Nye styre i helseføretaka i Helse Vest
Helseføretaka på Vestlandet har fått nye styre, som vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, 30. januar 2024. Her er oversikta.

– Eg vil rette ei stor takk til styremedlemmene som no går av. Dei har gjort ein solid og viktig innsats. No ser eg fram til samarbeidet med dei nye styra for sjukehusa på Vestandet og Sjukehusapoteket Vest. Dette er styre som har god samfunnsforståing og brei kompetanse. Saman skal vi jobbe for at helsetenestene våre er trygge og gode, samstundes som dei må vere berekraftige og framtidsretta, seier Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF.
Styra i helseføretaka er øvste ansvarlege organ i føretaka. Dei skal leggje til rette for at helseføretaka gir gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga. Dei årlege oppdragsdokumenta og styringsdokumenta dannar grunnlaget for styra.
- Styra i Helse Stavanger HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har 11 medlemmer kvar. Sju er eigaroppnemnde, medan fire er valde av og blant dei tilsette.
- Styret i Sjukehusapoteka Vest HF har ni medlemmer, der seks er eigaroppnemnde og tre medlemmer er valde av og blant dei tilsette.
- Styremedlemmene er oppnemnd for ei periode på to år.
- Sjå oversiktene over heile styret til helseføretaka på nettsidene til helseføretaka.
Under er oversikta over dei eigaroppnemnde styremedlemmene i styra i Helse Vest. Oppnemninga tek til å gjelde frå 5. februar 2024:
Helse Førde HF
Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen
Nestleiar Marit Hermansen (styremedlem også tidlegare, ny som nestleiar)
Styremedlem Aud Ingrid Espeland
Styremedlem Arne Johannessen (ny)
Styremedlem Thomas Vingen Vedeld
Styremedlem Silje Skaar Sunde (ny)
Styremedlem Erik M. Hansen (ny)
Helse Bergen HF
Styreleiar Terje Breivik
Nestleiar Per Morten Sandset (styremedlem også tidlegare, ny som nestleiar)
Styremedlem Rolf Martin Tande
Styremedlem Ishita Barua (ny)
Styremedlem Trude Husevåg (ny)
Styremedlem Marit Bakke (ny)
Styremedlem Ivar Eriksen (ny)
Helse Fonna HF
Styreleiar Petter Steen jr.
Nestleiar Anne Sissel Faugstad (styremedlem også tidlegare, ny som nestleiar) Styremedlem Kjersti Follesø
Styremedlem Ingvill Skogseth
Styremedlem Helga Arianson
Styremedlem Jo Eikeland Roald (ny)
Styremedlem Per Karlsen
Helse Stavanger HF
Styreleiar Bjørn Erikstein
Nestleiar Christine Sagen Helgø
Styremedlem Nina Langeland
Styremedlem Knut Vassbø
Styremedlem Marit Lieng (ny)
Styremedlem Ola Kvaløy (ny)
Styremedlem Hilde Christiansen (ny)
Sjukehusapoteka Vest HF
Styreleiar Helge Torgersen
Nestleiar Arve Varden
Styremedlem Anders Hovland
Styremedlem Helle Schøyen
Styremedlem Clara Beate Gram Gjesdal
Styremedlem Ina Nikoline Wille
Nøkkelord
Kontakter
Mirjam KlingenbergSenior kommunikasjonsrådgiver
Tel:95876839klimir@helse-vest.noFølg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Nytt rammeverk for pasientsikkerheit14.3.2025 14:06:39 CET | Pressemelding
No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.
Helse Vest intensiverer innsatsen for å redusere ventetidene5.3.2025 15:36:26 CET | Pressemelding
Trass ei positiv utvikling og godt arbeid med å redusere ventetider i sjukehusa, er det framleis for mange pasientar som ventar for lenge på helsehjelp. No blir det sett i verk ekstraordinære tiltak for å nå måla i Ventetidsløftet.
Nye avtalar med private aktørar for å redusere ventetidene4.3.2025 10:43:43 CET | Pressemelding
Helse Vest RHF har avtalar med fleire private aktørar for å redusere ventetidene. Det er planar om å kjøpe fleire tenester i tida framover. I denne saka finn du ei oversikt over inngåtte avtalar og informasjon om planlagde anskaffingar.
Styrka samarbeid bidrar til kortare ventetider26.2.2025 09:39:11 CET | Pressemelding
Helse Vest har styrkt samarbeidet med avtalespesialistar innan øyre, nase, hals og auge for å redusere ventetidene. No blir dette arbeidet utvida til fleire fagområde.
Auka bruk av digitale helsetenester bidrar til å ta ned ventetidene19.2.2025 08:48:56 CET | Pressemelding
Eit tiltak for å få ned ventetidene er å auka bruken av digitale heilsetenestar. Det ser ut til å gje gode resultat.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom