Kan spare milliardar på nye tunnelar
7.2.2024 08:00:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Ei ekspertgruppe i Statens vegvesen meiner det er mogleg å spara om lag 5,4 milliardar kroner ved byggja tunnelar på ein einklare, men fullgod måte, på 20 riksvegstrekningar.

Ekspertgruppa har sett på tunnelane på dei 20 vegprosjekta som ligg inne på prioriteringslista til Statens vegvesen. Dette er prosjekt som kostar meir enn ein milliard kroner. Det skal byggast 166 kilometer ny tunnel på strekningane. Fleira av tunnelane får to tunnelløp, slik at det det skal byggast 233 kilometer tunnelløp.
Vegvesenet meiner det er mogleg å bygge tunnelar på ein enklare, men likevel fullgod, måte. I tillegg vil det vere innsparingspotensiale for tunnelar som skal rehabiliterast og tunnelprosjekt under ein milliard kroner. Forslaga kan vidare også komme til nytte for fylkeskommunane og Nye Veier AS.
Fleire av tiltaka vil også gjera det enklare å drifta og vedlikehalde tunnelane. Det er viktig. Vegvesenet bruker i dag 700 millioner kroner på drift og vedlikehald av tunnelar i Noreg.
38 tiltak
Arbeidsgruppa med erfarne tunnelfolk frå heile landet har vurdert 38 ulike tiltak.
Dette er nokre av tiltaka med størst økonomisk effekt:
• Redusera tjukkelse på betongelement.
• Smalare vegskulder for tunnelar med moderat trafikk
• Opne for bruk av sprøytebetong over PE-skum/membran på tunnelar med relativt høg
trafikk
• Vurdere nye løysingar for brannsløkking
Mindre betong og stål
Tunnelgruppa har også vurdert korleis moderniseringa av norsk tunnelbygging vil slå ut på klimarekneskapen. Det er særleg eit tiltak som kuttar utsleppa av CO2 kraftig: Ved å redusera tjukna på betongelementa frå 15 til 12 centimeter er det mogleg å bruka eit armeringsnett i staden for to. Det gir meir betong mellom armeringsjernet og bergveggen på den eine sida og mot trafikken på den andre. Mindre betong og armeringsjern gir også mindre transport
- Slik får me ein meir enn sterk nok betongvegg. Viss me også bruker rustfritt stål , aukar me levetida på tunnelveggene frå 50 til 100 år. Slik kan me bruka mindre pengar, samtidig som me kuttar CO2 utsleppa med 65.000 tonn CO2, seier prosjektleiar Marius Slinde.
Han meiner regelverk og praksis gjer norske tunnelar unødvendig dyre.
- Du kan byggja mange kilometer med ny veg for 5,4 milliardar kroner, seier Slinde.
Fem av tiltaka kan gjennomførast utan å endra regelverket for bygging av tunnelar. Sju av tiltaka vil krevja regelendringar.
Skal vere trygt
- Vil ikkje enklare tunnelar gå utover tryggleiken?
- Nei, det skal vera trygt å køyra i norske tunnelar. Det gjeld trafikktryggleik, branntryggleik og sikring mot nedfall av stein. Samtidig må me unngå løysingar som gjev marginale gevinstar, slik at det vert rom for å realisere andre prosjekt raskare, seier Slinde.
Vil kutta rente
Forslaget om å redusere rentekompensasjonen entreprenørar får viss dei vinn fram i retten med eit krav, er tiltaket som monnar mest økonomisk. Forseinkingsrenta ligg på 8 prosent pluss styringsrenta til Noregs bank. Andre offentlege byggherrar som Bane Nor og Nye vegar kan gjera avtalar med entreprenør om lågare forseinkingsrente.
- Lågare renteutgifter ein ting. Mindre renteavkasting kan kanskje også motivere til å bli samde før saka endar i retten, seier Slinde.
Viktig jobb
Direktør for Utbygging i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, meiner ekspertgruppa i vegvesenet har gjort ein viktig jobb for å få meir tunnel for penga.
-Me må byggje mange mil med tunnel i framtida for å gjere vegnettet tryggare i Noreg, og sikra betra framkomme på riks- og fylkesvegane. Då er det viktig at me ikkje byggjer tunnelane meir kompliserte enn nødvendig, seier Davik.
Dette er tunnelane ekspertgruppa i Vegvesenet har vurdert:
|
Prosjekt |
|
|
|
E134 Oslofjordforbindelsen, byggetrinn 2 |
9,4 km |
|
|
Rv. 4 Grua - Roa |
1,2 km |
|
|
E134 Røldal - Seljestad |
12,7 km |
|
|
E6 Megården-Mørsvikbotn |
23,5 km |
|
|
E16 Hylland - Slæn |
6,3 km |
|
|
E39 Vik - Molde |
24,3 km |
|
|
E16 Arna – Stanghelle og Vossebanen |
8,8 km |
|
|
19,0 km |
||
|
E45 Kløfta |
4,2 km |
|
|
Rv. 7 Ørgenvika - Kittilsvik |
1,3 km |
|
|
E6 Ulvsvågskaret |
3,7 km |
|
|
E39 Ådland - Svegatjørn (Hordfast) |
19 km |
|
|
E134 Dagslett - E18, Viker |
4,4 km |
|
|
E39 Storehaugen - Førde |
7,5 km |
|
|
E39 Bjerkeset - Astad |
1,4 km |
|
|
E39 Klakegg - Byrkjelo |
4,0 km |
|
|
E39 Ringvei øst, Vågsbotn - Klauvaneset |
5,3 km |
|
|
E10 Nappstraumen - Å |
1,7 km |
|
|
E39 Volda - Furene |
3,5 km |
|
|
E18 Retvet - Vinterbro |
2,4 km |
|
|
E8 Flyplasstunnelen Tromsø inkl. F2-lenka |
2,5 km |
|
Kontakter
Marius SlindeStatens vegvesen, Utbygging
Tel:57655877Tel:90986891marius.slinde@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Arctic Race: Her blir det stengte veier 13.-16. august10.8.2026 07:55:00 CEST | Pressemelding
I perioden 13.-16. august blir en rekke veistrekninger i Ofoten og Vesterålen berørt av sykkelrittet Arctic Race.
Vegvesenet asfalterer ramper på Lillehammer7.8.2026 12:37:02 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal asfaltere flere av- og påkjøringsramper ved E6 på Lillehammer de neste to ukene. Arbeidene skjer om natta for å redusere ulempene for trafikantene.
Blir forseinka oppstart for E16 Lærdalstunnelen7.8.2026 08:52:41 CEST | Pressemelding
Oppgraderinga av E16 Lærdalstunnelen blir forseinka grunna klage frå ein av entreprenørane. Saka skal avgjerast i retten mot slutten av månaden.
Langvarig arbeid i Umskardtunnelen starter mandag7.8.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Tunnelen vil være periodevis stengt fram til advent.
Asfaltarbeid på Hålogalandsbrua de neste ukene7.8.2026 07:55:00 CEST | Pressemelding
Det blir begrensninger for trafikken over Hålogalandsbrua på E6 i Narvik fra mandag 10. August og i fire uker fremover.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom