møre. Gjennom vekstgarantiordninga kan Sparebanken Møre låne ut til saman 100 millionar kroner til bedrifter i regionen som manglar tilstrekkeleg tryggleik.
ECOsubsea får 69 millioner i lån til skalering av unik skrogvaskteknologi14.2.2025 06:00:00 CET | Pressemelding
Innovasjon Norge gir ECOsubsea 69 millioner kroner i grønt vekstlån for å bygge tre nye skipsvaskeroboter i Singapore.
Innovasjon Norge og DNB inngår milliardavtale13.2.2025 06:00:00 CET | Pressemelding
Innovasjon Norge har signert en ny avtale med DNB under vekstgarantiordningen. Avtalen gjør at DNB kan låne ut til sammen 1,1 milliard kroner til bedrifter som mangler tilstrekkelig sikkerhet.
Økt eksport fra norsk helseindustri, men for lite risikokapital12.2.2025 12:52:14 CET | Pressemelding
En ny rapport fra MENON viser at eksporten fra norsk helseindustri er i vekst, men det er mindre produksjon i Norge, færre nye patenter og stor mangel på risikokapital.
Norsk reiseliv i solid oppsving5.2.2025 12:24:07 CET | Pressemelding
Ferske tall viser at antall overnattinger ved kommersielle overnattingssteder nådde rekordhøyder i fjor. Sammenligninger med 2019, det siste normalåret før pandemien, viser en bemerkelsesverdig vekst.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom