UiT Norges arktiske universitet

No har Oran Young fått Mohnprisen

Del

– Ein «outstanding» pris til eit «outstanding» menneske, sa statsminister Støre då han gav Den internasjonale Mohnprisen for fremragende forskning relatert til Arktis til professor Oran Young.

Prisvinnar Oran Young omkransa av statsminister Jonas Gahr Støre og rektor Dag Rune Olsen.
Prisvinnar Oran Young omkransa av statsminister Jonas Gahr Støre og rektor Dag Rune Olsen. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT

Statsministeren understreka at det var ei personleg glede og ære å gje Mohnprisen 2024 til Young, og at Young har hatt ei unik forståing av Arktis sidan slutten på den kalde krigen. Young sine analysar og arbeid har flytta forsking og utvikling framover, og skapt viktige arenaar for menneska i nord.

– Eg har sjølv sett korleis forsking, politikk og menneske kjem saman i Arktis på ei måte som er unik i verda. Det kan vi i stor grad takke deg for, professor Young, sa Støre.

Det handlar om folk

Utdelinga innleia dag tre på Arctic Frontiers, ein konferanse som nettopp prøver å samle forsking, politikk, styresmakter og menneske. UiT-rektor Dag Rune Olsen tala på vegner av styringskomiteen til Mohnprisen, og framheva Young sitt arbeid for å bygge ein ny visjon for samarbeid i Arktis.

– Å samle forsking og politikk mot eit felles mål er akkurat det Mohnprisen er meint å anerkjenne, sa Olsen.

null
Statsminister Jonas Gahr Støre held si tale. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT

– Vi treng nye narrativ

Professor Oran Young kalla Mohnprisen for eit høgdepunkt i sin 50 år lang karriere, og fortalde om korleis han i grunn berre vil forstå korleis verda fungerer.

– Eg vil forstå kvifor nokre system feilar og nokre system vert suksessar. Og eg trur det handlar om at teoretikarane og praktikarane må ha eit felles narrativ om ein skal lykkast, sa han.

Young trur at felles narrativ om fred og samarbeid i Arktis etter den kalde krigen er årsaka til at Arktis no er relativ fri for konfliktar. Men no er vi på eit kritisk punkt kor vi treng nye mål, meiner han:

– Vi treng nye narrativ som famnar både lokale, regionale, nasjonale og internasjonale perspektiv. Og som gjev alle reelle moglegheiter og stemmer, basert på gjensidig respekt, sa Young.

Vil ikkje stenge døra

Både Young og Støre peika på at ein ikkje har alle aktørane rundt det arktiske bordet for tida, men at ein ikkje kan stengje døra heilt, i tilfelle dei kjem tilbake.

– Og då har vi Arktisk råd som ein arena, ein arena du var særs viktig for å skape, professor Young, sa statsministeren.

Prisvinnar Young sa han på inga måte legg frå seg sitt ønskje om å forstå:

– Som statsministeren sa, så handlar dette om folk og samtalane dei har. Og eg håper å få vere med i diskusjonane i enno ein stund, avslutta Young.

Prisvinnar Oran Young vert heidra med seminaret «Still the Age of the Arctic?” på UiT torsdag 1. februar. Seminaret vert strøymd på https://uit.no/mohnprisen

Les meir om Mohnprisen her: https://uit.no/mohnprisen/ommohnprisen

null
Prisvinnar Oran Young saman med Trond Mohn. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT

Kontakter

Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye