Framleis for mykje bly i elektronikk
I fire av ti EE-produkt som Miljødirektoratet sjekka, vart det funne for høgt innhald av bly. Produkta var dermed ulovlege å selje.

Miljødirektoratet kontrollerte 20 elektriske- og elektroniske produkt, der blyinnhald vart funne i loddepunkt med høgare nivå enn tillaten grenseverdi. Det var også to produkt som mangla den lovpålagde CE-merkinga.
Miljødirektoratet kjøpte mellom anna inn elektroniske leikar, sparkesyklar, trådlause ladarar, fidgetspinnere og kroppspleieprodukt slik som vippekrøllere. Varene vart kjøpt inn frå store butikk-kjeder, fysiske butikkar og mindre nettbutikkar i Noreg og ein nettbutikk i Danmark. Ulovlege produkt med for høgt innhald av bly har vorte trekt frå marknaden. Dei fleste produkta var produserte i Kina.
Bly er eit helse- og miljøproblem
Bly er eit giftig tungmetall som gir akutte og kroniske helse- og miljøskadar. Hos menneske kan bly til dømes føre til skadar på hjerne-og nervesystemet.
Bly som hamnar i naturen, kan ende opp i fisk og dyr, som igjen kan hamne i matfatet til oss og føre til at menneske blir blyforgifta.
Faren for utslepp av bly vil oftast vere størst når produkta blir produserte og når dei endar som avfall. For å redusere forureininga, er det viktig å redusere den ulovlege importen og omsetninga av EE-produkt med innhald av bly. Levering av EE-produkt til avfallsbehandling er også avgjerande for å avgrense utslepp av bly i naturen.
Det europeiske regelverket har sidan 2013 forbode bruk av bly i Ee-produkt i ein konsentrasjon høgare enn 0,1 vektprosent per komponent. Bly blir ofte brukt i loddepunkt til krinskorta i slike produkt.
Importørane gjer ikkje jobben sin
Importørane må sjekke om EE-produkta dei sel er i samsvar med det europeiske regelverket, som også gjeld i Noreg, gjennom føresegner i produktforskrifta.
- Resultata frå aksjonen tyder på at importørane ikkje gjer jobben sin, og ikkje etterspør dokumentasjon som viser innhald av bly i EE-produkt. Vi håpar resultata blir ein vekkjar for bransjen, seier Mathieu Veulemans, seksjonsleiar for varetilsyn i Miljødirektoratet.
Strengare oppfølging framover
Miljødirektoratet har etter at aksjonen vart avslutta, fått høve til å gi straffegebyr til verksemder som omset produkt i strid med regelverket. Miljødirektoratet vil bruke dette verkemiddelet viss vi avdekkjer for høgt innhald av helse- og miljøskadelege stoff i produkt vi kontrollar framover.
Råd til forbrukarar
Miljødirektoratet har to tydelege råd til forbrukarar:
- Sjekk CE-merket. Ikkje kjøp EE-produkt som ikkje er CE-merket, då dei er ulovlege.
- Lever inn kasserte EE-produkt. Dette kan leverast til butikkar som sel same type produkt, eller til eit kommunalt avfallsmottak. Det er gratis å levere dei inn.
Europeisk samarbeid
Miljødirektoratet delte informasjon frå denne kontrollen med kollegaene våre i det europeiske tilsynsforumet for kontroll av EE-produkt. Her deltek også Europakommisjonen. Det er eit vedvarande problem at EE-produkt inneheld ulovlege mengder bly.
EU-landa vart samde om å gjennomføre eit europeisk tilsynsprosjekt i 2024. Resultat av dette prosjektet blir også brukt av Europakommisjonen i den løpande dialogen sin med Kina om produkttryggleik.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
27,9 millioner kroner til opprydding av marin forsøpling21.3.2025 08:40:00 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir tilskudd til 25 prosjekter som skal forebygge og redusere plastforurensning i havet.
27,9 millionar kroner til opprydding av marin forsøpling21.3.2025 08:40:00 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir tilskot til 25 prosjekt som skal førebyggje og redusere plastforureining i havet.
Fann miljøfarlege stoff i kosmetikk13.3.2025 10:34:34 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet har kontrollert kosmetikk og fann at fleire av produkta inneheldt miljøfarlege stoff. Dei var dermed ulovlege å selje.
Fant miljøfarlige stoffer i kosmetikk13.3.2025 10:19:21 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet har kontrollert kosmetikk og fant at flere av produktene inneholdt miljøfarlige stoffer. De var dermed ulovlige å selge.
Oljeforurensningen på trøndelagskysten må fjernes28.2.2025 12:11:09 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet er bekymret for miljøkonsekvensene av oljeforurensning fra Njord A-plattformen, som nå treffer sårbare områder på land i Trøndelag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom