Mikroplast frå bildekk forureinar Oslofjorden

Del

Nye resultat viser at det er like mykje mikroplast frå bildekk på havbotnen i Oslofjorden som i jordprøver ved høgtrafikkerte vegar. 

Oslo rådhus og Akershus festning, sett fra sjøen
Overvakingsprogram viser høge nivå av mikroplast på havbotnen i Oslofjorden. Bård Bredesen

– Mikroplast i naturen er eit stort problem. Regjeringa har teke grep for å redusere spreiinga av mikroplast, ikkje minst frå kunstgrasbanar kor særleg bildekk blir brukt som fyllmateriale. Noreg jobbar også for å få plass ein internasjonal avtale mot plastforureining i løpet av året. Her bør reglar for meir berekraftige produkt og reduksjon av mikroplast vere ein viktig del av avtalen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Tidlegare undersøkingar har påvist at mikroplast finst overalt i miljøet – i elvar, kystvatn, innsjøar, luft og nedbør. Resultata frå den nye miljøovervakinga stemmer overeins med tidlegare antakingar om at bildekk er ei stor kjelde.

– Det er urovekkjande at vi finn svært mykje mikroplast frå bildekk i miljøet. Desse ørsmå partiklane kan innehalde skadelege stoff og dei blir verande lenge i miljøet utan å bli brotne ned. Vi må gjere meir både i Noreg og internasjonalt for å hindre at mikroplast frå bildekk skader naturen, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Bildekkslitasje og avrenning største kjelder

På oppdrag frå Miljødirektoratet overvaker forskarar frå Norsk institutt for vassforsking (Niva) mikroplast i vatn og luft i det nasjonale programmet Mikronor. No har dei målt mikroplasten som kjem frå slitasje av bildekk for første gong.

Rapporten viser høge nivå av mikroplast på havbotnen i Oslofjorden, men også nær veg i sediment frå Mjøsa.

Dei nye resultata viser dessutan svært høge nivå av bildekkpartiklar i overvatn frå Oslo og Hamar. Dette stadfestar dermed at avrenning frå tette flater i byar er ei stor kjelde til mikroplast frå vegtrafikk.

Miljøskadelege stoff i bildekk skader Oslofjorden

Miljødirektoratet har nyleg påvist at skadelege stoff frå bildekk, som 6PPD-kinon og andre bildekkstoff, blir spreidde frå veg, kunstgrasbanar og gjenbruksanlegg for dekk. Dette er same stoff som tidlegare har vist seg å vere dødeleg for ein art av stillehavslaks i utsette elvar i USA.

Partiklar frå bildekk er no også funne i blåskjel frå Oslofjorden. Dette viser at mikroplasten blir teken inn av dyr i miljøet, og dermed påverkar miljøet negativt.

– Oslofjorden er allereie under høgt press frå andre menneskeskapte belastningar. Vi er bekymra for at mikroplast bidreg til å gjere miljøforholda endå dårlegare, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Vegvesenet prøver ut fleire tiltak

Den bekymringa blir delt av Statens vegvesen.

– Vi er kjende med problematikken rundt slitasje av mikroplast frå bildekk og tilsetjingsstoff som følgjer med. Vi jobbar systematisk med å få meir kunnskap om miljøeffektane av desse partiklane og stoffa, seier seksjonsleiar Anne Ogner i Statens vegvesen.

Vegvesenet har fleire prosjekt på gang knytta til reinsetiltak for overvatn frå veg og for tunnelvaskevatn, og forskar på kva løysingar som er mest effektive. Førebelse resultat i reinsebassenget i Vålerengatunnelen viser at ein større del bildekkpartiklar blir haldne tilbake, samanlikna med tidlegare tunnelstudiar, fortel Anne Ogner.

– Det er framleis stort behov for å finne ut meir om kjelder, tilsetjingsstoff, utlekingspotensial, kor mykje mikroplast som finst langs vegane våre og kor mykje som hamnar i elvar og innsjøar.

Mikroplast frå kunstgrasbanar forureinar òg

Sjølv om avrenning frå biltrafikk truleg er den største kjelda til utsleppa, blir det også spreidd mikroplast frå bildekk frå andre bruksområde. Gamle oppkverna bildekk , såkalla gummigranulat, blir brukte som underlag på fotballbanar og er dermed også ei kjelde. Her er det likevel endring på gang. Eit forbod mot tilsett mikroplast i produkt, inkludert bruk av gummigranulat på kunstgrasbanar, vart nyleg vedteke i EU. Forbodet vil gjelde i Noreg frå 2031. Noreg har også eit eige regelverk med krav om å hindre spreiing frå banar med kunstgras.

– Det er stor merksemd nasjonalt og internasjonalt for å redusere bruk og utslepp av mikroplast. Dei nye resultata er viktige for Noregs vidare arbeid mot plastforureining internasjonalt, og prioriteringa vår av tiltak nasjonalt for å forhindre desse utsleppa, seier Ellen Hambro.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Bilder

Snø med mikroplast
Mikroplast blir også spreidd frå gummigranulat på kunstgrasbanar
Last ned bilde
Båt med overvakingsutstyr, under ei bru
Det er også funne store mengdar mikroplast nær veg i sediment frå Mjøsa
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye