Samferdselsministeren klippet snor for Valdresmodellen, og lovet ferdigbygging av strekninga på E16
15.1.2024 14:05:47 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
– I dag markerer vi utbetringar på E16 her i Valdres. Ein veg som er vorte god-som-ny, og på same måte som at fleire kjøper brukt på Finn.no eller syr og lappar kleda sine, er kanskje ivaretaking av det vi allereie har eit teikn i tida. Måten ein har jobba med denne strekninga vil vise veg for framtidig utbetring av vegstrekningar. Og allereie til våren vil Statens vegvesen lyse ut kontrakt for å utbetre den delen av vegen på E16 som står attende, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i sin tale under markeringa.

Måndag 15. januar klipte samferdselsminister Nygård snora for ferdigstilling av utbetringsprosjektet på E16 mellom Fagernes og Øylo i Valdres. Prosjektet var ein del av Handlingsprogrammet for riksvegar 2018-2023, der det vart satt av 500 millionar kroner til utbetring for å auke trafikksikkerheita og framkomme på vegen.
Prosjektet har utbetra 42 kilometer veg mellom Fagernes og Øylo, men det er særleg 25 kilometer mellom Hande og Øylo som har fått dei mest omfattande utbetringane. På den resterande strekninga var det punktutbetringar på spesielt ulukkesutsette stadar som var utbetra.
Valdresmodellen
– Dette har vore eit viktig utbetringsstrekning, og måten Statens vegvesen har jobba her, også kjend som Valdresmodellen, vil vise veg for korleis vi kan jobbe med utbetring, drift og vedlikehald på riksvegar over heile landet. Dette er viktig i ei tid der regjeringa ønsker å ta vare på dei vegane vi har, seier Nygård om prosjektet.
Valdresmodellen har vore eit utbetringsprosjekt der Vegvesenet har jobba for å få mest mogleg veg for pengane. Det er særleg fire grep som skal sikre dette:
- Tidleg involvering av entreprenørar for å kombinere ekspertise frå Vegvesenet med kunnskap og praktisk erfaring frå entreprenør.
- Maksimal utnytting og gjenbruk av eksistareande veg gjennom forsterking av vegen.
- Prioritere dei tiltaka som gir auka trafikksikkerheit og betre framkomme over lengre strekningar.
- Bygging innanfor «tilfredsstillande standard», som vil sei at ein vurderer tiltak ut frå vegens funksjon og trafikkmengda.
Vidare framdrift
E16 er no oppgradert på strekninga Hande - Øylo, men siste del av strekninga står att. Men Nygård kunne komme med ei gladnyheit i talen sin:
–Det er satt av midlar til oppstart på den parsellen av vegen her på E16 som står attende. Det betyr at vi får betre veg mellom Hausåker og Lomen, og at det vert lyst ut kontrakt allereie til våren.
Lenker
Om oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa16.10.2026 13:00:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom