Innovasjon Noreg støtter Norwegian Hydrogens byggeprosjekt på Hellesylt

Del

Innovasjon Noreg gir Norwegian Hydrogen 35 millionar kroner i grønt vekstlån.

Hellesylt Hydrogen Hub i Hellesylt.
Hellesylt Hydrogen Hub i Hellesylt. Norwegian Hydrogen AS

- Noreg og verda står framfor ei enorm omstilling dei neste åra, og vi er heilt avhengige av at næringslivet leier an. Difor treng vi at selskap som Norwegian Hydrogen lukkast i å finne nye, berekraftige løysingar, seier Helge Gjerde, regiondirektør for Møre og Romsdal i Innovasjon Noreg.

Norwegian Hydrogen vart etablert i Ålesund i 2020 av ei rekkje investorar med ein ambisjon om å skape ny industri innan nullutslippsløysingar. Selskapet bidrar til grøn omstilling gjennom utvikling og drifting av infrastruktur for grøn hydrogen, hovudsakeleg retta mot tungtransport, maritime kundesegment og industrielle applikasjonar.  

Prosjektet som no får stønad frå Innovasjon Noreg er bygginga av selskapets første produksjonsfasilitet for hydrogen, som skal lokaliserast på Hellesylt i Møre og Romsdal.  

- Vi er straks klare

- Vi er straks klare for å gå i gang på Hellesylt, og det vert eit flott anlegg som bidreg til nullutslepp innan ei rekkje sektorar allereie i år. Det grøne vekstlånet styrker evna vår til å satse på andre prosjekter og vidare vekst. Vi har store ambisjonar som det tar tid å byggje opp. Det er svært gledeleg at Innovasjon Noreg har vald å støytte oss vidare i denne prosessen, akkurat slik dei gjorde med Pilot-E-stønaden som bidrog til at Hellesylt Hydrogen Hub har blitt etablert, seier Jens Berge, administrerande direktør i Norwegian Hydrogen.

Fabrikken vil ha  ein produksjonskapasitet på 3 MW, og det planleggast for produksjonsstart i midten av 2024. Fabrikken vert det viktige, første pilotanlegget som vil vere med på å danne eit grunnlag for realisering av selskapets vekstambisjonar. Hydrogenanlegget på Hellesylt vil vere eit viktig utstillingsvindauge for å fortsette vidare vekst i selskapet.

Grønt vekstlån

Innovasjon Noreg har innvilga 35 millionar kroner i grønt vekstlån til Norwegian Hydrogen. Denne ordninga kan finansiere blant anna store prosjekt i form av kapitalintensive industrietableringar, og kan gis bedrifter som investerer i sirkulære produksjonsprosessar. Investeringar gjennom ordninga skal bidra mot 55-prosentsmålet for klimagassreduksjon innan 2030, og til investeringar som bidrar til grøn omstilling.  

- Vi håpar at Norwegian Hydrogen lukkast, og forhåpentleg aukar sjansane deira når vi i Innovasjon Noreg kan bidra til å ta ned risikoen for investorane, seier Helge Gjerde. 

Pressekontakt for Norwegian Hydrogen: Marielle Furnes Mannseth, 934 02 140

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Innovasjon Norge støtter Beyonder med 75 millioner til batteriprosjekt14.3.2024 10:00:00 CET | Pressemelding

Beyonder i Rogaland mottar 75 millioner kroner i tilskudd til batteriprosjekt fra Innovasjon Norge. - Beyonder er et strålende eksempel på at Rogalandsgründere virkelig satser på verdiskaping og eksport i nye grønne verdikjeder, og styrker det som allerede er et svært interessant økosystem knyttet til energistyring, lading og elektrifisering i fylket vårt, sier Kari Holmefjord Vervik, regiondirektør i Innovasjon Norge.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye