- No er det kysten sin tur
Riksantikvaren har sendt forslag til bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø på høyring. Strategien skal være eit verktøy for å nå nasjonale mål på kulturmiljøfeltet.
![Engøyholmen kystkultursenter](/data/images/public/17847602/18054888/70938214-bb74-4a40-b262-31789a565c56-w_720.jpg)
- Kulturminne og kulturmiljø langs kysten er blant våre viktigaste norske identitetsmarkørar, seier Linda Veiby avdelingsdirektør i samfunnsavdelinga. No er det kysten sin tur til å bli løfta fram!
Høyringsfristen er satt til den 2. mai 2024. Bevaringsstrategien for kystens kulturmiljø skal bidra til å finne gode, langsiktige løysingar for bevaring og berekraftig bruk og forvalting.
- Vi ønskjer sjølvsagt så mange innspel som mogleg, seier Veiby. - Det er fleire omsyn som skal takast i utforminga av ein slik strategi, og alt frå frivillige lag og foreiningar til privatpersonar, næring og reiseliv vil vi ha stor nytte av å høyre frå.
Historia om Noreg
Kystens historie, kulturmiljø og kulturminne var i mange år underkommunisert og lite vektlagt i kulturmiljøforvaltinga. Det var i første rekke bondens historie som var viktig i nasjonsbygginga. Dette har i stor grad endra seg, og i dag er kystkulturen ein tematikk som engasjerer breitt, blant anna gjennom frivillig innsats i dei mange kystlaga rundt omkring i landet.
Bevaringsstrategien for kystens kulturmiljø skal leie til at eit større mangfald av kulturminne og kulturmiljø langs kysten blir teken vare på, seier Veiby. Kulturarven skal takast i bruk og integrerast i samfunnsutviklinga på ein god måte. Kulturmiljø med berekraftig bruk og forvalting gjev stader auka bulyst, fleire moglegheiter for næringsutvikling og bidreg til god ressursbruk og sirkulærøkonomi.
Oppbygging av strategien
Bevaringsstrategiane skal «bidra til å strukturere, samordne og organisere innsatsen slik at dei tre nye nasjonale måla vert nådde, med særleg vekt på målet om å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø.» Dette skal mellom anna gjerast ved auka samhandling og medverknad, og ved at verkemidla vert koordinerte og sette i samanheng.
I strategien er det forslag til tre ulike deltema. Dette er prioriterte område innanfor det omfattande kulturhistoriske emnet kystens kulturmiljø. Dette er forslaga til deltema:
Deltema 1: Sjøvegen, handlar om sjøvegen, eller leia som den viktigaste historiske kommunikasjonsåra langs kysten, og omfattar blant anna kulturmiljø knytt til uthamner, handelsstader og løpsstadar for rute- og lasteskip.
Deltema 2: Naustet – der vi går i land, handlar om bygningar og konstruksjonar som vart bygde i nærleiken av gardsbruk og annan busetnad for å huse robåtar og utstyr for fiske.
Deltema 3: Ferie og friluftsliv langs kysten, handlar om bruken av kysten til ferie og fritid. Etter at ferie vart innført på 1920-30-talet var fritid noko som skulle fyllast med aktivitet. Det omfattar fritidsbygnad, fritidsbåtar, ferieheim og feriekoloniar, sjøbad, hotell og pensjonat.
I tråd med Meld. St. 16 (2019-2020) om nye mål i kulturmiljøpolitikken, skal bevaringsarbeidet utviklast vidare med fokus på engasjement, berekraft og mangfald. Bevaringsstrategiane skal strukturere innsatsen for å nå desse måla ved å koordinere verkemiddel og involvere ulike aktørar. Strategien skal leverast til Klima- og miljødepartementet innan første september 2024.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder
![Engøyholmen kystkultursenter](/data/images/public/17847602/18054888/70938214-bb74-4a40-b262-31789a565c56-w_240.jpg)
![Avdelingsdirektør - samfunnsavdelingen](/data/images/public/17847602/18054888/d3d6bff4-fcc1-4262-b286-ee89b81ac2ab-w_240.jpg)
![Fiskehjell i Henningsvær](/data/images/public/17847602/18054888/33804496-0448-4c57-8374-e9647fe5eed3-w_240.jpg)
![Fjordsteam i Bergen](/data/images/public/17847602/18054888/f8042c1f-f2ce-4041-8292-633f1315c175-w_240.jpg)
Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Oddbjørn Eide skal leie kyrkjebevaringsfondet28.6.2024 12:09:18 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren har no tilsett Oddbjørn Eide som dagleg leiar av programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet.
Solstua på Ås blir fredet27.6.2024 08:30:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren freder den vakre Solstua på Ås med hus og hage. Eierens engasjement har vært en viktig drivkraft for fredningen.
Første steg for kyrkjeløftet27.6.2024 07:30:00 CEST | Pressemelding
No er dei første tilskota lyst ut frå det nye Kyrkjebevaringsfondet. I 2024 skal vi bruke 100 millionar kroner på kyrkjebevaring, og kyrkjeeigarar kan søke no.
Freder skogfinsk magi21.6.2024 09:00:00 CEST | Pressemelding
Den skogfinske låven på Peistorpet blir i dag fredet av Riksantikvaren. Låven er et enestående skogfinsk kulturminne med en stor samling magiske symboler - en viktig del av den skogfinske naturtroen.
Testar rettleiar ved rasutsette fjellgardar17.6.2024 10:40:52 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ønskjer auka fokus på beredskap og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturmiljø. No er Sunndal kommune pilot for arbeidet med ny nasjonal rettleiar på feltet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom